Forskrift om vern for Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde - Eidfjord og Ulvik kommunar, Hordaland, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud.

DatoFOR-1981-04-10-4829
PublisertII 1981 s 273
Ikrafttredelse01.06.1981
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forEidfjord og Ulvik kommunar, Hordaland, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskr. om vern av Skaupsjøen m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 10. april 1981. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 6 juni 1997 nr. 1123 (ikrafttredelse 1 jan 1997 iflg. forskrift 9 okt 1997 nr. 1128), 31 mai 2002 nr. 543 (heile forskrifta kunngjort på ny), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013). 

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jfr. § 6, og § 21, § 22 og § 23, er det ved kgl.res. av 10. april 1981 fastsett at eit område i kommunane Eidfjord og Ulvik i Hordaland fylke og i kommunane Hol og Nore og Uvdal i Buskerud fylke skal leggjast ut som landskapsvernområde med namnet Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde i tilknytning til Hardangervidda nasjonalpark. Forskriften er endra med kgl.res. 31 april 2002 nr. 543 og lyder etter dette.

§ 1.Storleik og grenser

Landskapsvernområdet omfattar delar av statsallmenningane Eidfjord, Ulvik og Øvre Numedal og delar av følgjande gnr./bnr.: 

Eidfjord kommune: Gnr./bnr. 26/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 - 27/1, 2, 3, 4, 5 - 28/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8. 

Hol kommune: Gnr./bnr. 44/2, 6, 17 - 45/1 - 46/1 - 47/2, 3, 23 - 48/1 - 49/4, 15 - 50/1 - 51/1, 3, 4 - 52/1, 3, 6, 8, 10, 13, 188, 364 - 53/4 - 54/1, 3 - 55/1, 2, 4, 5, 7, 8, 53 - 56/1, 2, 4, 6 - 57/1, 3, 6, 7, 16 - 58/3, 7 - 59/1, 2, 5, 15 - 60/2, 5, 7, 9, 17 - 61/1, 5, 6 - 62/4 - 63/1, 3 - 64/1, 2, 3, 7, 8, 12 - 64/1 - 66/1, 6, 19, 93 - 67/1, 2, 4, 5, 6 - 68/1, 5 - 69/2, 14 - 70/1 - 71/1 - 72/1, 2, 3, 5 - 76/1 - 77/1 - 78/1 - 79/1 - 80/1 - 81/1, 3, 4 - 82/1, 2 - 83/1, 2 - 84/1 - 85/1 - 86/1 - 87/18 - 88/1 - 89/1 - 90/1 - 91/1, 5 - 92/1, 2, 3 - 93/1. 

Nore og Uvdal kommune: Gnr. bnr. 5/1 - 7/1 - 30/2 - 36/1 - 38/1 - 41/3 - 45/1, 3. 

Det samla areal for landskapsvernområdet er ca. 551 km² . Av dette ligg omlag 390 km² i Hordaland fylke og dei resterande 161 km² i Buskerud fylke.

Landskapsvernområdet har følgjande grenser:

Grensa tek utgangspunkt på store Grønenuten h. 1384 (69) i Hol kommune og går nordvestover til Krekkjaheii h. 1335 (70). Derifrå går grensa nord-nordvestover til utlaupet av Grøna i Lægreidvatnet (71) og følgjer vestbredden av Ørterenmagasinet (Lægreidvatn, Ørteren og nedre Trestiklan) ved h.r.v. 1146,0 til nordlegaste bredd av nedre Trestiklan (72). Grensa går vidare mot nord-nordvest fram til Bergsmulen h. 1496 (73) og følgjer derifrå fylkesgrensa mellom Buskerud og Hordaland fram til h. 1470 (74) nordvest for Bergsmulnut. Derifrå vest-nordvestleg til store Hansbunuten h. 1476 (75) og nordover til lille Hansbunuten h. 1367 (76). Grensa går vidare nordaustover til Ustekveikja der Tveraa munnar ut (77) og følgjer det nordlegaste laup til vassdraget til utlaupet av Ustekveikja i Finsevatnet (78) og følgjer vassdraget i same retning til vestenden av Ustekveikvats (79). Derifrå nordvestover til Memorge, h. 1412 (80) og så sydvestover til Brakanut h. 1311 (81) og sørover langs grensa for statsallmenninga til Luranuten h. 1637 (82). Grensa går vidare syd-sydvestover ca. 1200 meter i retning av Rembesdalseter langs ein morenerygg, og går i enden av denne (83) søraustover til Moldnut h. 1270 (84) og vidare til store Tresnut h. 1672 (85) der ein kjem inn på grensa til statsallmenninga att. Grensa følgjer så statsallmenningsgrensa sydaustover til knekkpunkt ved h. 1569 (86) sydvest av vesle Leirbotnskåki. Derifrå går grensa sydaust til vestenden av Leirvatnet (87) og vidare til Smyttenutane h. 1214 (88). Grensa går så sydaustover til punkt der statsallmenningen har knekkpunkt sydaustover i Kjeldovassdraget (89). Derifrå følgjer grensa statsallmenningsgrensa ned til Steinbunuten h. 1371, Hella blå, Håsteinen og til slutt Hyttehaugen h. 1321 (65). Derifrå går grensa nordaustover saman med nasjonalparkgrensa til Nibbesnuten h. 1325 (66) og austover til Skyttarbuhovda h. 1267 (67). Grensa går derifrå nordover til ho i eit punkt møter grensa mellom kommunane Hol og Nore og Uvdal på austbredden av øvre Hein (68). Derifrå går grensa aust-nordaustover attende til utgangspunktet store Grønenuten h. 1384 (69).

Dei nøyaktige grensene skal oppmerkjast i marka og då hovudsakleg ved markering av grensepunkta. Grensene er innteikna på eit kart i målestokk 1:100.000 datert Miljøverndepartementet mars 1981. Kartet blir oppbevart i kommunane, hjå fylkesmennene, skogforvaltninga og i Miljøverndepartementet.

Kartet svarar til følgjande kart i M 711-serien (1:50000), 1314 I Høldal, 1315 I Ullensvang, 1315 II Ringedalsvatn, 1414 I Songevatn, 1414 IV Haukelisæter, 1415 I Bjoreio, 1415 II Nordmannslågen, 1415 III Hårteigen, 1415 IV Eidfjord, 1416 II Hardangerjøkulen, 1416 III Myrdal, 1514 I Frøystul, 1514 IV Møsstrand, 1515 I Skurdalen, 1515 II Kalhovd, 1515 III Lågaros, 1515 IV Hein, 1516 III Hallingskarvet.

§ 2.Føremål

Føremålet er å verne eit særmerkt og vakkert naturlandskap med mange kulturminne i tilknyting til Hardangervidda nasjonalpark.

§ 3.Rettstilhøve

Grunneigarar og andre rettshavarar skal framleis ha eigedomsrett og bruksrett i landskapsvernområdet og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneformålet. Det same gjeld bruk av allmenningsrettar etter fjellova. Der vernereglane gjev løyve til bruk, gjeld dette berre i høve til vernet og gjev ikkje løyve til bruk eller utnytting i strid med rettar eller lovreglar.

§ 4.Vernereglar
4.1 Landskapet
4.1.1 Landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna vegbygging, nydyrking, gjødsling, drenering og anna form for tørrlegging, bergverksdrift, massetak, vassdragsreguleringar, framføring av kraft- og telefonliner, taubaner, heiser, oppføring eller ombygging av bygningar, parkering av campingvogner, brakker o.l. Kulturminne må ikkje påførast skade. Det er heller ikkje tillate å utføre forundersøkingar for tekniske inngrep. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.1.2 Reglane under pkt. 4.1.1. skal ikkje vere til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar, anlegg, bruer og klopper.
b)Naudsynt inngjerding av samlekve.
c)Naudsynt merking og kvisting av ski og turistløyper der dette følgjer gjeldande vinter- og sommarmerking.

Alle skal oppføre seg omsynsfullt og varsamt for ikkje å skade natur- og kulturverdiane eller vere til ulempe for andre. Det er ikkje tillate å forsøple naturen.

4.1.3 Forvaltningsstyresmakta kan i samråd med kulturstyresmaktene gje løyve til:
a)Ombygging av bygningar innafor eksisterande grunnflate.
b)Mindre tilbygg til bygningar.
c)Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
d)Bygging av naust for opplag av båt og utstyr til fiske.
e)Naudsynt merking og kvisting av nye ski og turistløyper.
f)Bygging av bruer og klopper.
g)Restaurering av steinbuer.
h)Nybygg eller større tilbygg til eksisterande bygningar, i særskilde tilfelle i samband med landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte.
j)Vedlikehald, naudsynt skjøtsel og evt. restaurering av kulturminne og kulturmiljø. 
4.2 Ferdsle
4.2.1 Forvaltningsstyresmakta kan stille krav om løyve ved organisert ferdsle som kan skade verneverdiane, jf. forvaltningsplanen.
4.2.2 Militær øvingsaktivitet krev løyve frå forvaltingsstyresmakta. Reglane er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd.
4.2.3 Dersom omsyn til natur, dyreliv eller kulturminne tilseier det, kan forvaltningsstyresmakta syte for at opparbeidde turistruter og -løyper vert omlagde eller nedlagde.
§ 5.Generelle reglar om unnatak

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå reglane i § 4 for tiltak ut frå vesentlege samfunnsmessige omsyn, for vitskapelege føremål, når føremålet med fredinga krev det og i særlege tilfelle, når det ikkje er i strid med føremålet med landskapsvernområdet.

§ 6.Forvaltning

Miljødirektoratet avgjer kven som skal ha forvaltningsmynde etter forskrifta. 

6.1 Samarbeidsrådet for Hardangervidda

Miljøverndepartementet kan peike ut eit samarbeidsråd for Hardangervidda samansett av representantar for brukar- og verneinteresser og forvaltninga. Sekretær for rådet vert oppnemnd av Miljøverndepartementet.

6.2 Nærare reglar for forvaltningsorgana

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for forvaltningsorgana si organisering, utøving av mynde og arbeid elles.

Forvaltningsstyresmakta skal utarbeide ein forvaltningsplan for landskapsvernområdet. Planen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft straks.