Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2016-06-22-803
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.09.2016
Sist endret
EndrerFOR-2008-09-10-1651
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1967-02-10
Kunngjort30.06.2016   kl. 13.30
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Stranda

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 22. juni 2016 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) kapittel VII.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å fastsette ein eigen frist for spreiing tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen innafor vilkåra av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld heile kommunen.

§ 3.Spreietidspunkt
a.Generelt

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er berre tillate i perioden 15. februar til 1. november. Det er ikkje tillate å spreie gjødselvarer på snødekt eller frossen mark.

b.Spreiing utan nedmolding

Spreiing av blaut gjødsel utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde skal gjerast seinast innan 20. september.

Kommunen kan etter søknad likevel, og på dei vilkår som er nemnt i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, gi løyve til seinare spreiing, men ikkje seinare enn 1. oktober.

c.Spreiing med nedmolding

Fristen for spreiing med nedmolding er 1. november. Nedmoldinga bør skje straks, og må skje innan 18 timar.

d.Småfegjødsel

Spreiing av fast småfegjødsel utan nedmolding skal gjerast innan 1. oktober.

§ 4.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav kan klagast til fylkesmannen.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta vert sett i kraft frå 1. september 2016. Frå same tid blir forskrift 10. september 2008 nr. 1651 om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng, Stranda kommune, Møre og Romsdal oppheva.