Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark - Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar, Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud.

DatoFOR-1981-04-10-4830
PublisertII 1981 s 262
Ikrafttredelse01.06.1981
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forOdda, Ullensvang og Eidfjord kommunar, Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, jfr. § 4 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Hardangervidda nasjonalpark

Fastsett ved kgl.res. av 10. april 1981. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 6 juni 1997 nr. 1122 (med ikrafttredelse 1 jan 1998 for endringene iflg. forskrift 9 okt 1997 nr. 1127), 31 mai 2002 nr. 542 (forskriften kunngjort i sin helhet), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013). 

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 3, jfr. § 4, og § 21, § 22 og § 23, er det ved kgl.res. av 10. april 1981 fastsett at eit område i kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord i Hordaland fylke, kommunane Vinje og Tinn i Telemark fylke og kommunane Hol og Nore og Uvdal i Buskerud fylke, skal leggjast ut som nasjonalpark med namnet Hardangervidda nasjonalpark. Forskriften er endra med kgl.res. 31 mai 2002 nr. 542 og lyder etter dette:

§ 1.Storleik og grenser

Nasjonalparken omfattar delar av statsallmenningane Eidfjord, Ullensvang, Odda, Røldal, Øvre Numedal og heile Rauland statsallmenning og heile eller delar av følgjande gnr./bnr.: 

Eidfjord kommune:

Sandvadet stølssameige beståande av gnr./bnr. 16/(1), 2, (3).

Frisæter - Kristofferbu - Olavsdalen stølssameige beståande av gnr./bnr. 5/4, (8, 12, 14), 19, (40).

Vedalen og Fivlingen grunneigarlag beståande av gnr./bnr. 4/1, 5 - 5/1, 2, 3, 5, 6, 7, 9, 11, 13, 15, 16, 17, 27, 33 - 6/1, 2, 3, 4 - 7/1, 2 - 15/1, 2, 3 - 25/1, 2, 3, 4, 7, 8, 9, 10, 11, 13, 14, 16, 17, 18, 21, 25, 39, 40, 43, 47, 48, 53, 85, 91.

Hadle - Drolstøl - Skiseter sameige beståande av gnr./bnr. 8/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12, 14, 26 - 14/1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 12.

Bjoreidalen søndre sameige beståande av gnr./bnr. 8/1, 4, 10 - 5/9 - 20/1 - 24/2.

Veigdalen sameige beståande av gnr./bnr. 9/1, 3, 4, 5, 6, 7, 10, 11, 17, 34 - 10/1, 2, 3, 4, 8 - 11/1, 2 - 12/1, 2, 6 - 13/1, 2, 4, 7, 8, 10, 23 - (13/5).

(Nr. i parentes ovafor ligg i Ullensvang kommune) 

Ullensvang kommune:

Kvanndal - Rjuen sameige beståande av gnr./bnr. 142/1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 - 143/1, 2, 3 - 144/1, 2 - 145/1, 2 - 146/1, 2, 7, 4 - 147/1, 3, 4, 5.

Grøndalen stølssameige beståande av gnr./bnr. 139/1, 2, 3, 4, 5, 6.

Gravdal stølssameige beståande av gnr./bnr. 149/1 - 70/1, 2 - 72/3.

Nasene stølssameige beståande av gnr./bnr. 143/1, 2, 3 - 106/2.

Fodnastøl beståande av gnr./bnr. 144/1, 2 - 145/1, 2 - 146/1, 2, 3, 4 - 147/1, 3, 4, 5.

Stavali gnr./bnr. 76/1.

Helnaberg stølssameige beståande av gnr./bnr. 148/1, 2, 3, 4 - 149/2 - 128/7.

Skuggabjørg stølssameige beståande av gnr./bnr. 64/4 - 150/1, 2 - 151/1, 2, 3, 4, 5, 6, 8.

Vivheller stølssameige beståande av gnr./bnr. 71/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9.

Reppane stølssameige beståande av gnr./bnr. 85/1, 3, 6, 8, 18.

Monkabu stølssameige beståande av gnr./bnr. 82/1, 2, 3, 4 - 84/4, 8, 10, 15, 17.

Kinsekvelv stølssameige beståande av gnr./bnr. 78/1, 3, 4, 5.

Solheimedalen stølssameige beståande av gnr./bnr. 81/1, 2, 4 - 83/1, 2 - 84/1, 2, 3.

Fagerli stølssameige beståande av gnr./bnr. 79/1, 2, 3, 4, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 18, 19, 21 - 80/1, 2, 3.

Heimste Hadlaskard stølssameige beståande av gnr./bnr. 50/2, 4 - 51/1, 7 - 52/1, 2, 3 - 53/1, 2, 3, 4, 5 - 54/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10 - 55/1, 2, 3, 4 - 56/1 - 57/1, 2 - 58/1, 2 - 59/3, 4 - 60/1, 2 - 61/1, 2, 3, 4 - 62/1, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 - 63/1, 2 - 64/2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 11 - 65/1 - 66/1, 3, 5, 7, 8 - 67/1, 2, 3 - 68/1, 2, 3, 4 - 69/1, 2, 3, 4 - 70 /1 - 71/1, 2, 4, 5, 8, 9 - 72/1, 2, 3 - 73/1, 4, 5 - 74/1, 5, 9, 10, 12, 14, 17, 21, 22, 23, 24, 25, 26 - 75/1 - 76/1 - 77/1, 3, 4 - 78/1, 3, 4, 5 - 79/1, 2, 3, 4, 6, 7, 8, 9, 10, 11 - 80/1, 2, 3 - 81/1, 3 - 82/1, 2, 3, 4 - 83/1, 2 - 84/1, 2, 3, 8, 9, 10, 11, 17 - 85/3, 6, 8 - 98/1, 2, 4, 5, 7, 8 - 99/1, 3 - 101/6 - 102/1, 2 - 103/1 - 104/3 - 105/1, 2 - 106/1, 2 - 139/1, 2, 3, 4, 5, 6 - 142/1, 5, 8 - 143/2 - 144/2 - 145/1, 2 - 146/1, 3, 4 - 147/1, 3 - 148/1, 2, 4 - 149/1, 2 - 150/1, 2 - 151/1, 2, 3, 4, 6, 7, 8.

Skriksete stølssameige beståande av gnr./bnr. 72/3 - 76/1 - 77/1, 3, 4.

Opesjo stølssameige beståande av gnr./bnr. 74/1, 5, 9, 10, 11, 12, 14, 17, 21, 22, 23, 24, 25, 26, 29 - 75/1.

Solbjørg stølssameige beståande av gnr./bnr. 72/1, 2, 3, 5 - 73/1, 4, 5.

Peisabotn - Fagradal stølssameige beståande av gnr./bnr. 72/1, 2, 3, 5 - 73/1, 4, 5 - 77/1, 2, 4.

Fellesområde Opedal - Frøynes/Loft/Eidnes beståande av gnr./bnr. 72/1, 2, 5 - 73/1, 4, 5 - 74/1, 5, 9, 10, 11, 12, 14, 17, 21, 22, 23, 24, 25, 26, 29 - 75/1 - 77/1, 4.

Finnabu - Vatnali - Langedalen stølssameige beståande av gnr./bnr. 74/1, 5, 9, 10, 11, 12, 14, 17, 21, 22, 23, 24, 25, 26, 29 - 75/1. 

Odda kommune: gnr./bnr. 20/2, 3 - 39/5, 6, 7, 8, 9, 10. 

Vinje kommune: gnr./bnr. 88/6, 11 - 99/2, 5 - 101/1, 2 - 133/1, 2, 3 - 162/3 -164/3 - 165/1, 2, 6 - 166/1, 2. 

Tinn kommune: gnr./bnr. 23/2 - 49/7 - 56/1 - 57/12, 13 - 69/11 - 72/1, 7. 

Hol kommune: gnr./bnr. 86/1, 4 - 87/2, 3, 12, 22 - 94/2 - 95/1 - 97/2, 4 - 98/1, 3 - 99/2 - 102/3 - 104/1. 

Nore og Uvdal kommune: gnr./bnr. 2/3, 4, 5, 6 - 3/3, 7 - 5/1, 3, 4 - 11/1 - 18/1 - 22/1 - 35/1, 8 - 40/1 - 51/1 - 56/13, 26 - 60/2 - 61/8 - 62/1, 3 - 63/3 - 64/3 - 68/4 - 73/1 - 74/6 - 75/2 - 91/1 - 92/4 - 100/1 - 101/1 - 102/1 - 103/2, 4 - 105/1 - 106/1 - 107/1, 2. 

Rollag kommune: gnr.//bnr. 19/2, 6. 

Det samla areal i nasjonalparken er omlag 3422 km² . Av dette ligg ca. 1813 km² i Hordaland fylke, 767 km² i Telemark fylke og 842 km² i Buskerud fylke.

Nasjonalparken har følgjande grenser:

Grensa tek utgangspunkt på Bjordalshøgdin, h. 1251 (1) i Hol kommune, går søraustover til Falkenuten, h. 1252 (2) og sør-søraustover til utlaupet av Heinelvi i Numedalslågen (3), derifrå søraustover fram til h. 1255 (4) sør for Ormetjørnane, h. 1202. Derifrå i sør-sørvestleg retning til Beltenuten, h. 1280 (5) og vidare til punkt (6) på vestenden av Fiskeløktjørni, derifrå til Skjortevarden, h. 1353 (7) og austre Hettehove, h. 1412 (8). Derifrå søraustover til Grytekilnuten, h. 1364 (9) og Vikfjellet, h. 1474 (10). Grensa går så sørvestover til Stordalsnutan, h. 1444 (11) fram til Hyttenutan, h. 1450 (12). Derifrå vestover til h. 1311 (13) søraust om Bjørnegrønutan. Derifrå sør-søraustover over Såtenutan h. 1462 (14) fram til møte med grensepunkt for Rauland statsallmenning, h. 1496 (15). Grensa følgjer så statsallmenningsgrensa fram til Stokkholmen, h. 1600 (16). Derifrå nordvestover til Grothalsen, h. 1402 (17) og fram til kolle h. 1201 (18) i sørenden av Fjarerittjønni. Derifrå vestover til Vassdalseggi h. 1361 (19) og fram til h. 1312 ( 20) søraust av Midnutvatnet. Derifrå sør-sørvestover til sørenden av nedre Poddevatnet (21) og derifrå sørvestover til Mannevasseggi, h. 1416 (22). Derifrå mot vest over høgdene 1572 (23) og 1693 (24) til knekkpunkt for statsallmenningsgrensa søraust for Storekvelven (25). Grensa følgjer statsallmenningsgrensa nord-nordvest til neste knekkpunkt (26) og derifrå til austsida av Trossortjørni (27) og fram til punkt (28) i Middalen ca. 1000 m nordaust for Middalsbu turisthytte. Derifrå vest-nordvestover til sørenden av Vivassvatnet (29) og fram til Sandskarnuten h. 1382 (30) på statsallmenningsgrensa. Grensa følgjer statsallmenningsgrensa sørvestover til knekkpunkt h. 1346 (31). Derifrå går grensa vest-nordvestover til Reinsnosi h. 1639 (32), derifrå nord-nordvest til vestsida og utlaupet av Svartavatnet (33) fram til Ruvjenuten h. 1120 (34). Derifrå går grensa mot nord til knekkpunkt (35) for statsallmenningsgrensa nordvest for Berrvassdalen og følgjer statsallmenningsgrensa nordover til nytt knekkpunkt h. 1448 (36). Grensa går så nordaustover til Ruklenuten h. 1608 (37) og aust-nordaustover fram til nordenden av Hattasteinsvatnet (38). Derifrå går grensa nordaustover til austenden av Breidavatn (39) og nordover til Såto h. 1460 (40). Derifrå går grensa nordaustover til nordenden av Kvannanuttjørni (41) og austenden av øvre Håvardsvatnet (42). Grensa går vidare mot nord til austenden av nedre Nonskardvatnet (43). Derifrå nordvestover til sørenden av Nonskardvatnet ( 44) og nordvestover til Selhæ h. 1526 (45) og nord-nordvestover til austenden av vesle Tyssevatn (46). Grensa går så nordvestover til Treshøgdi h. 1681 og vidare til Rossavarden h. 1400, derifra vest-nordvestover langs statsallmenningsgrensa til knekkpunkt ved nordaustenden av Yskjevatn (48), og nord-nordvestover langs Røvelseggi til punkt h. 1410 (49). Grensa går vidare nord-nordaustleg til punkt h. 1072 (50) aust for Middagsnuten og vidare nordover til punkt h. 1197 (51) vest for Kjølevatni og derifrå nordaustleg til terskel og inntak for Råi Kraftstasjon (52) i Husedalen og vidare i same retning til Errunuten h. 1304 (53). Derifrå går grensa austover til Brottefonnshove h. 1433 (54) og Sovarenuten h. 1648 (55), vidare søraustleg til Fagranuten h. 1459 (56), Blyberg h. 1197 (57) og ned til punkt der Vivo går ut i Veigvassdraget (58). Derifrå går grensa aust-nordaustover opp til Fljotdalsfjell h. 1301 (59) og nordaustover til Fruo h. 1196 (60) og derifrå aust-nordaust til Kistenuten h. 1135 (61). Grensa går vidare i søraustleg retning til store Bjoreinuten h. 1280 (62) og ned til Høgahæ h. 1408 (63). Vidare går grensa austover til ho treff land på nordsida av Bjoreio (63A). Derifrå går grensa søraustover langs elva mot Tinnhøldammen til ein stor stein i terrenget mellom parkeringsplassen og dammen (63B) og derifrå nordover til Trondbunuten h. 1344 (64) og austover til Hyttehaugen h. 1321 (65). Derifrå nordaustover til Nibbennuten h. 1352 (66) og austover til Skyttarbuhovda h. 1267 (67). Grensa går derifrå nordover til ho i eit punkt møter grensa mellom kommunane Hol og Nore og Uvdal på austsida av øvre Hein (68). Derifrå går grensa aust-nordaustover til store Grønenuten h. 1384 (69) og vidare til utgangspunktet Bjordalshøgdin h. 1251 (1).

Dei nøyaktige grensene skal oppmerkjast i marka og då hovudsakleg ved markering av grensepunkta. Grensene er innteikna på eit kart i målestokk 1:100.000 datert Miljøverndepartementet mars 1981. Kartet vert oppbevart i kommunane, hjå fylkesmennene skogforvaltninga og Miljøverndepartementet. Kartet svarar til følgjande kart i M 711-serien (1:50.000): 1314 I Røldal, 1315 I Ullensvang, 1315 II Ringedalsvatn, 1414 I Songevatn, 1414 IV Haukelisæter, 1415 I Bjoreio, 1415 II Nordmannslågen, 1415 III Hårteigen, 1415 IV Eidfjord, 1416 II Hardangerjøkulen, 1416 III Myrdal, 1514 I Frøystul, 1514 IV Møsstrand, 1515 I Skurdalen, 1515 II Kalhovd, 1515 III Lågaros, 1515 IV Hein, 1516 III Hallingskarvet.

§ 2.Føremål

Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking.

§ 3.Rettstilhøve

Grunneigarar og andre rettshavarar skal framleis ha eigedomsrett og bruksrett i nasjonalparken, og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneformålet. Det same gjeld bruk av allmenningsrettar etter fjellova. Der vernereglane gjev løyve til bruk, gjeld dette berre i høve til vernet og gjev ikkje løyve til bruk eller utnytting i strid med rettar eller lovreglar.

§ 4.Vernereglar 
4.1 Landskap
4.1.1 Landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna vegbygging, nydyrking, gjødsling, drenering og anna form for tørrlegging, parkering av campingvogner, brakker, o.l., bergverksdrift, massetak, vassdragsreguleringar, framføring av kraft- og telefonliner, taubaner, heiser og oppføring eller ombygging av bygningar. Det er heller ikkje tillate å utføre forundersøkingar for tekniske inngrep. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.1.2 Reglane under pkt. 4.1.1 skal ikkje vere til hinder for:
a)Vedlikehald av Tinnhølvegen, bygningar, anlegg, bruer og klopper.
b)Naudsynt oppsetting av samlekve.
c)Naudsynt merking og kvisting av ski og turistløyper der dette følgjer gjeldande vinter- og sommarmerking.
4.1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Ombygging av bygningar innafor eksisterande grunnflate.
b)Mindre tilbygg til bygningar.
c)Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
d)Bygging av naust for opplag av båt og utstyr til fiske.
e)Nybygg eller større tilbygg til eksisterande bygningar, i særskilde tilfelle i samband med landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte.
f)Restaurering av steinbuer.
g)Naudsynt merking og kvisting av nye ski og turistløyper.
h)Bygging av bruer og klopper.
i)Vedlikehald av sleper.
j)Vedlikehald, naudsynt skjøtsel og evt. restaurering av kulturminne og kulturmiljø. 
4.2 Dyrelivet
4.2.1 Dyrelivet og deira buplass, hi, reir og egg skal vere freda mot skade, øydelegging og unødig uro av alle slag, mellom anna fotografering og anna uro i yngletida.

Nye dyrearter må ikkje innførast.

4.2.2 Jakt i samsvar med viltlova er tillate.
4.2.3 Hundar må ikkje sleppast laus i området. Unnateke er bruk av hund til jakt i lovleg jakttid, gjetarhundar for gjeting og sanking av beitedyr og godkjende hundar i samband med oppdrag i politi- og fjellsikringsteneste.
4.2.4 Fiske er tillate i samsvar med lakse- og innlandsfiskelova.

Utsetting av fisk og andre ferskvassorganismar er forbode. Forvaltningsstyresmakta kan likevel gje løyve til utsetting av fisk etter retningsliner fastsett i forvaltningsplanen. 

4.3 Plantelivet
4.3.1 Planter, også levande og daude tre og buskar, skal vere freda mot skade og øydelegging av alle slag som ikkje følgjer av vanleg ferdsle og jordbruk. Om ein ikkje tek med rota, kan ein plukke planter. Ein kan òg sanke sopp og bær.

Nye planteartar må ikkje innførast.

4.3.2 Reglane i pkt. 4.3.1 skal ikkje vere til hinder for å ta bjørk, vier, einer, gran og furu til bruk i området om dette ikkje fører til nemnande skade på dei lokale bestandane, for andre arter eller gjev endringar i landskapsbiletet. Tørre furuer og hole tre som kan tene som buplass for fuglar, må ikkje fellast.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til å ta torv til taktekking.

4.3.3 Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere beiting som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet. 
4.4 Geologiske førekomstar

Det er forbode å bryte laus eller ta bort lausmateriale av stein, mineral eller fossil.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til å ta stein til vedlikehald av bygningar o.l. 

4.5 Ferdsle m.m.
4.5.1

a) Alle skal oppføre seg omsynsfullt og varsamt for ikkje å skade natur- og kulturverdiar, forstyrre dyreliv eller beitedyr eller vere til ulempe for andre.

b) Dersom omsynet til natur, dyreliv eller kulturminne tilseier det, kan forvaltningsstyresmakta syte for at opparbeidde turistruter og -løyper vert omlagde eller nedlagde.

c) Sykling utafor godkjende traktorsleper og Tinnhølvegen er forbode.

d) Forvaltningsstyresmakta kan stille krav om løyve ved organisert ferdsle som kan skade verneverdiane, jf. forvaltningsplanen.

e) Innafor nærare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet forby all slags ferdsle heile året eller delar av året når ein reknar det naudsynt for å verne naturmiljøet, plante- eller dyrelivet eller geologiske førekomstar. Regelen gjeld ikkje ferdsle for oppsyns-, politi-, brannvern- eller redningsteneste.

4.5.2 Militær øvingsaktivitet krev løyve frå forvaltningsstyresmakta. All øvingsverksemd skal reduserast til eit minimum. 
4.6 Motorferdsle

Det er ei målsetting å halde motorferdsla i nasjonalparken på eit lågast mogleg nivå. Motorframkomstmiddel kan derfor berre nyttast når transporten er naudsynt. Ved avgjerda om noko er naudsynt må ulempene med motorferdsla haldast opp mot dei einskilde transportbehova. Forvaltningsstyresmakta skal sjå til at all transport om mogleg vert samordna med grunnlag i ein transportplan utarbeidd for den enkelte kommune/fylke.

Ved bruk av fly eller helikopter skal all transport utførast av personar eller selskap med luftfart som registrert næring. Dokumentasjon på dette skal kunne førevisast ved kontroll.

All motorisert ferdsle skal rapporterast til forvaltningsstyresmakta etter retningsliner gjeve i forvaltningsplanen.

4.6.1 Motorferdsle til lands og på vatn, landing med luftfarty og flyging under 300 meter er forbode unnateke i samband med militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannvern-, skjøtsels-, oppsyns- og forvaltningsoppgåver. Øvingskøyring til desse formåla er forbode, unnateke etter særskilt løyve.
4.6.2 Forbodet i pkt. 4.6.1 gjeld ikkje:
a)naudsynt køyring på Tinnhølvegen i samband med vedlikehald av vegen, villreinjakt, turisthyttedrift, slepp og sanking av beitedyr og garnfiske som har eit omfang på minimum 50 garndøgn. Parkering skal skje på godkjend parkeringsplass ved Lagerskuret eller ved «Byen».
b)bruk av båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km² i samband med villreinjakt, drift av turisthytter og garnfiske som har eit omfang på minimum 50 garndøgn.
c)bruk av fly til uttransport av felt villrein på vatn som er fastsett i forvaltningsplanen. Dette gjeld fram til og med tre dagar etter at villreinjakta er slutt.

Forvaltningsstyresmakta kan fastsetje nærare landingsstad.

4.6.3 Transport etter løyve
4.6.3.1 Storviltjakt

For naudsynt transport i samband med storviltjakt, kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til:

a) landing med fly eller helikopter.

b) køyring etter godkjende sleper, jf. pkt. 4.6.4.

c) bruk av båt med motor inntil 10 hk på vatn mindre enn 2 km² .

4.6.3.2 Garnfiske

For naudsynt transport av varer, utstyr og fangst i samband med garnfiske som har eit omfang på minimum 50 garndøgn, kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til:

a)bruk av fly eller helikopter.
b)bruk av beltekøyrety på vinterføre.
c)køyring etter godkjende sleper, jf. pkt. 4.6.4.
d)bruk av båt med motor inntil 10 hk på vatn mindre enn 2 km² .
4.6.3.3 Drift av turisthytter

For naudsynt transport i samband med drift av turisthytter, kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til bruk av:

a)bruk av beltekøyrety på vinterføre til transport av varer og utstyr.
b)bruk av beltekøyrety for kvisting og staking av skiløyper.
c)bruk av fly eller helikopter til transport av varer og utstyr.
d)køyring på godkjent traktorslepe, jf. pkt. 4.6.4.
4.6.3.4 Landbruksverksemd

I samband med transport av varer og utstyr til beitebruk og transport i samband med sjuke eller skadde dyr kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til:

a)bruk av fly, helikopter og båt med motor.
b)bruk av beltekøyrety på vinterføre.
c)køyring på slepa frå Solheimstulen - Vegarhovd, jf. pkt. 4.6.4.
4.6.3.5 Andre tilhøve

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

a)naudsynt transport med beltekøyrety på vinterføre, fly eller helikopter, av material, brensle o.l. til hytter og buer. Det kan berre gjevast løyve til køyring etter nærare oppgjevne ruter.
b)transport med beltekøyrety på vinterføre i samband med kalking etter pkt. 4.7.2.
c)køyring etter Tinnhølvegen for eigarar av hytter langs vegen. Det kan gjevast løyve til å parkere ein bil ved hytta.
d)bruk av beltekøyrety på vinterføre, fly eller helikopter til transport av gamle og uføre som er særleg tilknytta nasjonalparkområdet.
e)naudsynt transport med helikopter, beltekøyrety på vinterføre og køyring på Tinnhølvegen i samband med teleteneste og el-forsyning.
f)Naudsynt transport i samband med forsking.
4.6.4 Sleper som kan brukast med motorframkomstmiddel skal fastsetjast i forvaltningsplanen, som og skal gi nærare retningsliner for bruken av slepene. 
4.7 Forureining m.m.
4.7.1 Det er ikkje tillate å forsøple naturen. Avfall skal brennast eller takast med ut av området. Ved dei faste overnattingskvartera er det tillate med forsvarleg nedgraving av materiale som rotnar.
4.7.2 Det må ikkje nyttast kjemiske plantevernmiddel.

Kalking er forbode på land og i vatn.

Forvaltingsstyresmakta kan likevel etter søknad tillate kalking av vatn i nasjonalparken. Det skal gjennom forvaltningsplanen fastsetjast referanseområde som ikkje kan kalkast.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 5.Generelle reglar om unntak

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå reglane i § 4 for tiltak ut frå vesentlege samfunnsmessige omsyn, for vitskapelege føremål, når føremålet med fredinga krev det og i særskilde tilfelle, når det ikkje er i strid med føremålet med nasjonalparken.

§ 6.Forvaltning

Miljødirektoratet avgjør kven som skal ha forvaltningsmynde etter forskrifta. 

6.1 Samarbeidsrådet for Hardangervidda

Miljøverndepartementet kan peike ut eit samarbeidsråd for Hardangervidda samansett av representantar for brukar- og verneinteresser og forvaltninga. Sekretær for rådet vert oppnemnd av Miljøverndepartementet.

6.2 Nærare reglar for forvaltningsorgana

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for forvaltningsorgana si organisering, utøving av mynde og arbeid elles.

Forvaltningsstyresmakta skal utarbeide ein forvaltningsplan for nasjonalparken. Planen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 7.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft straks.