Forskrift om førebels freding av ein mineralførekomst ved Ytrehorn i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1982-09-30-1838
PublisertII 1982 s 751
Ikrafttredelse26.02.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forYtrehorn i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om mineralfredning, Hornindal

Kapitteloversikt:

Miljøverndepartementet sitt vedtak av 30. september 1982.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 jfr. endringar ved lov av 2. juni 1972 § 18, tredje ledd, har Miljøverndepartementet 30. september 1982 fatta følgjande vedtak:

Eit ca. 1 da. stort område på eigedomene gnr./bnr. 178/2 og 179/8 i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane fylke, fredes førebels som naturminne.

II.

Grensene for naturminnet er vist på kart dagsett Miljøverndepartementet september 1982.

III.

Målsettinga med fredinga er å ta vare på ein verneverdig mineralførekomst, medan Verneplan for mineralførekomstar i Sør-Noreg er under handsaming.

IV.

1.I naturminnet er bruk av hammar, kil og bor samt sprenging, graving og innsamling av prøver frå fast fjell eller lause steinar ikkje lovleg.
2.Fylkesmannen kan gjere unntak frå reglane for vitskapelege granskingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi eller i særskilde høve dersom det ikkje strid mot føremålet med fredinga.

V.

Forvaltinga av reglane for naturminnet er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.