OPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJON
Norsk Lovtidend logo

Lov om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

DatoLOV-2016-12-20-124
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 2016 hefte 17 s 2720
Ikrafttredelse01.01.2017
EndrerLOV-1969-06-13-25, LOV-1981-06-12-64
Gjelder for
Hjemmel
Kunngjort20.12.2016   kl. 17.35
Journalnr2016-1341
KorttittelEndringslov til lov om trudomssamfunn mv.

Prop.9 L (2016-2017), Innst.113 L (2016-2017), Lovvedtak 27 (2016-2017). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 12. og 16. desember 2016. Fremja av Kulturdepartementet. 

Endringar i følgjande lover:

1Lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.
2Lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn.

I

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet tredje og nytt fjerde punktum lyde: 

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

II

I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 2 andre leddet lyde: 

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

III

Lova gjeld frå 1. januar 2017.