Forskrift om hundehald, Hemsedal kommune, Buskerud

DatoFOR-2016-09-29-1153
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse29.09.2016
Sist endret
EndrerFOR-2007-06-28-923
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort06.10.2016   kl. 14.00
KorttittelForskrift om hundehald, Hemsedal

Heimel: Fastsett av Hemsedal kommunestyre 29. september 2016 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Virkeområde og definisjon

Denne forskrift omfattar hundehald i Hemsedal kommune. Forskrifta supplerer avgjerder gjeve i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven), og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang er det i denne forskrifta meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengd.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Hemsedal kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober. Utvida bandtvang gjeld heile kommunen.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Hemsedal kommune har bandtvang i dalløypene heile skisesongen. Dalløypene er definert som skiløype frå Gravset til Feten, Torsetrunden, Solløypa, Knuteløypa og Liorunden.

Hemsedal kommune har også bandtvang i skianlegget i Totteskogen og 750 m, 1,2,3,5 og 8 km løypene på Gravset heile skisesongen.

Hemsedal kommune har også bandtvang i alle maskinpreparerte skiløyper i jul, vinterferie og påske. Bandtvang vert då gjeldande i tidsrommet f.o.m. 24. desember t.o.m. 2. januar, i vinterferieveker f.o.m. 20. februar t.o.m. 10. mars og laurdag før palmesundag t.o.m. 2. påskedag. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Det er bandtvang heile året i tettstader, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.

§ 4.Avgjerder om ro og hygiene

I tettbygde strøk skal hund verte passa utandørs, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy.

Hundehaldar pliktar å fjerne avføring som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, skiløype og tilrettelagt friluftsområde, eller i andre område som er tilgjengeleg for allmenn ferdsel i tettbygd strøk.

§ 5.Område der hundar ikkje har eller har avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar eller skuleområde utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for skule eller barnehage.

Dette punktet omfattar ikkje tenestehund, førarhund for blinde eller svaksynte.

§ 6.Dispensasjon

Etter søknad kan kommunen dispensere frå bandtvangsavgjerder gitt i hundelova eller denne forskrifta.

§ 7.Straff

Brot på avgjerdene i denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 8.Iverksetjing

Denne forskrift gjeld frå 29. september 2016. Frå same tid blir forskrift 28. juni 2007 nr. 923 om hundehald, Hemsedal kommune, Buskerud oppheva.