Forskrift om vern for Instestøl naturreservat, Sirdal kommune, Vest-Agder.

DatoFOR-1981-09-04-4759
PublisertII 1981 s 678
Ikrafttredelse04.09.1981
Sist endret
Endrer
Gjelder forSirdal kommune, Vest-Agder
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Sirdal

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 4. september 1981. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 jfr. § 21, § 22 og § 23 er eit myrområde ved Instestøl, ein del av gnr./bnr. 6/1, 6/2, 7/1 i Sirdal kommune, Vest-Agder fylke, ved kgl.res. av 4. september 1981 freda som naturreservat. Det freda arealet er ca. 350 dekar.

II

Reservatet har desse grensene:

Grensa tek utgangspunkt i pkt. 1 på flybilete i ca. målestokk 1:15.000, datert Miljøverndepartementet august 1981 og følgjer i rette liner gjennom pkt. 2, 3, 4 og 5 til pkt. 6, krysser utløpsos i rett line over til pkt. 7, går i rette liner gjennom pkt. 8, 9, 10, 11 og 12 til pkt. 13, følgjer vasskanten til pkt. 14 og går i rett line over sund tilbake til pkt. 1.

Pkt. 1: Punkt ytst på odde, mot smalt sund.

Pkt. 2: Den største av to steiner på berg.

Pkt. 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12: Store steinar.

Pkt. 13: Stein i vasskanten.

Pkt. 14: Punkt ytst på odde mot smalt sund.

Grensene går elles fram av flybiletet nemnt ovanfor.

Flybilete i målestokk ca. 1:15.000 blir oppbevart i Sirdal kommune, hos fylkesmannen i Vest-Agder, ved fylkeslandbrukskontoret, skogbruksetaten og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grenseknekkpunkta skal merkast av i marka, målast inn og koordinatfestast.

III

Formålet med vernet er å bevare ei av dei sørvestlegaste strengmyrane i landet.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen er freda mot allslags skade og øydelegging utover det som følgjer av vanleg fri ferdsel. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Unntak frå dette er tiltak i medhald av punkt 4 og 5 og sanking av bær og sopp.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alle inngrep som endrar eller verkar inn på dei naturlege vekstvilkåra er forbode, herunder gjødsling, drenering, bruk av kjemiske middel, utslepp av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførslar, uttak eller utfylling av masse, bygging av vegar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkleidningar, attlegging av avfall, oppføring av bygningar, anlegg eller liknande.
3.Motorisert ferdsel er forbode.

Organisert idrettsutøving er forbode i den tida marka ikkje er frose og snødekt.

4.Reglane i pkt. 1-3 er ikkje til hinder for:
a)Gjennomføring av tiltak i samband med ambulansepoliti, brannvern- og forvaltningsverksemd.
b)Å ha beitedyr i området.
c)Motorisert transport på frosen og snødekt mark i samband med næringsutøving.
5.Miljøverndepartementet kan setja igang skjøtselstiltak som er nødvendige for å fremja formålet med fredinga og kan i ein skjøtselsplan fastsetja nærare reglar for tiltak i medhald av dette punkt.
6.Departementet kan gjera unntak frå vernereglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

V

Forvaltninga av reglane for reservatet er lagt til fylkesmannen i Vest-Agder.

VI

Den myndighet Kongen har etter § 10 om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredninger m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjera unnatak frå reglane, vert førd over til Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet vert gjeven fullmakt til å retta opp eventuelle feil og ugrannsemder i skildringa av og i oversynet over dei gnr. og bnr. saka kjem ved.

VII

Desse reglane trer i kraft straks.