Forskrift om vern for Bervamyr naturreservat, Flekkefjord kommune, Vest-Agder.

DatoFOR-1981-09-04-4762
PublisertII 1981 s 671
Ikrafttredelse04.09.1981
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlekkefjord kommune, Vest-Agder
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Flekkefjord

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 4. september 1981. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 jfr. § 21, § 22 og § 23, er Bervamyr, ein del av gnr./bnr. 152/1, 5, 10 og 152/4 i Flekkefjord kommune, Vest-Agder fylke, ved kgl.res. av 4. september 1981 freda som naturreservat. Det freda arealet er ca. 390 dekar.

II

Reservatet har desse grensene:

Grensa tek utgangspunkt i pkt. 1 på kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet august 1981 og går i rette liner gjennom pkt. 2, 3, og 4 til pkt. 5, følgjer eigedomsgrense til pkt. 6, går i rette liner gjennom pkt. 7 og 8 til pkt. 9 og følgjer så attende til utgangspunktet.

Pkt. 1: Punkt der eigedomsgrensa går ut i åa.

Pkt. 2: Høgdepunkt 279,5 m.o.h.

Pkt. 3: Stor stein.

Pkt. 4: Grensesteinen i møtet mellom eigedomsgrenser.

Pkt. 5: Grensestein i kanten av myr.

Pkt. 6: Grensestein.

Pkt. 7: Punkt på spissen av Fiskeberget.

Pkt. 8: Stor stein i kanten av myr.

Pkt. 9: Punkt på stor stein i elva.

Kart i målestokk 1:5.000 blir oppbevart i Flekkefjord kommune, hos fylkesmannen i Vest-Agder, ved fylkeslandbrukskontoret, skogbruksetaten og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grenseknekkpunkta skal merkast av i marka, målast inn og koordinatfestast.

III

Formålet med vernet er å bevare eit av dei største og best utvikla nedbørsmyrkompleksa (atlantisk myr) i denne delen av landet.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, også daude buskar og tre, er freda mot all slags skade og øydelegging utover det som følgjer av vanleg fri ferdsel. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Unntak frå dette er tiltak i medhald av punkt 3 og sanking av bær og sopp.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alle inngrep som endrar eller verkar inn på dei naturlege vekstvilkåra er forbode, herunder gjødsling, drenering, bruk av kjemiske middel, utslepp av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførslar, uttak eller utfylling av masse, bygging av vegar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkleidningar, attlegging av avfall, oppføring av bygningar, anlegg eller liknande.
3.Miljøverndepartementet kan setja igang skjøtselstiltak som er nødvendige for å fremja formålet med fredinga.

I skogområda på fastmark i ytterkantane av reservatet er skogsdrift tillate i medhald av lov om skogbruk og skogvern. Unnateke frå dette er tiltak som er nemnt i punkt 2. Hogst er forbode på fastmarksøyer i myra og i ei sone langs myrkanten. Breidda på denne sona skal fastsetjast av forvaltningsstyremakta.

Forvaltningsstyremakta kan om det trengst gje løyve til gjennomføring av skoghygieniske tiltak langs myrkanten og på fastmarksøyer i myra.

Miljøverndepartementet kan i ein skjøtselsplan fastsetja nærare reglar for tiltak i medhald av dette punkt.

4.Motorisert ferdsel er forbode utover det som følgjer av ambulanse-, politi-, brannvern- og skjøtselsverksemd. Unnateke er også motorisert tømmertransport på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogdrift.

Motorisert tømmertransport over myra er tillate på frosen og snødekt mark.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til opparbeiding og bruk av snøpakka veg over myra, dersom dette ikkje fører til varig skade på myroverflata.

5.Organisert idrettsutøving er forbode i den tida marka ikkje er frosen og snødekt.
6.Departementet kan gjera unntak frå vernereglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

V

Forvaltninga av reglane for reservatet er lagt til fylkesmannen i Vest-Agder.

VI

Den myndighet Kongen har etter § 10 om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredninger m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjera unnatak frå reglane, vert førd over til Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet vert gjeven fullmakt til å retta opp eventuelle feil og ugrannsemder i skildringa av og i oversynet over dei gnr. og bnr. saka kjem ved.

VII

Desse reglane trer i kraft straks.