Forskrift om vern for Møsvatn Austfjell landskapsvernområde med fuglelivsfredning i nedre del av nedslagsfeltet til Hondlevassdraget, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.

DatoFOR-1981-04-10-4828
PublisertII 1981 s 278
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forTinn og Vinje kommunar, Telemark
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5og§14, jf LOV-1970-06-19-63-§6og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Møsvatn Austfjell verneområde

Fastsett ved kgl.res. av 10. april 1981. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra ved forskrifter 6 juni 1997 nr. 1124 (ikrafttredelse 1 jan 1998 iflg. forskrift 9 okt 1997 nr. 1129), 31 mai 2002 nr. 544 (forskriften kunngjort i sin helhet), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013). 

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 5 og 14, jfr. § 6 og §§ 21, 22 og 23, er det ved kgl.res. av 10. april 1981 fastsett at eit område i tilknytning til Hardangervidda nasjonalpark i kommunane Tinn og Vinje i Telemark fylke skal leggjast ut som landskapsvernområde med namnet Møsvatn Austfjell landskapsvernområde, og som skal ha ei fuglefredning i nedre del av nedslagsfeltet til Hondlevassdraget. Forskriften er endra med kgl.res. 31 mai 2002 nr. 544 og lyder etter dette:

§ 1.Storleik og grenser

Landskapsvernområdet omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 

Vinje kommune: Gnr./bnr.: 164/1, 2, 3, 5, 11, 13, 15, 16 - 167/1, 2 - 168/1, 4, 5. 

Tinn kommune: Gnr./bnr.: 69/3 - 78/8 - 87/2, 6, 7 - 89/1, 4 - 90/1 - 91/8 - 92/4 - 93/6, 8 - 95/5 - 108/7 - 109/1 - 110/1, 7 - 112/1, 2 - 113/1, 2, 3, 4 - 114/2, 6 - 116/2, 3 - 117/11 - 118/2, 3, 8, 13, 16 - 119/9 - 121/4 - 122/5, 10, 68 - 123/2, 102 - 124/5, 9, 13 - 136/7 - 137/10, 11, 13 - 138/2, 8.

Det samla areal for landskapsvernområdet er ca. 299 km² . Av dette ligg omlag 103 km² i Vinje kommune og ca. 196 km² i Tinn kommune. Området med fuglelivsfreding ligg i Tinn kommune og er ca. 4,5 km² .

Landskapsvernområdet har følgjande grenser:

Grensa tek utgangspunkt på Hyttenutan h. 1450 (12) i Vinje kommune og går derifrå søraustover til austre Vinikyrkja h. 1325 (90). Derifrå går grensa vidare til Gjuvikfjell h. 1571 (91) og så sør-søraustover i rett line ned til sørspissen av Tuddøltjønn (92) og følgjer vasskanten fram til utlaupet av vatnet (93). Grensa held fram i aust-søraustleg retning til sørenden av Flottetjønn (94) og vidare sør-søraustleg ned til Vetrhusfjell h. 1113 (95) og Kokenut (Kokarnut) h. 1086 (96). Derifrå søraustover i rett line ned til Hondlevassdraget sitt utlaup i Svingling på grenda mellom kommunane Tinn og Vinje (97). Grensa går så nordaustover til punkt h. 949 (98) eit par hundre meter sør-søraust for søraustlegaste bredd i Finnerotjern og nordaustover til punkt h. 1124 (99) like nord-nordvest for Listøl og vidare til Vigfithøgd h. 1285 (100) og til Nøtingshovd h. 1341 (101) og nord-nordvestover fram til Lostjørnnut h. 1336 (102). Grensa går vidare nordvestover til vestlegaste bredd av Stuttostjønn (103) og vidare vest-nordvest fram til der Saurbekk går ut i Gøystavatn (104). Derifrå går grensa nordvestover over Skardfjell fram til h. 1488 (105), derifrå nord-nordvest til austenden av Ongelbutjørni (106) og vidare nordvestover til Holabrotet h. 1187 (107). Grensa går så vidare nordvestover fram til Stordalsnutan h. 1444 (11) og attende sørvestover til utgangspunktet på Hyttenutan h. 1450 (12) langs nasjonalparkgrensa.

Området med særskilde vernereglar for fuglelivet har følgjande grenser:

Grensa følgjer grensa for landskapsvernområdet frå det punkt mellom 96 og 97 der denne krysser nordvestre strandbredd på det lille vatnet vest for nordenden av Steinartjern, fram til punkt 98. Herfrå vinkler grensa nord-nordaustover til markert topp aust for Finnerotjern, herifrå i rett line nord-nordvestover til møte mellom to bekkar ca. 400 meter rett vest for Merakkseter, herfrå i rett line vest-nordvestover til brua over Hondle aust for Grønliseter, deretter i rett line fram til utgangspunktet mellom punktane 96 og 97 i grensa for landskapsvernområdet.

Dei nøyaktige grensene skal oppmerkjast i marka og då hovudsakleg ved markering av grensepunkta. Grensene er innteikna på eit kart i målestokk 1:100.000 datert Miljøverndepartementet mars 1981. Kartet blir oppbevart i kommunane, hjå fylkesmennene, skogforvaltninga og i Miljøverndepartementet. Kartet svarar til følgjande kart i M 711-serien (1:50.000): 1314 I Røldal, 1315 I Ullensvang, 1315 II Ringedalsvatn, 1414 I Songevatn, 1414 IV Haukelisæter, 1415 I Bjoreio, 1415 II Nordmannslågen, 1415 III Hårteigen, 1415 IV Eidfjord, 1416 II Hardangerjøkulen, 1416 III Myrdal, 1514 I Frøystul, 1514 IV Møsstrand, 1515 I Skurdalen, 1515 II Kalhovd, 1515 III Lågaros, 1515 IV Hein, 1516 III Hallingskarvet.

§ 2.Føremål

Føremålet er å verne eit særmerkt og vakkert natur- og kulturlandskap med mellom anna eit variert dyreliv, med kulturminne og til dels med særs urørte naturområde i tilknyting til Hardangervidda nasjonalpark.

§ 3.Rettstilhøve

Grunneigarar og andre rettshavarar skal framleis ha eigedomsrett og bruksrett i landskapsvernområdet og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneformålet. Det same gjeld bruk av allmenningsrettar etter fjellova. Der vernereglane gjev løyve til bruk, gjeld dette berre i høve til vernet og gjev ikkje løyve til bruk eller utnytting i strid med rettar eller lovreglar.

§ 4.Vernereglar 
4.1 Landskapet
4.1.1 Landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna vegbygging, nydyrking, gjødsling, drenering og anna form for tørrlegging, bergverksdrift, massetak, vassdragsreguleringar, framføring av kraft- og telefonliner, taubaner, heiser, oppføring eller ombygging av bygningar, parkering av campingvogner, brakker o.l. Kulturminne må ikkje påførast skade. Det er heller ikkje tillate å utføre forundersøkingar for tekniske inngrep. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.1.2 Reglane under pkt. 4.1.1. skal ikkje vere til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar, anlegg, bruer og klopper.
b)Naudsynt inngjerding av samlekve.
c)Naudsynt merking og kvisting av ski og turistløyper der dette følgjer gjeldande vinter- og sommarmerking.

Alle skal oppføre seg omsynsfullt og varsamt for ikkje å skade natur- og kulturverdiane eller vere til ulempe for andre. Det er ikkje tillate å forsøple naturen.

4.1.3 Forvaltningsstyresmakta kan i samråd med kulturstyresmaktene gje løyve til:
a)Ombygging av bygningar innafor eksisterande grunnflate.
b)Mindre tilbygg til bygningar.
c)Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
d)Bygging av naust for opplag av båt og utstyr til fiske.
e)Naudsynt merking og kvisting av nye ski og turistløyper.
f)Bygging av bruer og klopper.
g)Restaurering av steinbuer.
h)Nybygg eller større tilbygg til eksisterande bygningar, i særskilde tilfelle i samband med landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte.
j)Vedlikehald, naudsynt skjøtsel og evt. restaurering av kulturminne og kulturmiljø. 
4.2 Ferdsle
4.2.1 Forvaltningsstyresmakta kan stille krav om løyve ved organisert ferdsle som kan skade verneverdiane, jf. forvaltningsplanen.
4.2.2 Militær øvingsaktivitet krev løyve frå forvaltingsstyresmakta. Reglane er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd.
4.2.3 Dersom omsyn til natur, dyreliv eller kulturminne tilseier det, kan forvaltningsstyresmakta syte for at opparbeidde turistruter og -løyper vert omlagde eller nedlagde.
§ 5.Område med fuglelivsfreding

I nedre del av nedslagsfeltet til Hondlevassdraget skal følgjande vernereglar gjelde:

a)Fuglar og deira reir og egg skal vere freda mot skade og øydelegging av alle slag. Det kan drivast vanleg jakt på rype.
b)Fuglelivet skal vere verna mot uro og fotografering i yngletida.
c)Hundar må ikkje sleppast laus i området. Unnateke er bruk av hund til jakt i lovleg jakttid, gjetarhundar for gjeting og sanking av beitedyr og godkjende hundar i samband med oppdrag i politi- og fjellsikringsteneste.
d)Nye dyreartar må ikkje innførast.
e)Forvaltningsstyresmakta kan fastsetje reglar om regulering av ferdsla dersom dette syner seg naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.
§ 6.Generelle reglar om unnatak

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå reglane i § 4 og § 5 for tiltak ut frå vesentlege samfunnsmessige omsyn, for vitskapelege føremål, når føremålet med fredinga krev det og i særlege tilfelle, når det ikkje er i strid med føremålet med landskapsvernområdet.

§ 7.Forvaltning

Miljødirektoratet avgjer kven som skal ha forvaltningsmynde etter forskrifta. 

7.1 Samarbeidsrådet for Hardangervidda

Miljøverndepartementet kan peike ut eit samarbeidsråd for Hardangervidda samansett av representantar for brukar- og verneinteresser og forvaltninga. Sekretær for rådet vert oppnemnd av Miljøverndepartementet.

7.2 Nærare reglar for forvaltningsorgana

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for forvaltningsorgana si organisering, utøving av mynde og arbeid elles.

Forvaltningsstyresmakta skal utarbeide ein forvaltningsplan for landskapsvernområdet. Planen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft straks.