Forskrift om vern for Lyngaland landskapsvernområde, Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-1983-05-27-1041
PublisertII 1983 s 405
Ikrafttredelse27.05.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forLyngaland landskapsvernområde, Time kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Lyngaland landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1983. Fremja av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov av naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jf § 6 og §§ 21, 22 og 23 er eit område rundt jernaldergarden Lyngaland i Time kommune ved kgl.res. av 27. mai 1983, verna under namnet Lyngaland landskapsvernområde.

Det verna område omfatter 377 da av gnr 43 bnr 2, 3, 7, 9 og 12 i Time kommune.

II.

Grensene er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet mai 1983, som vert oppbevart i kommunen, Arkeologisk Museum i Stavanger, Fylkesmannen og Miljøverndepartementet. Der grensa går langs steingardar som står, fell også desse innanfor området.

III.

Formålet med fredinga er å verna om kulturlandskapet kring garden Lyngaland som er frå folkevandringstida.

IV.

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep som vesentleg kan endra eller innverke på landskapet sin art eller karakter er forbode, her medrekna uttak eller utfylling av masse, vegbygging, framføring av luftleidningar, oppføring av anlegg og andre innretningar eller bygningar samt bortlegging av avfall.

Forbodet gjeld ikkje vanleg vedlikehald og drift av eksisterande bygningar, vegar, innretningar m.v. nemnde under dette punktet, eller skjøtselstiltak i medhald av pkt. VI.

2.Jordbruksdrift på kulturbeite og dyrka mark innan området kan gå føre seg som i distriktet elles. Eksisterande kulturbeite kan gjødslast men ikkje grøftast.
3.Nydyrking er berre tillate på det område som er avmerkt på kartet over landskapsvernområdet i målestokk 1:5.000, dersom dette ikkje er i strid med reglane i lov om kulturminner. Stein frå nydyrking i dette området kan verte gravd ned i myrsøkket i NV del av dyrkingsområdet samt lagt opp som steingjerde mot forsvaret sin eigedom. Planar for nydyrking må leggjast fram for Arkeologisk museum i Stavanger.

Anna dyrking eller tilplanting av skoglause område kan berre skje etter løyve frå forvaltningsstyresmakta.

V.

Reglane i pkt IV er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikring-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.

VI.

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje verneformålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII.

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå vernereglane for vitskaplege formål, tiltak av vesentleg samfunnsmessig verd, eller i særlege tilfelle når de ikkje strir mot formålet med vernet.

VIII.

Forvaltninga av vernereglane vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

IX.

Den rett Kongen har etter § 6 til å fastsette nærare reglar for området og om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredingar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unnatak frå vernereglane vert overførd til Miljøverndepartementet.

X.

Denne føresegna trer i kraft straks.