Forskrift om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Rogaland

DatoFOR-2016-07-06-888
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse06.07.2016
Sist endret
EndrerFOR-2015-06-10-638
Gjelder forRogaland
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§18, FOR-2004-12-14-1615
Kunngjort07.07.2016   kl. 14.00
KorttittelRMP-forskrift for Rogaland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 6. juli 2016 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og delegeringsvedtak 14. desember 2004 nr. 1615.

Kap. 1. Innleiande reglar

§ 1.Formål

Formålet med tilskot til miljøtiltak i jordbruket i Rogaland er å stimulere til eit aktivt og berekraftig jordbruk som tek vare på kulturlandskapet, det biologiske mangfaldet, stimulerer til opplevingar av landskapet og som reduserer ureininga til jord, vatn og luft.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld for tiltak i Rogaland fylke.

§ 3.Grunnvilkår

Tilskot kan bli gitt til:

-føretak som har rett på produksjonstilskot i jordbruket, jf. forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd i jordbruket
-beitelag som er godkjent av kommunen og som er registrert i Einingsregisteret jf. lov om Enhetsregisteret 3. juni 1994 nr. 15.

Ved bruk av gjødsel skal føretaket ha gjødslingsplan jf. forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging.

Ved bruk av plantevernmiddel skal føretaket skal føretaket oppfylle krav til føring og oppbevaring av journal i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidler § 20 og § 26, og føring og oppbevaring av register over plantevernmiddel i same forskrift, artikkel 67.

Einskilde ordningar har vilkår utover grunnvilkåra.

Kapittel 2. Tilskot for å ta vare på kulturlandskapet

§ 4.Slått av jordbruksareal

Det kan gjevast tilskot til fulldyrka areal og overflatedyrka areal i særskilt definerte område fastsett av Fylkesmannen. Arealet må skjøttast. I dette ligg hausting av normal avling for området.

§ 5.Beite av jordbruksareal

Det kan gjevast tilskot til beiting i særskilt definerte område fastsett av Fylkesmannen. Vilkår knytt til beiting i verneområde og areal med spesielle verdiar kjem fram av rettleiingsheftet.

§ 6.Skjøtsel av bratt areal

Det kan gjevast tilskot til hausting (beite og slått) av fulldyrka areal, overflatedyrka areal og innmarksbeite i tråd med krav i rettleiingsheftet. Arealet må drivast slik at det har normal fôrkvalitet og produksjon.

§ 7.Drift av beitelag

Det kan gjevast tilskot til ordinær drift av godkjente beitelag som organiserer felles beitebruk i utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret. Ordninga gjeld for beitelag som har sau, geit, hest og/eller storfe.

Kapittel 3. Tilskot for å stimulere biologisk mangfald

§ 8.Skjøtsel av slåttemark

Det kan gjevast tilskot til årleg slått og vedlikehald av slåttemarker som er registrerte i Naturbasen. Arealet må skjøttast i samsvar med skjøtselsplan slik at dei biologiske kvalitetane på arealet blir stetta.

§ 9.Skjøtsel av kystlynghei

Det kan gjevast tilskot til:

a)Skjøtsel av kystlynghei som er registert i Naturbasen med verdiklassifisering A og verdiklassifisering B.

For å ha rett til tilskot må det vere utarbeid konkret skjøtselsplan godkjend av kommunen.

§ 10.Skjøtsel av styvingstre

Det kan gjevast tilskot til vedlikehald av styvingstre. Trea og området skal skjøttast etter fastsette retningslinjer. Det skal liggje føre ein skriftleg omtale av korleis skjøtselen har vore.

§ 11.Skjøtsel av biologisk verdifulle areal

Det kan gjevast tilskot til vedlikehald av areal fastsett av Fylkesmannen som er registrert i Naturbasen. Arealet må skjøttast slik at dei biologiske kvalitetane på arealet blir stetta. Det kan berre gjevast tilskot til areal som grensar mot fulldyrka areal, overflatedyrka areal eller innmarksbeite.

§ 12.Beite av biologisk verdifulle areal

Det kan gjevast tilskot til beiting på areal som er registrert i Naturbasen som naturbeitemark med verdiklassifisering A. For å ha rett til tilskot må det vere utarbeid konkret skjøtselsplan godkjend av kommunen.

§ 13.Tilrettelegging av fuglebiotop

Det kan gjevast tilskot til beiting i fuglerike biotopar i definerte område fastsett av Fylkesmannen i tilknyting til våtmarksreservat. Beiting innanfor reservata skal vere i samsvar med vernereglane og forvaltningsplanar. For å ha rett på tilskot, må det vere utarbeidd skjøtselplan godkjend av kommunen.

Kapittel 4. Tilskot for å ta vare på kulturmiljø og kulturminne

§ 14.Drift av enkeltseter med mjølkeproduksjon

Det kan gjevast tilskot til bruk som har hovuddelen av sin mjølkeproduksjon med ku og/eller geit på seter i minst fire veker i sommarhalvåret.

§ 15.Skjøtsel av gravminne

Det kan gjevast tilskot til vedlikehald av synleg automatisk freda gravfelt i tråd med vilkår i rettleiingsheftet. Skjøtselen skal vere i samsvar med gjeldande retningslinjer. Det skal liggje føre ein skriftleg omtale av korleis skjøtselen har vore.

§ 16.Skjøtsel av andre automatisk freda kulturminne

Det kan gjevast tilskot til vedlikehald av synlege og automatisk freda kulturminne som ligg på eller i direkte tilknyting til jordbruksareal. Skjøtselen skal vere i samsvar med gjeldande retningslinjer. Det skal liggje føre ein skriftleg omtale av korleis skjøtselen har vore.

Kapittel 5. Tilskot for å leggje til rette for friluftsliv

§ 17.Vedlikehald av ferdselsårar i jordbrukslandskapet

Det kan gjevast tilskot til:

a)vedlikehald av turstigar som går over, eller i kanten av, innmarksbeite, dyrka mark, overflatedyrka mark og/eller skogplantefelt.
b)Vedlikehald av gamle stølsvegar.

For å ha rett på tilskot til vedlikehald av turstigar og stølsvegar må turstigen/stølsvegen vere merka av på eit offentleg turkart og skilta i terrenget. Turstigen/stølsvegen må vere lett framkommeleg.

Kapittel 6. Tilskot for å minske næringsavrenning til vassdrag og kyst

§ 18.Fangvekstar etter hausting

Det kan gjevast tilskot til fangvekstar i potet- og/eller grønsaksareal etter vilkår sett av Fylkesmannen.

§ 19.Ugjødsla randsone i eng og vegetasjonssoner

Det kan gjevast tilskot til ugjødsla randsoner av gras på fulldyrka areal langs forureina vatn, vassdrag og kanalar. Fylkesmannen avgjer vilkår og kva vatn, vassdrag og/eller kanalar dette gjeld.

§ 20.Vedlikehald av fangdammar

Det kan gjevast tilskot til oppreinsking av etablerte fangdammar/reinseparkar eldre enn 10 år. Kommunen kan i særskilte tilfelle godkjenne tilskot til tidligare oppreinsking.

§ 21.Miljøavtale

Det kan gjevast tilskot til føretak som gjennomfører eit sett av tiltak som bidreg til å redusere fosforavrenning frå jordbruksareal. Fylkesmannen fastsett kva område det kan teiknast miljøavtalar for. Vilkår og omtale av kva tiltak som skal gjennomførast skal gå fram av ein fastlagt avtale. Avtalen skal godkjennast av kommunen. Underteikna avtale gir landbruksforvaltninga rett til å innhente og bruke informasjon om fosforstatus i jorda.

Kapittel 7. Tilskot for å minske utslepp til luft

§ 22.Miljøvenleg bruk av husdyrgjødsel

Det kan gjevast tilskot til fulldyrka og overflatedyrka areal i område fastsett av Fylkesmannen der husdyrgjødsel er spreidd med bruk av følgjande metodar:

1)Gjødsla enten blir ført direkte ned i bakken, mekanisk eller ved hjelp av høgt trykk (nedfelling) eller blir ført i slangar eller rør heilt ned på bakken (nedlegging), eller
2)Rask nedmolding der husdyrgjødsla enten ved harving eller pløying etter overflatespreiing vert dekka av jord eller blanda inn i det øvste jordlaget innan 2 timar.

Det blir gitt eit tillegg dersom det ved spreiing av husdyrgjødsel vert brukt slangeutstyr.

Følgjande vilkår blir sett for tilskot:

a)All husdyrgjødsel føretaket disponerar må bli brukt i samsvar med gjeldande forskrift om organisk gjødsel
b)Utstyr som gir grunnlag for tilskot må bli nytta ved all bruk av husdyrgjødsel på omsøkt areal
c)Minste spreiemengde er 5 kg total-N per dekar
d)Husdyrgjødsla på omsøkt areal må spreiast innan 10. august. Fylkesmannen kan på grunnlag av særlege klimatiske høve setje seinare frist enn 10. august.

Kapittel 8. Generelle reglar

§ 23.Retningslinjer og satsar

Tilskot blir utbetalt etter utfyllande retningslinjer, satsar, definisjonar mv. fastsett av Fylkesmannen i Rogaland i samråd med Rogaland Bondelag og Rogaland Bonde- og småbrukarlag.

§ 24.Søknad og utbetaling

Søknaden skal fremjast på søknadsskjema fastsett av Fylkesmannen i Rogaland. Søknadsfristen er 20. august. For tilskot til beitelag er søknadsfristen 15. november.

Ved for sein innlevert søknad vil tilskotet bli redusert med 1 000 kroner per yrkedag etter fristens utløp. Søknadar som blir levert seinare enn 20 yrkedagar etter søknadsfristen blir automatisk avvist.

Løyvd tilskot blir betalt ut til det føretaket eller beitelaget som set fram søknaden. Tilskot kan ikkje overdragast til eie eller pant.

§ 25.Administrasjon, dispensasjon og klage

Vedtak om tilskot blir fatta av kommunen. Fylkesmannen kan i særlige tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

Vedtak fatta av kommunen kan klagast på1 til Fylkesmannen. Vedtak fatta av Fylkesmannen i første instans kan klagast på til Landbruksdirektoratet.

1Jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
§ 26.Opplysningsplikt og kontroll

Føretak og beitelag som får tilskot etter denne forskrifta pliktar å gi alle nødvendige opplysningar som kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet krev.

Kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet fører tilsyn med at utbetalingar av tilskot er riktige, og har tilgang til all bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet.

Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskot kan også kontrollerast ved teljing og måling på dei landbrukseigedomane føretaket disponerer.

§ 27.Tilbakehald og avkorting ved brot på regelverket

Dersom søkjar aktlaust eller forsettleg driv eller har drive si verksemd i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskotet bli avkorta eller heldt tilbake.

Tilskotet kan avkortast eller heilt bortfalle dersom føretaket ikkje oppfyller, eller berre delvis oppfyller krava stilt i § 3 første ledd andre strekpunkt. Utbetalt tilskot kan av same årsak heilt eller delvis krevjast tilbakebetalt jf. § 31.

§ 28.Tilbakehald og avkorting ved feilopplysningar

Dersom søkjar aktlaust eller forsettleg har gitt feil opplysningar som har ført eller kan føre til urettkomen utbetaling av tilskot for seg eller andre, kan heile eller delar av tilskotet bli avkorta eller heldt tilbake inntil forholdet er avklart. Tilskotet kan også avkortast dersom føretaket ikkje overheld dei fristar som Kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet har satt for å kunne gjere sine kontrolloppgåver i medhald av § 28.

§ 29.Tilbakebetaling og renter mv.

Dersom føretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre årsakar har motteke ei utbetaling som dei ikkje har krav på kan det feilutbetalte beløpet krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskotsutbetaling. Tilsvarande gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 29 og § 30.

For tilbakebetalingskrav kan det krevjast renter når kravet ikkje er innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskotet. Storleiken på renta følgjer rentesatsen fastsett med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Krav frå offentleg styresmakt som har sitt utspring i føretaket si jordbruksverksemd kan motreknast i seinare tilskotsutbetalingar til føretaket.

§ 30.Iverksetjing

Forskrifta trer i gang straks. Samstundes blir forskrift 10. juni 2015 nr. 638 om tilskot til miljøtiltak i jordbruket i Rogaland oppheva.