Forskrift om vern som landskapsvern- og fuglefredningsområde, Søndre Frøyland, Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-1978-06-30-3
PublisertII 1978 s 349
Ikrafttredelse24.08.1978
Sist endret
Endrer
Gjelder forSøndre Frøyland landskapsvern- og fugleredningsområde, Time kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, § 9 og § 14 jf § 6 og § 10 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskr. om Søndre Frøyland landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 30. juni 1978. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, § 9 og § 14, 2. ledd, jfr. § 6 og § 10, er eit område ved søndre del av Frøylandsvatn i Time kommune, Rogaland fylke, ved kgl.res. av 30. juni 1978 verna som landskapsverrneområde, og samstundes er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø freda innafor det same område og i tilstøytande regulerte friområde (stadfesta reguleringsplanar frå 12. november 1953 og 14. juni 1975).

II

Vernet og fredinga vedkjem desse eigedomane (gnr./bnr.):

1/63, 1/82, 1/91, 1/103, 1/142, 1/145, 1/225, 1/245, 1/443, 1/464, 1/476, 1/533, 1/534, 2/14, 2/15, 2/16, 2/18, 2/41, 2/42, 2/43, 2/172, 2/188, 2/191, 2/301, 2/596, 19/2, 19/7.

Verneområdet dekkjer eit areal på ca. 700 dekar, og av dette er ca. 200 dekar landareal.

Fuglelivsfreding og biotopvern (fuglefredingsområde) gjeld innafor heile verneområdet som er avgrensa slik:

Grensa tek utgangspunkt i nordlegaste punktet på Bryneholmen, følgjer eigedomsgrensa mellom grn. 1, brn. 1 og grn. 1, brn. 225 i vestleg retning fram til gjerde mot jernbanen. I vest følgjer grensa dette gjerde i sørleg og sørvestleg retning fram til knekkpunkt merka pkt. A på kart,-herfra i rett linje til nytt knekkpunkt, pkt. B, og vidare langs gjerdet til dette fell saman med vestgrensa for regulert friområde (jfr. reguleringsplan stadfesta 14. juni 1975).

Grensa for verneområdet fell saman med den vestre, søndre og ein del av austre avgrensing av sistnemde friområde heilt fram til eit punkt der austgrensa kryssar trasè for nordsjøkloakken. Herifrå følgjer grensa denne trasèen i austleg og nordaustleg retning fram til møte med gardsveg på grn. 19, brn. 2. Her bryt grensa av mot nord og går fram til strandkanten ved Frøylandsvatnet. Herifrå går grensa ut i Frøylandsvatnet i nord-nordaustleg retning til det austlegaste punktet for verneområdet. Dette punktet ligg 300 meter frå liten holme (rett nord for Tangen) på forlenginga av rett line gjennom nordspissen av denne holmen og nordspissen av Bryneholmen. Grensa følgjer vidare denne lina attende til utgangspunktet på Bryneholmen.

Landskapsvernområdet dekkjer den del av verneområdet som ikkje er omfatta av stadfesta reguleringsplan.

Fuglefredingsområdet dekkjer i tillegg dei områda som er regulert til friområde gjennom stadfesta reguleringsplan frå 12. november 1953 og 14. juni 1975.

På vedlagte kart i målestokk 1 : 5000, datert februar 1978, har ein teikna inn grensene for verneområdet med markering av landskapsvernområdet (jfr. loddrett lineskravering) og området der berre fuglelivsfreding med biotopvern er innført (prikka område).

Kartet vert oppbevart i Miljøverndepartementet, hjå fylkesmannen og i Time kommune.

Grensene vil bli avmerkte i marka.

III

Formålet med vern av landskap, fugleliv og biotop er å bevare eit vakkert og eigenarta landskapsbilete med Tangen som eit dominerande og geologisk verdifullt element, og samstundes verne om forekomstane av trekkande, overvintrande og hekkande fugl i området.

IV

Følgjande regler gjeld for heile verneområdet (landskapsvernområdet og fuglefredingsområdet):

1.Alle fugleartar, herunder fuglane sine reir, egg og ungar, er freda heile året mot jakt, fangst, skade og unødig uro.

Det er forbode å løyse skot i området. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til felling av visse fugleartar eller avfyring av skremmeskot for å hindre skade på avling.

2.Inngrep eller tiltak i siv-, mark- og trevegetasjon som i vesentleg grad kan skade eler øydeleggje livsvilkåra for fuglelivet og som ikkje følgjer av vanleg ferdsel eller skjer i medhald av pkt. IV, 3, pkt. V, 3 og pkt. VII, er ikkje tillate.

I den grad tiltak for opparbeiding av område for friluftsliv i vesentleg grad kan påverka biotoptilhøva, skal planane godkjennast av forvaltningsstyresmakta.

3.Reglane i pkt. IV, 2 og pkt. V, 1 er ikkje til hinder for drift av hagar og eksisterande jordbruksareal i samsvar med tidlegare bruksmåtar, for turvande vedlikehald av bygningar, anlegg og grøfter, og for gjennomføring av godkjende skjøtselstiltak i området.

Gjødsling og beiting på eksisterande landbruksareal er tillate.

Oppreinsking av elveutløpet krev samtykke frå forvaltningsstyresmakta.

V

I tillegg til reglane i pkt. IV gjeld følgjande reglar for landskapsvernområdet:

1.Inngrep eller verksemd som kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg, herunder uttak og utfylling av masse, drenering, oppføring av bygningar, anlegg m.v., framføring av luftleidningar, utslepp av konsentrerte forureiningar og bortlegging av avfall er ikkje tillate.
2.Inngrep som kan endre vassnivået er ikkje tillate.
3.Motorisert ferdsel på Litlavatnet er forbode, med unntak av ferdsel i samband med ambulanse-, brannvern-, politi-, oppsyns- og skjøtselsverksemd.

Bruk av robåt i samband med utøving av eksisterande fiskerett, strandrett og båtrett og for transport eller ferdsel kortaste veg ut og inn av det verna området er tillate.

VI

Departementet kan gjere unntak frå vernereglane for vitenskapelege formål eller tiltak av vesentlig samfunnsmessig verd eller i særlege høve når det ikkje strir mot formålet med vernevedtaket.

VII

Skjøtsel som er naudsynt for å oppfylle formålet med vernet skal utførast av forvaltningsstyresmakta eller av den forvaltningsstyresmakta bestemmer. Skjøtselen skal skje etter plan utarbeidd av forvaltningsstyresmakta og godkjent av Miljøverndep.

VIII

Forvaltninga av vernereglane vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

IX

Den heimel Kongen har etter § 6 om skjøtsel, etter § 21 til å gi reglar om merking av fredningar m.v., etter § 22 til å innføre ferdselsforbod og etter § 23 til å gjere unntak frå vernereglane, vert overført til Miljøverndepartementet.