PDF-versjon | Signatur
OPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJON
Norsk Lovtidend logo

Renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS (Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap)

DatoFOR-2016-12-15-1909
Publisert
Ikrafttredelse01.01.2017
EndrerFOR-2001-10-31-1260, FOR-2001-10-31-1261
Gjelder forLuster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§32, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort10.01.2017   kl. 14.30
Journalnr2017-0016
KorttittelRenovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 17. november 2016, Sogndal kommunestyre 15. desember 2016, Lærdal kommunestyre 24. november 2016, Aurland kommunestyre 24. november 2016, Leikanger kommunestyre 8. desember 2016, Balestrand kommunestyre 17. november 2016, Vik kommunestyre 10. november 2016 og Høyanger kommunestyre 15. desember 2016 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, § 26, § 30, § 31, § 32, § 33, § 34, § 37, § 79, § 83 og § 85.

§ 1.Føremål

Forskrifta har som føremål å sikra miljømessig, samfunnsøkonomisk og forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, gjenvinning og sluttbehandling av alt hushaldningsavfall, farleg avfall og slam.

Forskrifta skal medverka til å gjennomføra dei pliktene som kommunane er pålagde ved lov, og dei mål som SIMAS til ei kvar tid har nedfelt i sine plandokument om avfallsreduserande tiltak og handtering av avfall.

Forskrifta skal og vere SIMAS sin styringsreiskap for å realisere overordna miljøpolitiske retningsliner overfor alle avfalls- og renovasjonsaktørar i eigarkommunane.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld for dei kommunane der den er vedteken i kommunestyret.

Forskrifta omfattar alle matrikulerte og ikkje matrikulerte eigedomar som ligg i kommunane.

Forskrifta gjeld for grunneigarar, tomtefestarar og andre som nyttar seg av kommunal avfallsordning.

Forskrifta gjeld for heilårsbustader, hytter, fritidseigedomar og andre byggverk, definert som abonnenteining jf. § 3.

Forskrifta omfattar avfallsgebyr.

Forskrifta omfattar kjeldesortering, oppsamling, innsamling og transport av alt hushaldningsavfall og slam.

Årdal kommune har eigne ordningar og forskrifter for avfalls- og slamhandsaminga, men har høve å slutte seg til denne forskrifta. Årdal kommune vil tilpasse sine forskrifter til denne forskrifta.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent: Tinglyst heimelshavar/festar av grunneigedom som er omfatta av kommunal renovasjon for hushaldningar og verksemder som deltek i kommunen si avfallsordning. 

Abonnenteining: Ei eining vert definert på ein av dei følgjande måtane:

-Eit hus som er definert som bustad i matrikkelen.
-Eit husvære (leilegheit) som er definert som bustad i matrikkelen eller der kjøkken tilhøyrer bueininga, anten åleine eller delt mellom fleire bueiningar.
-Inntil 5 hyblar som deler felles kjøkken, i hus som er definert som bustad i matrikkelen.
-Hus som er definerte/registrerte som reine studentbustader/studentheimar i matrikkelen. Desse husa skal betale etter volum og tømmefrekvens på avfallsbehaldarane. Eigarane av hybelhusa skal syte for å ha eit behaldarvolum og ein tømmefrekvens på avfallsbehaldarane som tilsvarar ein normalproduksjon av hushaldningsavfall.
-Ei hytte/fritidshus som er definert som dette i matrikkelen.
-Ei permanent oppsett campingvogn. Med permanent vert her meint oppstilling i 3 månader eller meir.
-For slam er kvar enkelt slamavskiljar/septiktank/reinseanlegg ei abonnenteining.

Med heimel i Ureiningslova kan og andre bueiningar som skapar hushaldningsavfall, som husbåt, brakke, telt, bubil, campingvogn og liknande, definerast som abonnenteining. 

Avfall: Kasserte lausøyregjenstandar eller stoff. Som avfall reknast og overflødige lausøyregjenstandar og stoff frå tenesteyting, produksjon og reinseanlegg med vidare. Avløpsvatn og avgassar reknast ikkje som avfall.

Ureiningslova deler vidare avfallet inn i kategoriane hushaldningsavfall, næringsavfall og farleg avfall.

-Som hushaldningsavfall blir rekna avfall frå private hushaldningar, herunder større gjenstandar som inventar og liknande.
-Som næringsavfall blir rekna avfall frå offentleg og privat verksemd og institusjonar som følgje av deira verksemd.
-Som farleg avfall blir rekna avfall som ikkje hensiktsmessig kan behandlast saman med anna hushaldningsavfall eller næringsavfall pga. sin storleik eller fordi det kan medføre alvorleg ureining eller skade på menneske eller dyr. 

Avfallstype: Ein einsarta del av avfallet som t.d. glas, papir, papp, våtorganisk avfall mv. 

Bringeordning: Kjeldesorteringssystem der publikum sjølv bringer sitt kjeldesorterte avfall til ein mottaksplass, t.d. eit returpunkt eller ein gjenvinningsstasjon/miljøstasjon. 

Behaldarvolum: Volum i liter eller kubikkmeter i oppsamlingsbehaldarane. 

Brukar: Den som disponerer behaldar eller brukar fellesbehaldar på vegne av ein abonnent. 

Djupoppsamling: Sentrale anlegg for fleire abonnentar med nedgreven behaldar/storsekk som vert tømd med ein kunngjort tømmefrekvens. 

Fellesbehaldar: Oppsamlingseining som vert stilt til rådvelde for fleire abonnentar/abonnenteiningar. 

Fritidsbustad: Bustad der kommunal godkjend bruk er til fritidsføremål. 

Gebyr: Summen som abonnenten må betale for renovasjonsordninga og/eller slamtømmeordninga. Storleiken på gebyret vert fastsett av kommunestyret. 

Gjenvinningsstasjon/miljøstasjon: Bemanna avfallsmottak for kjeldesortert og blanda avfall. Ein gjenvinningsstasjon skal særleg tilby mottak for avfallstypar som ikkje vert henta av renovatøren, og for større avfallsmengder. 

Grunneigedom: Fast eigedom som er matrikulert med eige gards- og bruksnummer, eventuelt også feste- eller seksjonsnummer. 

Hageavfall: Lauv, gras, planterestar og anna nedbrytbart avfall som oppstår i ein hage. 

Hentestad: Stad der oppsamlingseining(ar) vert stilt opp i påvente av innsamling. 

Hentesystem: Kjeldesorteringssystem der kjeldesortert avfall vert henta av godkjend avfallsinnsamlar så nær kjelda som mogeleg. 

Heimekompostering: Ei ordning der abonnenten inngår ein skriftleg avtale med SIMAS om gjenvinning av våtorganisk avfall. 

Kombieigedom: Grunneigedom som vert nytta for både bustad- og næringsføremål. 

Kjeldesortere: Å halde ulike avfallstypar frå einannan etter kvart som dei oppstår (ved kjelda). 

Køyreveg: Ein veg som tilfredsstiller krava i denne forskrifta. 

Matrikkelen: Det offisielle eigedomsregisteret. 

Næringsavfall: Avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar, dvs. avfall som oppstår frå aktørar som fylgje av deira verksemd. 

Oppsamlingseining: Container eller behaldar, herunder sekk, djupoppsamling eller avfallssug til oppsamling av avfall. 

Oppsamling: Det arbeidet abonnenten utfører med å plassere avfallet i dei oppsamlingseiningane som skal nyttast for dei einskilde fraksjonane. 

Oppstillingsplass: Ein kvar stad avfallsbehaldaren/sekken oppbevarast mellom kvar tømming. 

Renovasjonsplikt/rett: Dokumentert plikt/rett for ein bestemt grunneigedom til å plassere sin avfallsbehaldar på ein annan grunneigedom. 

Renovasjonsteknisk plan: Dokument som syner korleis oppsamling og henting av hushaldningsavfall vert planlagt utførd i eit område eller for ein grunneigedom. 

Renovatør: Verksemd som samlar inn og køyrer bort avfall. Same uttrykk vert og brukt om operatør som utfører dette arbeidet. 

Restavfall: Avfall som blir att etter kjeldesortering av hushaldningsavfall. 

Returpunkt: Bemanna eller ubemanna oppsamlingsstad for levering av ein eller fleire avfallsfraksjonar; til dømes glas, metall, farleg avfall etc. 

Smitte- risiko- og/eller problemavfall: Smittefarleg, potensielt smittefarleg, estetisk skjemmande eller stikkande/skjerande avfall frå sjukehus, sjukeheim, legekontor, tannlegekontor, veterinær eller liknande. Patologisk avfall vert ikkje rekna inn under denne kategorien. 

Slam: Avløpsvatn frå private eller offentlege avløpsanlegg. 

Slamtømmeutstyr: Slamsugebil med tilhøyrande utstyr. 

Slamavskiljar: Oppsamlingstank for slam frå sanitært avløpsvatn frå kommunale eller private avløpsanlegg. 

Reinseanlegg: Anlegg som mottek avløpsvatn, behandlar og reinsar det. 

Tvungen slamtømming: Ordning for tømming av slamavskiljarar og tette tankar og gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar, reinseanlegg eller tett tank. 

Utbyggingsavtale: Avtale mellom kommunen og grunneigar og/eller utbyggjar om utbygging av eit område. Ein utbyggingsavtale skal vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. 

Våtorganisk avfall: Lett nedbrytbart organisk avfall som matavfall, planterestar og vått hushaldningspapir.

§ 4.Kommunal innsamling av avfall

Det er lovpålagd innsamling av hushaldningsavfall. Alle eigedomar mv. som vert omfatta av § 2 kjem inn under denne avfallsordninga.

Kommunane syter for innsamling av hushaldningsavfall og slam gjennom SIMAS. Utan skriftleg løyve frå kommunane kan ingen samle inn hushaldningsavfall og slam i SIMAS-kommunane.

For å ha ei samfunnsøkonomisk, sikker, miljø- og ressursmessig best mogeleg handtering av avfallet, kan SIMAS ved generelle reglar, eller i det enkelte tilfelle, stille krav til den enkelte abonnent eller avfallsprodusent om kjeldesortering og leveringsmetode for dei ulike delar av avfallet.

SIMAS kan innføre ordning om levering av hushaldningsavfall i fellesbehaldarar med sortering i fleire avfallstypar på stadar der SIMAS finn at dette miljømessig og økonomisk sett er det beste. Abonnentane som dette vil gjelde for, vil få nærare informasjon frå SIMAS om kva type hushaldningsavfall som skal leverast, kvar det skal leverast og når.

For kombieigedomar skal næringsavfallet skiljast frå hushaldningsavfallet.

Definisjonen av kva som er hushaldningsavfall og næringsavfall vert gjort med tilvising til Ureiningslova. Ved tvil, avgjer SIMAS kva som er hushaldningsavfall.

Det er ikkje tillate å grave ned, brenne eller på annan måte plassere avfall ute i naturen.

Innsamling og tømming skal gå føre seg slik at det medfører minst mogeleg ulempe med støv, støy, lukt og vera sikra mot tilsøling.

SIMAS kan fastsette særskilde ordningar og gebyr for tenester ut over hovudløysinga.

§ 5.Avfall som ikkje vert omfatta av kommunal innsamling

Næringsavfall vert ikkje omfatta av denne forskrifta. SIMAS kan samle inn næringsavfall av same type og samansetjing som hushaldningsavfallet på dei vanlege renovasjonsrutene. Dersom dette vert gjort, skal næringsavfallet registrerast på tilfredsstillande måte slik at det vert oppretthalde klart kostnadsmessig skilje mellom hushaldningsavfall og næringsavfall.

Avfall frå ombygging og reparasjon av bustadhus er næringsavfall.

Avfall frå turisme vert ikkje omfatta av denne forskrifta. Oppsamling av avfall frå turistar må løysast av den verksemd, kommune eller vegstyresmakt som har ansvar etter Ureiningslova.

§ 6.Renovasjonsteknisk planlegging

Den som fremjar framlegg til regulerings- eller utbyggingsplan i kommunen, pliktar i medhald av plan- og bygningslova å utarbeide ein renovasjonsteknisk plan for det området planframlegget omfattar. SIMAS er høyringsinstans.

§ 7.SIMAS sine rettar og plikter

SIMAS pliktar å informere abonnentane om gjeldande renovasjonsordning.

SIMAS pliktar berre å ta med avfall som er levert i samsvar med forskrifta.

SIMAS pliktar ikkje å ta imot avfall som offentleg styresmakt har vedteke eigne reglar for.

SIMAS erstattar ikkje tapte gjenstandar som abonnenten har kasta i avfallsbehaldarane.

SIMAS eig og har rett til, verdiane i hushaldningsavfallet og slammet.

Søknad om oppretting av ny rute avgjerast av SIMAS.

§ 8.Abonnenten sine plikter

Abonnenten pliktar å følge forskrifta.

Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til SIMAS.

Dersom brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er brukaren sine plikter dei same som abonnenten sine plikter, med unnatak av det økonomiske forholdet til SIMAS.

Abonnenten pliktar omgåande å melde frå til SIMAS dersom han ikkje står i gebyrregisteret eller dersom det oppstår endring i abonnementet.

Abonnenten pliktar å kjeldesortere avfallet etter SIMAS sine retningsliner.

§ 9.Avfallsbehaldarar

Alle behaldarar tilhøyrar SIMAS, som er ansvarleg for innkjøp og utsetjing.

SIMAS avgjer når ein behaldar må reparerast eller fornyast. SIMAS føretek reparasjonar og utskiftingar etter trong. Dersom ein abonnent med vilje eller aktlaust skadar, taper eller øydelegg ein behaldar, vil vedkomande sjølv måtte koste reparasjon eller utskifting.

Kvar enkelt behaldar er registrert på den enkelte eigedom og skal ikkje flyttast ved endringar i eigar- eller festeforhold.

§ 10.Bruk av avfallsbehaldarar

Det skal berre nyttast behaldar/container/sekk som SIMAS skaffar og plasserer ut.

Behaldarane skal berre nyttast til oppsamling av avfall som vert omfatta av denne forskrifta. Dei skal ikkje ha innhald som kan utsetje renovatøren for fare eller ulempe ved tømming. Abonnenten kan gjerast økonomisk ansvarleg for skader på behaldar, renovasjonsbil eller på tømmeplass for renovasjonsbilen, som følgje av aktlaus bruk av behaldaren.

-Fuktig avfall, spisse, skarpe eller knuselege gjenstandar m.v. skal vere forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren.
-Varm oske må kjølast heilt ned før den vert emballert og lagd i behaldaren.
-Oske, avfall frå støvsugar og anna avfall som kan gje støvplage, må vere emballert slik at det ikkje oppstår støvplage ved innsamling.
-I behaldarane skal det ikkje leggjast flytande avfall, større metallgjenstandar, kvitevarer, kuldemøblar, møblar, stein og jord, større mengder hageavfall, sand/grus eller bygningsavfall. Slikt avfall skal leverast til SIMAS sine miljøstasjonar.
-I behaldarane må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall.
-Farleg avfall skal leverast til SIMAS sine miljøstasjonar.
-Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) kan leverast til forhandlar eller miljøstasjon.
-Det er forbode å leggja daude dyr og slakteavfall i avfallsbehaldarane.

Behaldarar for kjeldesortert avfall skal berre innehalde den type avfall og emballerast som SIMAS til ei kvar tid bestemmer. Det er ikkje høve til å plassere avfall utanfor behaldaren.

Behaldarane skal ikkje fyllast meir enn at loket lett kan leggjast heilt i lukka stilling. Avfallet skal vere forsvarleg innpakka, og skal ikkje pressast fastare enn at behaldaren lett kan tømmast.

På vinterstid er abonnenten ansvarleg for at avfallet ikkje er fastfrose, og på den måten ikkje let seg tømme. Det er abonnenten sitt ansvar å syte for nødvendig reinhald av behaldarane og hentestaden.

SIMAS kan pålegge den enkelte abonnent å auke volumet på behaldar(ane) om dette er nødvendig for å sikre tilstrekkeleg sortering av avfallet eller for å hindre at avfallet vert oppbevart eller disponert på ein måte som er i strid med denne forskrift.

Avfall skal hentast i høve til tømmekalender for SIMAS. Abonnenten pliktar å følgje med i tømmekalenderen. Intervalla kan fråvikast i situasjonar med streik, ved rørlege helgedagar, og ved andre spesielle høve.

Ved endring i tømmerutinar og andre forhold i kommunal avfallsordning som er av vesentleg art, skal abonnenten varslast i god tid og på ein tydeleg måte.

Behaldarane skal trillast fram til hentestaden i god tid før tømming. Etter tømming skal abonnenten så snart som råd ta behaldaren inn på eigen eigedom.

Abonnenten skal rette seg etter renovatørens tilvising vedkommande korrekt plassering av oppsamlingseiningar som skal tømmast.

§ 11.Plassering av avfallsbehaldarar

Kvar eigedom der det oppstår hushaldningsavfall skal ha tilstrekkeleg tal avfallsbehaldarar for avfallet som oppstår. Abonnenten skal syte for at det finst tilstrekkeleg areal for plassering av behaldarane.

Avfallsbehaldarar må plasserast i samråd med SIMAS for å oppnå effektiv innsamling og for å unngå hygieniske problem eller påføre skade. Dette gjeld både ved oppbevaring og i samband med tømming. På hentestaden skal behaldarane plasserast lett tilgjengelig på eit plant og fast underlag på bakkenivå. Hentestaden skal liggja ved køyrbar veg.

Renovatøren skal forlate behaldaren i oppreist og lukka posisjon på hentestaden. I område der det er etablert felles oppsamlingsløysingar, kan SIMAS pålegge abonnentane å nytte seg av desse.

Abonnenten skal sikre at behaldarane ikkje flyttar seg eller veltar av vind eller liknande. Abonnenten er ansvarleg for skade som kan oppstå. Sikringsordninga skal likevel ikkje vera til hinder for renovatøren sitt arbeid.

Ved innandørs oppsamlingssystem må behaldarane plasserast i eige avfallsrom. Det skal avsetjast tilstrekkeleg areal og tilkomsten skal vere fri for hindringar.

I bygningar med avfallsnedkast må eigaren syte for at avfallet kjem opp i behaldarane til den tid desse skal tømmast. Løysinga skal godkjennast av SIMAS.

På vinterstid skal tilkomsten til behaldarane vere rydda for snø og om nødvendig vere sandstrødd, slik at renovatøren får utført tømminga. Det kan vera nødvendig å påby annan hentestad. Plasseringa av avfallsbehaldaren på tømmedagen må vere slik at renovatøren ikkje vert hindra av snø, bilar, vatn eller andre hindringar.

§ 12.Krav til køyreveg

Køyrbar veg skal vera framkomeleg og ha breidde og styrke til å tole renovasjonskøyretøy. Langs vegen må det ikkje vere greiner eller anna som hindrar køyring. Vegen må ha ei fri høgd på minst 4 meter. Vegen skal ha snuplass, kurvatur og stigningsforhold slik at renovasjonsbil skal kunne nyttast. SIMAS avgjer om ein veg er køyrbar.

Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vere brøytt og om naudsynt strødd.

Heile året skal vegdekket vere tilfredsstillande vedlikehalde og vegen skal vere sikra med rekkverk der kommunen krev det.

Dersom tilkomsten vert hindra av parkerte bilar, manglande vedlikehald og/eller snøbrøyting og liknande, er abonnenten pliktig til å bringe avfallet fram til renovasjonsbilen, eller ta vare på avfallet på ein forsvarleg måte til neste hentedag.

SIMAS har ikkje ansvar for vedlikehald og/eller skade på privat veg og plass, med mindre det kan påvisast aktløyse.

§ 13.Etablering av anna ordning

Ingen må etablere avfallssugeanlegg eller djupoppsamling for hushaldningsavfall utan kommunen si godkjenning. Kommunen og SIMAS skal delta i planlegginga av slike anlegg. Slike anlegg skal kostast og etablerast av utbyggjar eller brukarar av anlegget. Når anlegget vert teke i bruk, skal det overtakast kostnadsfritt av SIMAS for drift og vedlikehald.

SIMAS kan påleggje fleire abonnentar å ha felles oppsamlingsløysing og dersom nødvendig, innanfor gjeldande lovverk og desse forskrifter påleggja abonnentane andre ordningar enn dei som framkjem av gjeldande renovasjonsordning.

Fleire abonnentar kan etter ynskje og etter avtale med SIMAS gå saman om fellesbehaldarar.

§ 14.Hageavfall og kompostering av våtorganisk avfall

Hageavfall bør så langt det er mogeleg komposterast i eigen hage når dette ikkje er til ulempe for andre, alternativt må det leverast til SIMAS si ordning for hageavfall.

Abonnentar som ynskjer det og har eige hageareal som er eigna for bruk av heimekompost, kan inngå skriftleg avtale med SIMAS om heimekompostering av våtorganisk avfall etter gjeldande reglar fastsette av SIMAS.

Ved inngåing av avtale om heimekompostering, må kvar abonnenteining gjennomføre eit kurs i heimekompostering eller ha gjennomført kurs i heimekompostering godkjent av SIMAS.

Abonnentar som inngår avtale og på denne måten reduserer si eiga avfallsmengde, får ein reduksjon i avfallsgebyret.

Abonnenten må sjølv skaffe behaldar, men SIMAS kan formidle kjøp av godkjend behaldar. Det vert kravd at komposteringa skjer i ein behaldar som er godkjend av SIMAS.

Det er ein føresetnad at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredsstillande måte, som ikkje tiltrekkjer seg skadedyr, medfører avrenning, vond lukt eller er til ulempe for omgjevnadene.

Retningsliner frå SIMAS om heimekompostering skal fylgjast. SIMAS kan føre kontroll med at avtalen vert oppfylt. Ved brot på avtalen kan SIMAS inndra løyvet til å heimekompostere.

§ 15.Renovasjon for hytter og fritidsbustader

Hytterenovasjon omfattar hytter, fritidsbustader og andre bygg/einingar som er definerte som fritidsbustader, jf. § 3.

Abonnenten må på sin eigedom oppbevare avfallet på ein trygg og forsvarleg måte slik at det ikkje oppstår hygieniske ulemper. Det er ikkje tillate å grave ned avfall eller etablere eigne private ordningar.

Den enkelte abonnent må bringe avfallet sitt til ein av dei avfallsbehaldarane/containerane for hytteavfall som er utplasserte.

Avfallet må emballerast forsvarleg og plasserast i behaldaren/containeren. Er det ikkje plass til avfallet, må abonnenten levere avfallet på annan godkjend måte. Avfallet kan ikkje setjast utanom behaldaren/containeren.

Fellesbehaldar skal ikkje nyttast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller private anlegg for turisme. Brot på dette vert definert som om den aktuelle abonnenten har for lite behaldarvolum.

§ 16.Slam

Lovpålagt slamtømming er ei ordning for tømming av slamavskiljarar, reinseanlegg og tette tankar og gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar, reinseanlegg eller tett tank.

Abonnenten skal betale slamgebyr for kvar einskild slamavskiljar/tank.

Ingen andre enn SIMAS, eller den renovatøren SIMAS har kontrakt med, kan henta inn slam.

Abonnenten skal på føremålstenleg vis varslast om kva tid tømming vil bli gjennomført.

Det må vera tilfredstillande tilkomst for tankbil med standard utstyr på tømmestaden. På stadar der ein ikkje kan nytte standard utstyr, kan SIMAS krevje særskilt tømmegebyr for å dekkje sine ekstrakostnadar.

SIMAS avgjer om ein veg er køyrbar.

Renovatøren har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming med tankbil. Om vinteren må vegen fram til tanken vere fri for snø og strødd.

Abonnenten skal fjerna snø, is, jord, stein eller anna frå kumlokk og liknande før tømminga.

Dersom tømminga ikkje kan skje grunna manglande klargjering frå abonnenten si side, vert tømminga rekna som utført og nytt frammøte vert fakturert i tillegg.

Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grindar, portar og dørar skal lukkast.

Lokk og kummar må haldast i forskriftsmessig stand av abonnenten.

Anlegga skal tømmast i samsvar med tømmefrekvens som er oppgitt i utsleppsløyvet. SIMAS kan fastsetje annan tømmefrekvens.

SIMAS kan gjere unntak for tømmeordninga der abonnenten etter søknad og avtale syter for forsvarleg tømming og der slamavskiljar/tank er utanfor rekkevidde av det slamtømmeutstyret som vert nytta.

Abonnentar som vert omfatta av reglane i denne forskrifta, herunder tømming av slam kan berre få fritak frå krav om kommunal slamtømming dersom slamtank fysisk vert kopla frå bygningar på eigedomen eller anboringspunktet er plombert. Fråkopling/plombering må utførast av autorisert røyrleggjar og dokumenterast skriftleg til kommunen.

§ 17.Gebyr

Gebyrsatsar vert fastsett av kommunane ved årlege vedtak.

Gebyret kan krevjast inn i fleire terminar.

Abonnentar som vert omfatta av reglane i denne forskrifta, skal betale gebyr pr. abonnenteining.

SIMAS fastset gebyret for mottak av avfall og slam til sine anlegg og miljøstasjonar.

Gebyret skal fullt ut dekka kostnadane med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet/slammet.

For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning kan det innførast differensierte gebyrsatsar. Differensieringa skal skje på grunnlag av avfallsmengde, avfallstype, materialgjenvinning, heimekompostering, kostnadssparande innsamlingssystem mv.

SIMAS fastset kva abonnentgrupper og tenester som skal inngå i differensiert gebyrordning, herunder forholdet mellom fast og variabel gebyrdel, og på kva måte gebyrdifferensiering skal føretakast.

-Fast (avfallsuavhengig) del av gebyrgrunnlaget vert fastsettast likt for alle abonnentar uavhengig av behaldarstorleik, tenesteomfang mv.
-Variabel (avfallsavhengig) del utgjer resterande del av gebyrgrunnlaget og vert berekna som ein differensiert gebyrdel, avhengig av behaldarstorleik, tenesteomfang, avfallsvolum eller vekt.

SIMAS gir retningsliner om terminar og iverksettingstid ved registrering av nye og ved endring av eksisterande abonnement. Ved nybygg og bruksendring skal gebyr betalast frå og med fyrste heile månad etter at mellombels bruksløyve/bruksendring vert gitt.

SIMAS fastset gebyr til dekking av utgifter for tilleggstenester som utkøyring eller henting av avfallsbehaldarar.

Gebyrsatsar for ulike tenester på miljøstasjonar eller behandlingsanlegg, og ekstra innsamling frå abonnentar, skal betalast separat og vere i tråd med den utførde tenesta.

Gebyr vert fastsett på grunnlag av vekt, volum, stk.-pris eller annan utrekningsmåte i samsvar med gjeldande regelverk.

Om kommunane ynskjer å gje ekstra service til abonnentane utover tilbodet frå SIMAS, skal kommunane dekkje dette sjølve i samsvar med reglane for sjølvkost.

Gebyret vert rekna fullt ut sjølv om eininga ikkje vert nytta.

§ 18.Dispensasjon/endring og andre reglar om betaling mv.

SIMAS kan etter grunngjeven skriftleg søknad gje dispensasjon frå desse forskrifter for særskilte eigedomar. Søknad om dispensasjon skal innehalde korrekte opplysningar om eigar, eigedomen og andre opplysningar SIMAS treng for å behandla søknaden etter gjeldande regelverk.

Eigedomar som er fjerntliggande eller vanskeleg tilgjengeleg er ikkje fritekne dersom hentestaden ikkje er vesentleg vanskelegare tilgjengeleg enn næraste veg, busstopp, handelsmann eller offentleg kai/parkeringsplass.

Abonnentar som kan dokumentere at ei bueining står unytta i meir enn 1 år samanhengande, vil etter søknad kunne få fritak frå gebyret for den aktuelle perioden. SIMAS gir retningsliner for kva dokumentasjon som vert kravd.

Abonnenten pliktar å gje omgåande melding når bueininga vert teken i bruk på nytt. Vert slik melding ikkje send, kan SIMAS krevje gebyr for perioden bueininga var urettmessig friteken.

Dersom bygningen vert endra frå bustadhus til fritidsbustad i matrikkelen, er det vilkår om at melding vert sendt til SIMAS for vurdering av endring i slam- og renovasjonsgebyr.

Fritidseigedomar kan ikkje fritakast frå ordninga eller betalingsplikta på grunnlag av at eigedomen ikkje er i bruk, at den har tungvint bruk, at avfallsordning er unødvendig, eller av liknande grunnar.

Vedtak om endring av renovasjonsgebyr vert gjort gjeldande frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke fullstendig søknad/melding om endring. Endringa kan tidsavgrensast.

Vedtak om endring av slamgebyr vert rekna frå årsskiftet etter registrering. Ved avslutting av eit abonnement, skal det reknast gebyr fram til siste tømming av slamavskiljar//septiktank fullt ut er betalt. Endringa kan tidsavgrensast.

§ 19.Reduksjon i renovasjonsgebyret

For abonnenteiningar som går saman om avfallsbehaldarar, herunder heimekomposterer, kan gebyret reduserast etter nærare retningsliner fastsette av SIMAS. Gebyret vert då fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum.

§ 20.Innkrevjing og renter

Gebyr med renter og kostnader er sikra med lovbestemd pant, jf. pantelova § 6-1, 2. ledd. Om renteplikt gjeld lov om renter ved forseinka betaling. Gebyret skal betalast sjølv om det er omtvista.

§ 21.Klage

Vedtak med heimel i denne forskrifta kan påklagast innan 3 veker frå vedtaket er motteke, jf. forvaltningslova § 29 dersom vedtaket er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 28 og forurensningsloven § 85. Klagen sendast til SIMAS. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, skal den leggjast fram for klageorganet i SIMAS.

§ 22.Sanksjonar og straff

Ved manglande eller feilaktig sortering av avfallet i høve til reglane i denne forskrifta, vil det bli gitt melding frå SIMAS om at dette må rettast opp. Ved graverande eller gjentekne brot på regelverket, kan renovatøren nekte å tømme avfallsbehaldarane.

For å unngå problem knytt til helse eller forsøpling, kan SIMAS gjennomføra separat innkøyring og sortering av feilsortert avfall for abonnenten si rekning. Tilsvarande tiltak kan og nyttast når avfallsbehaldarar er overfylte, for tunge, feilaktig plassert, har avfall plassert på utsida eller på andre måtar er i strid med reglane i denne forskrifta.

Brot på denne forskrifta kan ut over dette straffast med bøter, jf. forurensningsloven § 79, 2. leddet.

Dersom abonnenten ikkje oppfyller opplysningsplikta, eller gir feil opplysningar, slik at det vert betalt for lågt gebyr, kan SIMAS føreta avrekning.

Dersom fritak vert gjeve på grunnlag av ukorrekte eller manglande opplysningar frå abonnenten, kan SIMAS etterfakturera frå fritaksdato.

§ 23.Overføring av mynde

Det mynde som kommunane har i lov om ureining mv. vert delegert til SIMAS så langt lova tillèt. SIMAS vedtek eigne retningsliner med heimel i Ureiningslova, denne forskrift og delegasjonsvedtak i medhald av forurensningslova.

SIMAS kan gi retningsliner for etablering av avfallsløysingar og for gjennomføring av forskrifta.

§ 24.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2017.

Frå same tid blir følgjande forskrifter oppheva:

-Forskrift 31. oktober 2001 nr. 1260 for innsamling av forbruksavfall og slamtøming, Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.
-Betalingsregulativ 31. oktober 2001 nr. 1261 for gebyr etter forurensningsloven § 26 og § 34 - renovasjon og kloakkslam, Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar, Sogn og Fjordane.