Forskrift om vern for 4 fuglefredningsområder og vern av fuglelivet på og omkring Runde i Herøy og Ulstein kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1981-04-30-4823
PublisertII 1981 s 350
Ikrafttredelse30.04.1981
Sist endret
Endrer
Gjelder forHerøy og Ulstein kommunar, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§13og§14, jf LOV-1970-06-19-63-§9og§10 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskr. om vern av fugleliv, Herøy og Ulstein

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 30. april 1981. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, §§ 13 og 14, 2. ledd, jfr. §§ 9 og 10 er det i kgl.res. av 30. april 1981 oppretta 4 fuglefredningsområde og etablert fuglelivsfredning på og omkring øyane Runde i Herøy kommune og Grasøyane i Ulstein kommune under fellesnemninga Runde fredningsområde.

II

Fuglefredningsområda omfattar følgjande:

1.Runde vestside som ligg innafor grenser mellom følgjande punkt: (1) Grensa mellom gnr. 9, bnr. 10 og felles utmark for gnr. 9 i sjøkanten i Måganesstranda, (2) vinkelpunkt på eigedomsgrensa ved høgde 172 m.o.h. over Trepet, (3) høgde 188 m.o.h. rett sør for Runde fyr, (4) kote 50 på rett line mellom pkt. (3) og Runde fyr, og (5) neset på nordkant av Krykkjehola.

Mellom (1) og (2) følgjer grensa eigedomsgrensene, mellom (2) og (3) går grensa langs brotkanten av fjellet, mellom (3) og (4) langs ei rett line, frå (4) til (5) følgjer den foten av ura og berghamrane, og frå (5) til (1) langs sjøkanten under fuglefjella.

Området omfatter følgjande eigedomar: Runde felles utmark, gnr. 9, bnr. 1-14, 17, 26, 30, 31, 36, 38. Goksøyr felles utmark, gnr. 10, bnr. 1, 3-9, 12 og 18, og statens eigedom v/Fyrdirektoratet, gnr. 10, bnr.2.

2.Runde nordside som ligg innafor grenser mellom følgjande punkt: (1) Neset på nordsida av gjøttet rett aust for Runde fyr, (2) brotkanten i fjellsida rett aust for Runde fyr, (3) høgde 116 m.o.h. ovafor Tindeneset og (4) neset søraust for Gjøttane ved Tindeneset. Mellom (1) og (3) følgjer grensa brotkantar i terrenget, frå (3) til (4) følgjer den bratthenget og frå (4) til (1) følgjer den sjøkanten.

Området omfattar følgjande eigedomar: Goksøyr felles utmark, gnr. 10, bnr. 1, 3-9, 12 og 18, og statens eigedom v/Fyrdirektoratet, gnr. 10 bnr. 2.

3.Hellestien- Blåfjellet - Kløfjellet - Geita som ligg innafor grenser med følgjande punkt: (1) Vestenden av tunnelen på fylkesvegen, (2) brotkanten på vestsida av skardet nordnordaust for austspissen av Austefjellvatnet, (3) toppen av Blåfjellet, (4) punkt på eigedomsgrensa mellom gnr. 9, bnr. 6 og 7 under bratthenget i fjellsida, og (5) grensa mellom Runde felles utmark og utskift eigedom i kanten av fylkesvegen under Blåfjellet.

Mellom (1) og (2) følgjer grensa under bratthenga, deretter langs loddlinja til topps, mellom (2) og (3) følgjer den fjellkanten, frå (3) til (4) går den i rett line, dels langs eigedomsgrense, frå (4) til (5) først langs fjellfot og nedkant av urer til under Geita, deretter langs skilje mellom Runde felles utmark og utskift eigedom, og mellom (5) og (1) langs sørsida av fylkesvegen.

Området omfattar følgjande eigedomar: Gnr. 9, bnr. 1, 5, 7, 10, 11, 17 og 38, Runde felles utmark, gnr. 9, bnr. 1 - 14, 17, 26, 30, 31, 36, 38 og Goksøyr felles utmark, gnr. 10, bnr. 1, 3 - 9, 12 og 18 pluss gnr. 10, bnr. 10 og 17.

4.Grasøyane som omfattar alle øyar, holmar og skjer i øygruppa Grasøyane i Ulstein kommune, og som er avgrensa av rette liner mellom faste punkt på følgjande måte: (1) Skjer nord for Grasøya til (2) stein nordaust for Grasøya til (3) stake nordaust for Skjærvøya til (4) varde på Ertenskjæret til (5) båe vest for Tøyrane og derifrå til (1).

Området omfattar følgjande eigedomar: Indre Flø, gnr. 3, bnr. 1, 2, 3, 4, 5, 6 og staten v/Fyrdirektoratet, gnr. 1, bnr. 8.

Grensene for fuglelivsfreding og dei 4 fuglefredingsområda er avmerka på kart i målestokk 1:5.000, 1:20.000 og 1:50.000, dagsett Miljøverndepartementet april 1981. Kartet og vernereglane vert oppbevart i kommunane, hjå fylkesmannen og Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for fuglefredningområda på Runde blir avmerka med fargepunkt på steinar og oppsette pålar i terrenget.

Fuglelivsfredinga gjeld for resten av øya Runde og i dei tilgrensande sjøområde innafor følgjande grenser: Nordsida av Rimøya frå Kvieneset til Tenneneset, rett line til Langeneset på Nerlandsøya, nordaustsida av Nerlandsøya til Golleneset, rett line til minimumsavstand 2 km vest og nordvest av Kvalneset på Runde, deretter denne minimumsavstand til fast land til nord av skjera Voren, rett line til minimumsavstand 2 km nord av Grasøya, deretter denne minimumsavstand aust om øya til rett line kan dragast mot Kvieneset på Rimøya.

III

Føremålet med fredninga er å ta vare på eit rikt og interessant fugleliv og fuglane sitt livsmiljø, serleg med omsyn til sjøfuglkoloniane.

IV

For fuglefredningsområda gjeld følgjande reglar:

a)Alle fuglar og pattedyr med unntak av villmink er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art. Dette gjeld og uroing av fugl eller fugleungar på eller ved reir, eller fugl med ungekull.
b)Vegetasjonen på land er freda, med unntak av det som følgjer av vanleg ferdsel. Beite skal kunne føregå som før.
c)Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei natur-gjevne vekstvilkår for plantar og livsmiljø for fuglar og dyr, som oppføring av bygningar, bruk av kjemiske gifter, dumping av avfall o.l. Dette gjeld likevel ikkje vedlikehald av gjerde, forankring av fiskereiskap og anna som følgjer av dei eigedoms- og bruksrettar som gjeld i området, og heller ikkje det som følgjer av drift og vedlikehald av fyrstasjonen på Grasøyane.
d)Av omsyn til fuglelivet er det forbod mot all ferdsel innafor områda, og mot ilandstigning frå båt i tida 15. mars til 31. august for områda 1 - 3, og i tida 15. april til 15. august for område 4. I denne tida er det og forbode på nokon måte å skremme ut fuglane ved hjelp av skot, blåsing i skipsfløyter o.l. Desse reglane skal likevel ikkje vere til hinder for grunneigarane si næringsutøving etter dei eigedoms- og bruksrettar som gjeld, eller for ferdsel for dei som høyrer heime på øya. Heller ikkje er det til hinder for ferdsel etter oppmerka stiar til og frå oppmerka utkikspunkt.
e)Ferdsel i samband med ambulanse, politi-, brannvern, forvaltnings- og oppsynsføremål er unnateke frå ferdselsforboda.

V

For området med fuglelivsfredning gjeld følgjande:

Alle fugle- og pattedyrartar, med unnatak av villmink, og også fuglereir, egg og ungar, er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.

Fugl eller pattedyr som gjer skade på innmark eller næringsverksemd kan skremmast bort. Dersom det er fare for omfattande skade på næringsdrift, kan forvaltningsstyresmakta gje grunneigar, retthavar eller brukar løyve til å felle visse artar innafor den tid då det er lovleg jakttid for vedkomande art(ar).

VI

Miljøverndepartementet kan gjere unnatak frå fredningsføresegnene for vitskaplege granskingar, som del av skjøtselplan for å oppfylle føremålet med fredninga, for oppretting av faste utkikspunkt og tilkomstar for å hindre ulykker, for arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, og i serlege tilfelle når det ikkje strir mot føremålet for fredninga.

VII

Forvaltninga av desse reglane blir lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

VIII

Den myndigheit Kongen har etter § 10 til å fastsettje nærare reglar om skjøtsel, etter § 21 om merking av fredningar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unntak frå fredningsreglar, vert overførd til Miljøverndepartementet.

IX

Desse reglane trer i kraft straks. Frå same tidspunkt vert fuglelivsfredninga på Runde frå 13. desember 1957 oppheva.