Forskrift om freding for Sjoalemyra naturreservat i Stord kommune, Hordaland

DatoFOR-1983-12-16-1990
PublisertII 1984 s 694
Ikrafttredelse16.12.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forSjoalemyra naturreservat i Stord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sjoalemyra naturreservat, Stord

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 16. desember 1983. Fremja av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit myrområde ved Solhaug i Stord kommune, Hordaland fylke, ved kgl.res. av 16. desember 1983 freda som naturreservat med namnet Sjoalemyra naturreservat.

II.

Reservatet omfattar delar av gnr./bnr. 13/1, 13/2, 14/4. Det freda arealet er omlag 160 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet januar 1983.

Fredingsreglane og kartet blir oppbevarte i Stord kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning av forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III.

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit område med stor variasjon av myrtypar, m.a. ei særleg godt utvikla atlantisk høgmyr og rikare jordvassmyrar med fleire til dels sjeldne planteartar.

IV.

Følgjande reglar gjeld for reservatet:

1.Vegetasjonen, også daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging utover det som følgjer av tillaten ferdsle eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter og plantedeler frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast.

2.For dyrelivet gjeld viltlova og forskrifter til viltlova.
3.De må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, campingvogn, o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, plassering av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmidlar. Opplistinga er ikkje utfyllande.
4.Motorferdsle er forbode.

V.

Reglane i pkt IV er ikkje til hindrer for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Sanking av bær og sopp.
3.Drift av skogen på fastmark utanfor randsona (jf pkt VI.1) med dei avgrensingar som følgjer av, eller har heimel i, lov om skogbruk og skogvern. Treslagskifte og tiltak som er nemnde i pkt IV 3 er forbode.
4.Motorferdsle på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogdrift.
5.Motorisert tømmertransport over myra på frosen og snødekt mark.
6.Drift og vedlikehald av kraftlina Uføro-Litlabø.
7.Beiting.

VI.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gje løyve til:

1.Å setje iverk tiltak for å byggje opp og ta vare på ei stabil og variert randsone rundt myrområdet. Breidda på denne sona skal fastsetjast av forvaltningsstyresmakta.
2.Skoghygieniske tiltak i randsona og på eventuelle fastmarksøyar innan myrområdet.

VII.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga.

Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX.

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X.

Den makt Kongen har etter § 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredningar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unntak frå fredingsreglane vert for desse områda er overført til Miljøverndepartementet.

XI.

Denne forskrift trer i kraft straks.