OPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJON
Norsk Lovtidend logo

Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)

DatoFOR-2016-08-29-1013
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2016 hefte 12 s 1907
Ikrafttredelse29.08.2016
EndrerFOR-2006-12-19-1503
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-07-04-84-§6-1
Kunngjort30.08.2016   kl. 12.40
Journalnr2016-0875
KorttittelEndr. i økonomiforskrift til friskolelova

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 29. august 2016 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) § 6-1 femte ledd.

I

I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova) blir det gjort følgjande endring: 

§ 15 skal lyde:

Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.

Dersom ein elev ved ein vidaregåande skole per 1. oktober eller 1. april har fråvær utover 20 skoledagar, jf. § 13A, skal eleven ikkje reknast for å ha følgt opplæringa.

Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje vert gitt på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.

II

Endringa blir sette i gang straks.