OPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJON
Norsk Lovtidend logo

Lov om endringer i privatskolelova mv. (nytt navn på loven, nye godkjenningsgrunnlag m.m.)

DatoLOV-2015-06-19-75
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2015 hefte 6 s 934
IkrafttredelseKongen bestemmer
EndrerLOV-1998-07-17-61, LOV-2003-07-04-84
Gjelder for
Hjemmel
Kunngjort19.06.2015   kl. 15.20
Journalnr2015-0549
KorttittelEndringslov til privatskolelova mv.

Prop.84 L (2014-2015), Innst.344 L (2014-2015), Lovvedtak 96 (2014-2015). Stortingets første og andre gangs behandling hhv. 11. og 15. juni 2015. Fremmet av Kunnskapsdepartementet. 

Endringer i følgende lover:

1Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
2Lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova).

I

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot gjøres følgende endringer: 

Tittelen på loven skal lyde: 

Lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) 

§ 1-1 første ledd skal lyde:

Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. 

§ 1-2 første ledd skal lyde:

Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskot for frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskot. 

§ 2-1 skal lyde:

§ 2-1. Godkjenning av skolar

Departementet kan godkjenne frittståande skolar og driftsendringar ved godkjende frittståande skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.

Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:

a)livssyn
b)anerkjend pedagogisk retning
c)internasjonalt
d)særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett
e)norsk grunnskoleopplæring i utlandet
f)særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
g)vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag
h)vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram
i)særskilt profil

Med særskild tilrettelagt vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.

Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.

Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.

Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.

Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknader om godkjenning av frittståande skolar. 

§ 2-2 første og annet ledd skal lyde:

Skolen kan ikkje drive eller eige anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak som tillet at skolane kan drive eller eige tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak om bruk av inntekter frå skoleverksemd og tillate tilleggsverksemd.

Skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven, eller i tilsvarande register, før det blir søkt om godkjenning. Skolen må seinast til same tid dokumentere at han har ein innskotskapital på minimum kroner 100 000. 

§ 3-1 første ledd skal lyde:

Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. Dette gjeld òg skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket. 

§ 3-1 femte ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om inntak av ungdom og vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring, inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og om inntak av utanlandske søkjarar. 

§ 3-5 femte ledd skal lyde:

Frittståande skolar kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar når det ligg føre vedtak frå kommunen eller fylkeskommunen om slik organisering, og om at den private skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Frittståande skolar som vil gi enkeltelevar slikt opplæringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka før denne gjer vedtak etter opplæringslova §§ 2-8 femte ledd eller 3-12 femte ledd. 

§ 4-2 tredje og nye fjerde og femte ledd skal lyde:

For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende med alternative læreplanar, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei krava som følgjer av opplæringslova §§ 10-1 og 10-2 med tilhøyrande forskrift.

Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse i tillegg til krava i første og andre ledd.

Departementet kan gi forskrift om at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag. 

§ 6-3 annet ledd og nytt tredje ledd skal lyde:

Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.

Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden. 

§ 6-4 skal lyde:

§ 6-4. Statstilskot til kompletterande undervisning

Til statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved grunnskole i utlandet, og som ikkje er elevar ved skole som er godkjend etter lova her, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Departementet kan gi nærare forskrift. 

§ 7-2 første ledd skal lyde:

Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon. Dersom departementet i samband med gjennomføring av tilsyn har behov for dokumentasjon frå eigaren av skolen eller nærståande av eigaren, skal departementet også ha tilgjenge til slik dokumentasjon. Departementet sin rett til dokumentasjon gjeld utan hinder av teieplikt. 

§ 7-2 a nytt fjerde ledd skal lyde:

Ved bruken av reglane i første og andre ledd skal det leggjast vekt på dei verdiane som følgjer av § 1-1 andre ledd. 

Ny § 7-2 b skal lyde:

§ 7-2 b. Karantene

Dersom det ved ein skole blir oppdaga særleg alvorlege forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova, eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, og brota klart svekker tilliten til at skolen eller den ansvarlege personen er eigna til å drive skole i samsvar med regelverket, kan departementet påleggje karantene retta mot skolen eller personen.

Karantene kan berre påleggjast personar som har opptredd forsettleg eller aktlaust. Karantene kan berre påleggjast personar i sentrale stillingar ved skolen. Med sentrale stillingar er meint medlem og varamedlem i styret, eigar, rektor, skoleleiar, dagleg leiar og andre leiande posisjonar ved skolen.

At ein skole er pålagt karantene inneber at den juridiske eininga som skolen er registrert som, ikkje kan søkje ny godkjenning eller driftsendringar i karanteneperioden. Personar som er pålagt karantene, kan i karanteneperioden ikkje tiltre sentrale stillingar ved godkjende skolar eller skolar som søker godkjenning.

Karantene gjeld som hovudregel i to år frå vedtaket blir treft. Dersom det ligg føre særlege forhold, kan det bli pålagt karantene for kortare eller lengre tidsrom, men ikkje lengre enn fire år. 

§ 8-1 nytt tredje ledd skal lyde:

For skolar som tilbyr særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, jf. § 2-1 andre ledd bokstav d, og som var godkjende og i drift då lova tok til å gjelde, gjeld § 2-1 tredje ledd frå 1. august 2020.

II

I lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal § 1-2 annet ledd lyde: 

Lova gjeld også for grunnskoleopplæring i private grunnskolar som ikkje får statstilskott etter friskolelova, og for privat heimeopplæring i grunnskolen.

III

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.