Forskrift om naturfredning, Sandviki, Vinje kommune, Telemark.

DatoFOR-1971-10-29-3
PublisertI 1971 s 1426, II 1971 s 996
Ikrafttredelse29.10.1971
Sist endret
Endrer
Gjelder forSandviki, Vinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sandviki naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 29. oktober 1971.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8 vert eit område på om lag 180 da i Sandviki på gnr. 18, bnr.6, eigar Knut Reinsvik, Vinje kommune, Telemark fylke, freda som naturreservat i samsvar med føresegner i eit framlegg som ligg ved.

II

Myndighet for Kongen etter naturvernlovas § 21 til merking av fredningar m.m. og etter § 23 til å gjera unntak frå fredningsføresegnene vert overført til departementet.

III

Dette vedtaket trer i kraft straks.

Utkastet lyder:

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 § 8 ved kgl.res. av 29. oktober i alt om lag 180 da utmark delvis tilvaksen med almebladskog i Sandviki, gnr. 18, bnr.6 i Vinje kommune, Telemark fylke freda som naturreservat.

Grensene for reservatet skal fastsetjast nøyaktig i marka.

II

I det freda området er forbode;

a)å fella eller å gjera skade på tre og buskar,
b)å bruka kjemiske plantevernmiddel eller gjødselstoff,
c)å reisa byggverk, leggja vegar eller luftledningar og å setja i gang andre tiltak som kan valda skade på sjølve terrenget,
d)å planta tre.

Fredninga er ikkje til hinder for at eigaren sine husdyr får beita i same omfang som tidlegare.

III

Departementet kan etter søknad gi dispensasjon fra fredningsføresegnene i samband med vitenskapelege granskingar og arbeid som ikkje set almeførekomsten i fåre.