Forskrift om fredning for Steinevik naturreservat, Austevoll kommune, Hordaland.

DatoFOR-1983-12-16-1983
PublisertII 1983 s 677
Ikrafttredelse16.12.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forSteinevik naturreservat, Austevoll kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Austevoll

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 16. desember 1983. Fremja av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit myrområde ved Steinevik i Austevoll kommune, Hordaland fylke, ved kgl.res. av 16. desember 1983 freda som naturreservat med namnet Steinevik naturreservat.

II.

Reservatet omfattar delar av gnr./bnr. 3/1, 3/2, 3/3, 3/4, 3/5, 3/9, 3/13, 12/6, 12/8, 12/10, 13/4. Det freda arealet er omlag 1.030 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet januar 1983. Fredningsreglane og kartet blir oppbevarte i Austevoll kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning av forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III.

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit landskap som er typisk for dei ytste kyststroka i fylket. Området er karakterisert av myr og hei, nedbørsmyrar og fattige jordvassmyrar er dominerande. Det er få inngrep i myrane.

IV.

Følgjande reglar gjelder for reservatet:

1.Vegetasjonen, også daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging utover det som følgjer av tillaten ferdsle eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter og plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje innførast.

2.For dyrelivet gjeld viltlova og forskrifter til viltlova.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, campingvogn, o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, plassering av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmidlar. Opplistinga er ikkje utfyllande.
4.Motorferdsle er forbode.

V.

Reglane i pkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Sanking av bær og sopp.
3.Drift av skogen på fastmark utanfor randsona (jf pkt VI.1) med dei avgrensningar som følgjer av, eller har heimel i, lov om skogbruk og skogvern. Treslagskifte og tiltak som er nemnde i pkt IV 3 er forbode.
4.Motorferdsle på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogdrift.
5.Motorisert tømmertransport over myra på frosen mark.
6.Beiting.

VI.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gje løyve til:

1.Å setje iverk tiltak for å byggje opp og ta vare på ei stabil og variert randsone rundt myrområdet. Breidda på denne sona skal fastsetjast av forvaltningsstyresmakta.
2.Skoghygieniske tiltak i randsona og på eventuelle fastmarksøyar innan myrområdet.

VII.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga.

Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentlig verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX.

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X.

Den makt Kongen har etter § 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

XI.

Denne forskrift trer i kraft straks.