PDF-versjon | Signatur
OPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJONOPPRINNELIG KUNNGJORT VERSJON
Norsk Lovtidend logo

Forskrift om åpen brenning og brenning av avfall i småovner, Flora kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2016-12-20-1910
Publisert
Ikrafttredelse10.01.2017
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort10.01.2017   kl. 14.30
Journalnr2017-0012
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Flora

Heimel: Fastsett av Flora kommunestyre 20. desember 2016 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra ureining og helseproblem i kommunen som fylgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor Flora kommune sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meines med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Klima og forurensningsdirektoratet eller Fylkesmannen eller er tillate brukt etter statlige forskrift etter ureiningslova.
c)Reint trevirke: trevirke som er ubehandla, ikkje malt, beisa, trykkimpregnert eller liknande.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna fylgjer av § 5 i denne forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Fylgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)open brenning på grillinnretning, utepeis, kaffibål og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv
derdet er opplagt at det ikkje kan starte en større brann.
b)brenning av avispapir og reint trevirke i vedomn, heime eller på fritidsbustad.
c)Sankthansbål av reint trevirke, etter melding til Brannsjefen. Bålplassen skal ryddast etter bruk.
d)Bråtebrenning utanfor tettbygde strøk, etter melding til Brannsjefen
e)Brenning av hageavfall, gammelt gras, tørt lauv, tørre kvistar/mindre greiner på eigen tomt, etter melding til Brannsjefen.
f)Brannøvingar/undervisning, medrekna øvingsbrenning av kondemnerte hus og kontrollerte slukningsøvinger, i samarbeid med Flora brannvesen og andre øvingar med bruk av pulver og skumapparat.

Dersom det er usikkert om brenning som er skreve i punkt a til f kan føra til at det blir varsla om brann, skal brannvesenet kontaktast på førehand.

§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlige tilfelle, etter søknad gi dispensasjon frå forbodet i § 4. Kommunen kan ikkje gje dispensasjon for brenning av produksjonsavfall eller brenning av avfall i småomnar.

§ 7.Tilsyn

Kommunen er tilsynsmynde etter denne forskrifta.

§ 8.Klage

Vedtak treft av Rådmannen i medhald av denne forskrifta er å rekna som enkeltvedtak og kan påklagast til klagenemnda i Flora kommune.

§ 9.Straff

Brot på forskrifta kan medføra straffeansvar jf. lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering i Norsk Lovtidend.