Forskrift om vern for Fiskelandsvatn naturreservat, Hægebostad kommune, Vest-Agder.

DatoFOR-1981-09-04-4761
PublisertII 1981 s 674
Ikrafttredelse04.09.1981
Sist endret
Endrer
Gjelder forHægebostad kommune, Vest-Agder
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jfr. § 10 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Hægebostad

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 4. september 1981. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10, er Fiskelandsvatn med eit myrområde nordanfor, ein del av gnr./bnr. 78/5, 79/1, 2, 3, 4, 5, 80/1, 2, 4, 6, og 81/3 i Hægebostad kommune, Vest-Agder fylke, ved kgl.res. av 4. september 1981 freda som naturreservat. Det freda arealet er ca. 840 dekar.

II

Reservatet har desse grensene:

Grensa tek utgangspunkt i pkt. 1 på kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet august 1981, og går i rette liner gjennom pkt. 2, 3, 4, og 5 til pkt. 6, følgjer eigedomsgrensa mellom 79/3 og 79/2 til pkt. 7 og følgjer så vasskanten rundt Fiskelandsvatn tilbake til pkt. 1.

Pkt. 1: Punkt i kanten av Fiskelandsvatn.

Pkt. 2: Høgdepunkt 568,5 m.o.h.

Pkt. 3: Bekkemøte.

Pkt. 5: Punkt i eigedomsgrensa mellom 80/4 og 79/3.

Pkt. 6: Punkt i eigedomsgrensa mellom 79/3 og 79/2, 5 m nedanfor stigen i Grønehommen.

Pkt. 7: Punkt der eigedomsgrensa mellom 79/3 og 79/2 går ut i Fiskelandsvatn.

Plasseringa av pkt. 4 går fram av kartet nemnt ovanfor. Kart i målestokk 1:5.000 blir oppbevart i Hægebostad kommune, hos fylkesmannen i Vest-Agder, ved fylkeslandbrukskontoret, skogbruksetaten og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grenseknekkpunkta skal merkast av i marka, målast inn og koordinatfestast.

III

Formålet med fredinga er å bevare strengmyrane nord for Fiskelandsvatn som eit typeområde for denne myrtypa i fylket og som hekkområde for våtmarksfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, også daude buskar og tre, er freda mot all slags skade og øydelegging utover det som følgjer av vanleg fri ferdsel. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Unntak frå dette er tiltak i medhald av punkt 3 og sanking av bær og sopp.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alle inngrep som endrar eller verkar inn på dei naturlege vekstvilkåra er forbode, herunder gjødsling, drenering, bruk av kjemiske middel, utslepp av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførslar, uttak eller utfylling av masse, bygging av vegar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkleidningar, attlegging av avfall, oppføring av bygningar, anlegg eller liknande.
3.Miljøverndepartementet kan setja igang skjøtselstiltak som er nødvendige for å fremja formålet med fredinga.

I skogområda på fastmark i ytterkantane av reservatet er skogsdrift tillate i medhald av lov om skogbruk og skogvern. Unnateke frå dette er tiltak som er nemnt i punkt 2. Hogst er forbode på fastmarksøyer i myra og i ei sone langs myrkanten. Breidda på denne sona skal fastsetjast av forvaltningsstyremakta.

Forvaltningsstyremakta kan om det trengst gje løyve til gjennomføring av skoghygieniske tiltak langs myrkanten og på fastmarksøyer i myra.

Miljøverndepartementet kan i ein skjøtselsplan fastsetja nærare reglar for tiltak i medhald av dette punkt.

4.Motorisert ferdsel er forbode utover det som følgjer av ambulanse-, politi-, brannvern- og skjøtselsverksemd. Unnateke er også motorisert tømmertransport på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogdrift.

Motorisert tømmertransport over myra er tillate på frosen og snødekt mark.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til opparbeiding og bruk av snøpakka veg over myra, dersom dette ikkje fører til varig skade på myroverflata.

5.Organisert idrettsutøving er forbode i den tida marka ikkje er frosen og snødekt.
6.Kalking av Myrtjødna, Fiskebekk og Fiskelandsvatn er tillate. Kalken må berre spreiast i vatnet og ikkje på land.
7.Departementet kan gjera unntak frå vernereglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

V

Forvaltninga av reglane for reservatet er lagt til fylkesmannen i Vest-Agder.

VI

Den myndighet Kongen har etter § 10 om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredninger m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjera unnatak frå reglane, vert førd over til Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet vert gjeven fullmakt til å retta opp eventuelle feil og ugrannsemder i skildringa av og i oversynet over dei gnr. og bnr. saka kjem ved.

VII

Desse reglane trer i kraft straks.