Forskrift om freding for Herlandsnesjane naturreservat, Osterøy kommune, Hordaland.

DatoFOR-1983-05-27-1040
PublisertII 1983 s 402
Ikrafttredelse27.05.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forHerlandsnesjane naturreservat, Osterøy kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Osterøy

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 27. mai 1983. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit myrområde ved Vestravatn i Osterøy kommune, Hordaland fylke, ved kgl.res. av 27. mai 1983 freda som naturreservat ved namnet «Herlandsnesjane naturreservat».

II.

Reservatet omfattar delar av gnr./bnr. 97/1, 97/2, 97/3, 97/4, 97/5, 97/6. Det freda arealet er omlag 2.400 da. Grensene for naturreservatet framgår av kart i målestokk 1:10.600, datert Miljøverndepartementet januar 1983. Fredingsreglane og kartet vert oppbevarte i Osterøy kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvising av forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III.

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit unikt myrlandskap som er samansett av ulike myrkompleks og mellomliggande fastmark med lynghei og furuskog. Området gjev eit tverrsnitt av vestnorsk myrvegetasjon. Spesielt godt utvikla er dei atlantiske nedbørsmyrane av gråmosetypen. Herlandsnesjane har internasjonal interesse som eit referanseområde for myr.

IV.

Følgjande reglar gjeld for reservatet:

1.Vegetasjonen, også daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging utover det som følgjer av tillaten ferdsle eller tiltak i medhald av punkta V-VII. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.For dyrelivet gjeld viltlova og forskriftene til viltlova.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, campingvogn, o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, plassering av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmidlar.

Opplistinga er ikkje utfyllande.

4.Motorferdsle er forbode.

V.

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.sanking av bær og matsopp.
3.drift av skogen på fastmark utanfor randsona (jf pkt VI, 1) med dei avgrensingar som følgjer av, eller har heimel i, lov om skogbruk og skogvern. Treslagskifte og tiltak som er nemnt i pkt. IV 3 er forbode.
4.motorferdsle på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogsdrift.
5.motorisert tømmertransport over myra på frosen og snødekt mark.
6.tilsyn og vedlikehald av kraftlinene i reservatet, medrekna naudsynt motorferdsle.

VI.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gje løyve til:

1.å setje iverk tiltak for å bygge opp og ta vare på ei stabil og variert randsone rundt myrområdet. Breidda på denne sona skal fastsetjast av forvaltningsstyresmakta. Dersom det er tvil om avgrensing av område der skogsdrift er tillate, avgjer fylkesmannen avgrensinga.
2.Skoghygieniske tiltak i randsona og fastmarksøyar innan myrområdet.
3.bygging av veg mellom Hakanes og Selvik når dette skjer etter plan godkjent av fylkesmannen.

VII.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga.

Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII.

Miljøverndepartementet kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX.

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X.

Den makt Kongen har etter § 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og deira skjøtsel, etter § 21 om merking av fredingar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsle og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert overført til Miljøverndepartementet.

XI.

Desse føresegnene trer i kraft straks.