Forskrift om tilskot til regionale miljøtiltak, Hordaland

DatoFOR-2016-06-09-647
PublisertII 2016 hefte 2
Ikrafttredelse12.06.2016
Sist endret
EndrerFOR-2015-07-01-789
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§18, FOR-2004-12-14-1615
Kunngjort16.06.2016   kl. 12.20
KorttittelForskrift om tilskot til miljøtiltak, Hordaland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 9. juni 2016 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og delegeringsvedtak 14. desember 2004 nr. 1615.

Kapittel 1. Innleiande føresegnar

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å bidra til at kulturlandskapet i Hordaland vert halde i hevd og at jordbruket vert drive på ein miljømessig forsvarleg måte.

§ 2.Føresegna gjeld

Forskrifta gjeld for tilskot til miljøtiltak i Hordaland fylke.

§ 3.Grunnvilkår

Det kan berre gjevast tilskot til miljøtiltak etter denne forskrifta til:

Føretak som har rett til produksjonstilskot, jf. forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskot mv. i jordbruket, og til beitelag som er godkjent av kommunen og som er registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret.

For alle føretak som har jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskot, er det eit vilkår at føretaket oppfyller krava til gjødslingsplan i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging § 3.

Ved bruk av plantevernmiddel er det eit vilkår at føretaket oppfyller krava til føring av plantevernregister i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidlar.

Kapittel 2. Tilskot til ulike føremål

§ 4.Miljøtilskot til veglause områder

Tilskotet gjeld drift av veglause kyst- og fjordgardar som har meir enn 5 daa fulldyrka og overflatedyrka jord og som er utan veg, bru eller bilferje. Tilskotet blir utmålt pr. dekar og har ei øvre maksimal grense.

§ 5.Miljøtilskot til areal med spesielle verdiar

Det kan løyvast tilskot til skjøtsel av fulldyrka og overflatedyrka areal som vert brukt til fruktproduksjon, som er brattare enn 1:5 og som har rett til tilskot for bratt areal, jf. § 7.

Det vert gitt tilskot til maksimalt 50 daa. Tilskotet blir utmålt pr. dekar.

§ 6.Miljøtilskot til lokalt verdifulle jordbrukslandskap - «landskapsparkar»

Det kan løyvast tilskot til føretak som er medlem i ein landskapspark. Tilskotet gjeld dyr på innmarksbeite i landskapsparken i minst 8 veker i løpet av vekstsesongen. Føretaket må disponere beitearealet. Landskapsparken må ha ein skjøtselsplan som dekker beiteområdet.

Tilskotet har ei øvre maksimal grense.

§ 7.Miljøtilskot til skjøtsel av bratt areal

Tilskot kan løyvast til skjøtsel av fulldyrka og overflatedyrka areal brattare enn 1:5 og brattare enn 1:3. Tilskotet gjeld føretak der minst 30 % av det disponerte fulldyrka og overflatedyrka arealet er brattare enn 1:5. Det kan maksimalt løyvast tilskot etter § 5 og § 7 til 50 daa bratt areal pr. føretak. Det er felles toppavgrensing for tilskota etter § 5 og § 7.

§ 8.Miljøtilskot til beite i fjellet gjennom organisert beitelag

Tilskotet gjeld føretak som har beitedyr i organisert beitelag som har driftssenter i Hordaland. Tilskotet gjeld berre for dei dyra som går på fjellbeite og i beitelaget sitt beiteområde. Tilskot vert gjeve pr. dyr.

§ 9.Miljøtilskot til drift av beitelag

Tilskot kan løyvast til organiserte beitelag som er godkjente av kommunen. Tilskotet er støtte til organisert tilsyn og organisert sanking ved fellesbeiting av utmarksareal og innmarksbeite.

Tilskot til drift av beitelag gjeld sau, geit og storfe som beiter i utmark og på innmarksbeite i minst 8 veker. Kyr og geiter i laktasjon er ikkje omfatta av denne ordninga.

Når beitelag har beiteområde i fleire kommunar, skal søknad gå til den kommunen der største delen av beiteområdet ligg. Tilskot vert gjeve etter fast sats pr. dyr som er heimsanka. 

Godkjenning og krav til beitelag

Frist for søknad om godkjenning av nye beitelag er 1. mai i beiteåret. Søknad om godkjenning av nye beitelag skal sendast til beitekommunen.

Beitelag for utmarksbeite skal ha minst 3 medlemmar og 150 småfeeiningar.

Beitelag for innmarksbeite skal har minst 2 medlemmar og 100 småfeeiningar.

1 småfeeining = 0,1 storfe = 1 sau = 1 lam = 1 geit = 1 kje.

Fylkesmannen fastset retningsliner for godkjenning og drift av beitelag.

§ 10.Miljøtilskot til skjøtsel av slåttemark

Tilskot kan løyvast til skjøtsel av artsrike enger registrert i Naturbase (www.naturbase.no) www.naturbase.no. som har vore i langvarig hevd gjennom regelmessig slått og utan nemnande gjødsling eller jordarbeiding. Areala skal skjøttast i samsvar med retningsliner fastsett av Fylkesmannen. Nye areal kan godkjennast av Fylkesmannen i forkant av søknadsomgangen, men må fylle kriteria for registrering i Naturbase. Tilskot blir gitt pr. daa og har ei øvre maksimal grense.

§ 11.Miljøtilskot til skjøtsel av kystlynghei

Tilskotet kan løyvast til tradisjonell skjøtsel av kystlyngheiene i samsvar med retningsliner fastsett av Fylkesmannen. Det omsøkte arealet må vere kartfesta på kart over kystlyngheiområda i Hordaland. Tilskot blir gitt pr. daa og har ei øvre maksimal grense.

§ 12.Miljøtilskot til skjøtsel av styvingstre

Tilskotet kan løyvast til styvingstre som vert halde ved like i tråd med retningsliner fastsett av Fylkesmannen. Tilskotet blir utmålt pr. tre og har ei øvre maksimal grense

§ 13.Miljøtilskot til beite av biologisk verdifulle areal

Tilskotet kan løyvast til skjøtsel av artsrik beitemark som har vore i langvarig hevd utan nemnande gjødsling eller jordarbeiding. Areala skal vere registrerte i Naturbase som «naturbeitemark», «hagemark» eller «strandeng». Nye areal kan godkjennast av Fylkesmannen i forkant av søknadsomgangen, men må fylle kriteria for registrering i Naturbase. Areala skal skjøttast i samsvar med retningsliner fastsett av Fylkesmannen. Tilskotet blir utmålt pr. daa, og har ei øvre maksimal grense.

§ 14.Miljøtilskot til støling

Det kan løyvast tilskot til skjøtsel og forvaltning av stølsmiljø og stølslandskap. Føretaket må ha hovuddelen av mjølkeproduksjon med ku eller geit på stølen i minst 4 veker i sommarhalvåret, og produksjonen skal skje innafor kvote. Tilskotet vert gjeve til enkel- eller fellesstølar.

For å ha rett på tilskot til foredling, må det innan 15. oktober i søknadsåret, leverast dokumentasjon til kommunen over omsetning på stølen.

§ 15.Miljøtilskot til skjøtsel av gravminne

Det kan løyvast miljøtilskot til skjøtsel av gravminne ved beiting eller slått. Gravminnet skal vere eit enkeltståande kulturminne som er automatisk freda etter lov om kulturminner. Gravminnet skal ligge på- eller i nær tilknyting til jordbruksareal.

Arbeidet skal skje i samsvar med Riksantikvarens retningsliner for slik vegetasjonsskjøtsel.

Tilskotet vert løyvd til enkeltminne og har ei øvre maksimal grense.

§ 16.Miljøtilskot til skjøtsel av gravfelt

Det kan løyvast miljøtilskot til skjøtsel av gravfelt ved beiting eller slått. Gravfeltet skal vere automatisk freda etter lov om kulturminner og liggje på eller i nær tilknyting til jordbruksareal. Skjøtselen skal skje i samsvar med Riksantikvarens retningsliner for slik vegetasjonsskjøtsel. Tilskotet vert løyvd pr. daa, og har ei øvre maksimal grense.

§ 17.Miljøtilskot til skjøtsel av andre automatisk freda kulturminne

Det kan løyvast miljøtilskot til skjøtsel av andre automatisk freda kulturminne, som buplassar, hustufter, dyrkingsspor, vegfar mv. Kulturminna skal liggje på eller i nær tilknyting til jordbruksareal. Tilskot vert løyvd pr. daa, og har ei øvre maksimal grense.

§ 18.Miljøtilskot til skjøtsel av steingardar

Det kan løyvast tilskot til vedlikehald av steingardar på innmark i jordbrukets kulturlandskap. Tilskotet er ein del av den nasjonale ordninga «Miljøtilskot til skjøtsel av bakkemurar, trerekker og skigardar.» Tilskotet vert løyvd pr. løpemeter, og har ei øvre maksimal grense.

§ 19.Miljøtilskot til skjøtsel av viktige kulturhistoriske område

Tilskot kan løyvast til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter Kulturminnelova, eller regulert etter plan- og bygningslova som spesialområde eller omsynssone «kulturmiljø».

Tilskotet vert utmålt etter areal, der kvart kulturmiljø kan få tilskot for maks 2 daa.

§ 20.Miljøtilskot til miljøavtale elvemusling, med ugjødsla randsone i eng

Det kan løyvast tilskot til føretak som har inngått «miljøavtale elvemusling» med kommunen om drift av areal mot vassdrag med lokaliteter av elvemusling. Tilskotet vert løyvd pr. daa.

For føretak med miljøavtale kan det også løyvast tilskot til ugjødsla randsone i eng.

Tilskotet vert løyvd pr. løpemeter. Tilskota har ei øvre maksimal grense.

§ 21.Miljøtilskot til tiltak mot utslepp til luft

Det kan løyvast tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i veksande kultur (eng) ved bruk av nedlegging med tilførselsslange. Tilskotet vert løyvd med ein sats pr. daa gjødsla eng ved nedlegging, og ein sats pr. daa ved bruk av tilførselsslange. Minste spreiemengde er 5 kg total-N pr. daa. All gjødsel skal spreiast i vekstsesongen og før 10. august. Tilskotet har ei øvre maksimal grense.

Kapittel 3. Generelle føresegner

§ 22.Retningsliner og satsar

Tilskot vert utbetalt etter utfyllande retningsliner, satsar, definisjonar med meir fastsett av Fylkesmannen i Hordaland.

§ 23.Søknad og utbetaling

Frist for søknad er 20. september. For tilskot til beitelag er søknadsfristen 15. november.

Tidspunkt for teljedato for søknadsomgangen 20. september er 31. juli. Det skal nyttast eige søknadsskjema fastsett av Fylkesmannen i Hordaland.

Ved for seint levert søknad vert det reduksjon i tilskot med kr 1.000 pr. verkedag etter fristens utløp opp til 20 verkedagar. Søknader som vert levert seinare enn 20 verkedagar etter fristen, vert avviste.

Det løyvde tilskotet vert utbetalt til det føretaket eller beitelaget som framsette søknaden. Tilskotet kan ikkje overførast til eige eller pant.

§ 24.Administrasjon, dispensasjon og klage

Kommunen fattar vedtak om tilskot. Fylkesmannen kan i særlege høve dispensere frå reglane i denne forskrifta. Vedtak fatta av kommunen kan påklagast til Fylkesmannen.

Vedtak fatta av Fylkesmannen i første instans kan påklagast til Landbruksdirektoratet.

§ 25.Opplysningsplikt og kontroll

Føretak og beitelag som får tilskot etter denne forskrifta, har plikt til å gje alle naudsynte opplysningar som kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet krev.

Kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet fører tilsyn med at utbetalinga er rett, og har tilgang til all bokføring, korrespondanse og dokumentasjon som gjeld tilskotet som er gjeve til føretaket. Opplysning gjeve i samband med søknad om tilskot kan også kontrollerast ved teljing og måling på landbrukseigedomane, og ved teljing av dei dyra som føretaket disponerer.

§ 26.Tilbakehalding og avkorting ved regelverksbrot

Dersom føretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskotet haldast tilbake inntil tilhøva er retta opp. Er det ved brot på regelverket utvist grov aktlause eller forsett, kan heile eller delar av tilskotet som blir tildelt føretaket avkortast. Tilskotet kan også avkortast dersom føretaket ikkje held dei fristar som kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet har satt for å kunne utføre sine kontrolloppgåver i samsvar av § 25.

§ 27.Avkorting ved feilopplysningar

Dersom føretaket eller beitelaget aktlaust eller med føresett har gitt uriktige opplysningar i søknaden som har eller kunne gitt grunnlag for urett utbetaling av tilskot til seg sjølv eller andre, kan heile eller deler av det samla tilskotet avkortast.

Tilskotet kan avkortast eller avslåast dersom føretaket heilt eller delvis ikkje oppfyller krava som er stilte i § 3, andre og tredje ledd. Av same grunn kan utbetalt tilskot heilt eller delvis bli kravd tilbake, jf. § 25.

§ 28.Innkrevjing og renter

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 25, § 26, og § 27, kan krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskotsutbetalingar. Tilsvarande gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 26 og § 27.

Beløpet kan òg bli motrekna i seinare utbetalingar etter denne forskrifta, eller i seinare tilskotsutbetalingar til føretaket.

Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan renter krevjast frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling kom fram til søkjar. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskotet. For renter gjelder lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved for sein betaling m.m. Krav frå offentleg myndigheit som spring ut frå jordbruksverksemd, kan motreknast i seinare tilskotsutbetalingar til føretaket.

§ 29.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 12. juni 2016.

Frå same dato vert forskrift 1. juli 2015 nr. 789 om tilskot til regionale miljøtiltak, Hordaland, oppheva.