Forskrift om opprettelse av landskapsvernområde, Gaular kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1971-10-22-4
PublisertI 1971 s 1392, II 1971 s 979
Ikrafttredelse22.10.1971
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 5 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om landskapsvernområde, Gaular

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 22. oktober 1971.

I.

I medhold av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5 vert eit område på om lag 20 da kring Hestad kapell, gnr, 50, bnr. 3, eigar Nordvald Hestad, i Gaular kommune, Sogn og Fjordane fylke, lagt ut som landskapsvernområde i samsvar medføresegner i eit framlegg som ligg ved.

II.

Den myndighet Kongen har etter § 21 om merking av fredningar m.v. og etter § 23 til å gjere unntak frå fredningsføresegnene, vert ført over til departementet.

III.

Dette vedtaket trer i kraft straks.

Framlegget lyder:

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 § 5 er ved kgl.res.av 22. oktober 1971 fastsett at landtunga med Hestad kapell, gnr. 50, bnr. 3 i Gaular kommune, Sogn og Fjordane fylke skal vera landskapsvernområde i samsvar med føresegner som nedafor nemde. Det verna området som er om lag 20 da, er i nord avgrensa av vegkrossen med fylkesveg, i aust av Viksdalsvatnet, i syd av brua og i vest av Hestadfjorden. Føremålet er å verna det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne.

Skipinga av landskapsvernområdet grip ikkje inn i eigartilhøve eller eigarrettar utover det som følgjer av føresegnene.

II

For landskapsvernområdet gjeld desse føresegnene:

a.Hus eller andre byggverk eller anlegg må ikkje førast opp, med unnatak av eit långt båtnaust for eigeren etternærare godkjenning av utvalet.
b.Nye vegar eller luftledningar må ikkje førast gjennom området eller over vatnet i ein fråstand av 200 m .

Nåverande veg og kraftline må ikkje utvidast.

c.Graving etter grus, unnateke i rimeleg omfang til eige bruk, eller andre inngrep i terrenget utom sjølve kyrkjegarden er forbode.
d.Tre- og buskevegetasjon skal stellast med vekt på å verne stadeigne artar og særmerkte tre.
e.Dersom omsynet til natur- og kulturmiljøet gjer det naudsynt, kan parkering av bilar og campingvogner, teltslåing og anna aktivitet som valdar larm og uro verta forbode i heile området eller deler av det.
f.For kapellet med kyrkjegarden svarar som før foreningen til Norske Fortidsminnes-merkers Bevaring og det kommunale organ.
g.Til å følgja utviklinga i landskapsvernområdet, koma med framlegg til tiltak og gi fråsegn om spørsmål som vedkjem vernet av området og ta avgjerd i saker etter a og e, vert oppnemnt eit utval med eigaren og ein representant for naturvernadministrasjonen, ein for fortidsminneforeininga og ein for kommunen. Representantane skal ha personlege varamedlem.