Forskrift om Vingen landskapsvernområde, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Del av fullmakt.

DatoFOR-1980-05-09-3
PublisertII 1980 s 398
Ikrafttredelse09.05.1980
Sist endret
Endrer
Gjelder forVingen, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Vingen landskapsvernomåde

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved Kronprinsreg.res. av 9. mai 1980. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970, nr. 63 § 5, jfr. § 6 og §§ 21, 22 og 23, er eit område i Vingen, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylke, verna under namnet Vingen landskapsvernområde.

Det verna området er på ca. 5.000 dekar, og omfatter gnr./bnr. 77/1, 78/1, 2, 6, 78/3, 4 og 78/5, 7.

II

Vingen landskapsvernområde har følgjande grenser:

Grensa tek sitt utgangspunkt i pkt. 1 på kart i målestokk 1:20.000, dagsett Miljøverndepartementet november 1979, og følgjer først eiendomsdelet 80/1 og 78/3 og seinare 80/1 og 78/1 til pkt. 2, går i rette liner gjennom punkta 3, 4, 5 og 6 og vidare langs eigedomsdelet 78/3 og 77/1 til pkt. 7.

Pkt. 1: der eigedomsdelet 80/1 og 78/3 møter sjøen.

Pkt. 2: knekkpunkt i eigedomsdelet 80/1 og 78/1, ved Hamreskartjønn.

Pkt. 3: toppunkt på Hesten, 803 m.o.h.

Pkt. 4: toppunkt på Vingekvarven, 940 m.o.h.

Pkt. 5: topp ved Vingesetra, 502 m.o.h.

Pkt. 6: knekkpunkt i eigedomsdelet 78/3 og 77/1.

Pkt. 7: der eigedomsdelet 78/3 og 77/1 møter sjøen.

III

Formålet med landskapsvernområdet er å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk (helleristningsfelt).

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle tekniske inngrep som vesentleg kan endre landskapet sin art eller karakter er forbode, her medrekna vegbygging, framføring av luftleidningar, jordkablar, oppføring av bygningar og anlegg samt bortleggjing av avfall.

Forbodet gjeld ikkje vanleg vedlikehald og drift av eksisterande bygningar, vegar, innretningar m.v. nemnde under dette punktet, eller tiltak i medhald av godkjend skjøtselsplan.

2.Motorferdsel, her medrekna landing med luftfarty, er forbode unnateke til ambulanse-, brannvern-, politi-, oppsyns- og skjøtselsformål. Landing med motorbåt er tillate.
3.Dersom omsynet til verneverdiane gjer det naudsynt, kan departementet setje forbod mot telting og leirslåing og fastsetje nærare reglar om ferdselen.
4.Vernereglane skal ikkje vere til hinder for den forskning og undervisning som Historisk Museum, Universitetet i Bergen, ønskjer å drive så lenge dette ikkje er i strid med verneformålet.

V

Miljøverndepartementet kan gjere unntak frå vernereglane for vitskapelege formål, tiltak av vesentlig samfunnsmessig verd eller i særlege tilfelle når det ikkje strir mot formålet med vernet.

VI

Forvaltninga av vernereglane og tilsynet med landskapsvernområdet vert lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen skal i samarabeid med Historisk museum, Universitetet i Bergen, syte for utarbeiding av skjøtselsplan for landskapsvernområdet. Skjøtselsplanen skal godkjennast av Miljøverndepartementet.

VII

Den kompetanse Kongen har etter § 6 til å fastsette nærare reglar for området og om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredingar m.v, etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unnatak frå vernereglane vert overførd til Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet vert gjeven fullmakt til å rette opp mogelege feil i grenseskildringa og i oversikten over gnr. bnr.

Denne føresegna trer i kraft straks.