Forskrift om vern for Grimstadvatnet naturreservat og område med fuglelivsfredning for deler av øya Hareidlandet, Hareid kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1983-12-16-2011
PublisertII 1984 s 750
Ikrafttredelse16.12.1983
Sist endret
Endrer
Gjelder forGrimstadvatnet naturreservat og område med fuglelivsfredning for deler av øya Hareidlandet, Hareid kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Hareid

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 16. desember 1983. Fremja av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10, 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Grimstadvatnet med tilgrensande område langs Hareidvassdraget til Snipsøyrvatnet i Hareid kommune, Møre og Romsdal fylke, ved kgl.res. av 16. desember 1983 freda som naturreservat med namnet «Grimstadvatnet naturreservat». I medhald av § 14, 2. ledd i samme lov er det samstundes oppretta eit område med fuglelivsfredning for deler av øya Hareidlandet i Hareid kommune.

II.

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 41/15, 21, 47/1, 2, 5, 6, 7, 8, 9, 19, 20, 21, 23, 67, 48/1, 2, 4, 5, 10, 49/1, 2, 3, 6, 7, 9, 10, 16, 17, 50/8, 9, 51/5, 57/2, 4 og 21

Området med fuglelivsfredning dekker eit areal på ca. 10,4 km².

Naturreservatet dekker eit areal på ca. 934 dekar, av dette er omlag 547 dekar vatnareal.

Grensene for naturreservatet går fram av grenseskildring og kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet november 1983. Grensene for område med fuglelivsfredning er vist på kart i målestokk 1: 20.000, dagsett Miljøverndepartementet november 1983. Karta og vernereglane vert oppbevarde i Hareid kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grenselinene for det freda området skal merkast i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III.

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit næringsrikt vatn med tilhøyrande deler av vassdrag og myrområde, og det tilhøyrande rike plante- og dyrelivet, i særlig grad for å kunne verne om ein rik fuglefauna.

IV.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar (jf. likevel pkt. VI og VII:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot einkvar form for skade eller øydelegging. Grasbrenning og anna rydding av markvegetasjon må ikkje førekomme.
2.Alt vilt, herunder hia, reira og egga deira er freda mot alle former for skade, øydelegging og ikkje naudsynt uroing, jf. § 3 i viltlova.

Jakt, fangst, bruk av skytevåpen, samt slipp av hund er forbode.

Utsetting av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgitte forholda, herunder oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, tilplanting, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, plassering av avfall og bruk av kjemiske plantevernmidlar. Inngrep som kan endre vasstanden i vassdraget ut over det som følgjer av kgl.res. av 13. mai 1977 for Grimstadvatnet, og dom for vassnivået i Snipsøyrvatnet. Senking, korreksjon og forbygging av Kaldholelva er ikkje tillatt. Opplistinga er ikkje uttømande.
4.Av omsyn til fuglelivet må all ferdsel i eit område avmerka på kart berre skje etter oppmerka stiar i tida frå og med 1. april til og med 31. juli. I denne perioden gjeld og ferdselsforbod i vegetasjonssonene i dei tilgrensande deler av Grimstadvatnet.

V.

For området med fuglelivsfredning gjeld følgjande:

1.Med unnatak av kråke er alle fugleartar, herunder reira, egga og ungane deira freda mot jakt, fangst, skade og øydelegging av ein kvar art.

VI.

Reglane i pkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i tryggings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsføremål.
2.Drift og vedlikehald av eigedomar og anlegg, tilkomst til båtplassar og fiskerettar langs elvar og vatn. Nyanlegg og vedlikehald av dreneringssystem og driftsvegar gjennom reservatet, beiting og uttak av brensel må skje i samråd med forvaltningsstyresmakta.
3.Jakt og fangst av villmink i samsvar med reglar i viltlova og føreskrifter gitt i medhald av desse, samt fiske etter dei rettar som er tilknytta vassdraget.
4.Drift og vedlikehald av kraftliner og telekablar så langt det ikkje gjeld endring i dimensjonar på leidningar, faseavstand og mastehøgd. Rydding av vegetasjon skal skje som del av skjøtselsplanen for området og i samråd med forvaltingsstyresmaktene. Luftspenn gjennom området skal vere merka av omsyn til fuglekollisjonar. i samband med tillaten skogdrift.

VII.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade, i samsvar med viltlova sine reglar og føreskrifter.
2.Gjennomføring av tiltak for å hindre at Kaldholelva gjer skade ved graving.

VIII.

Skjøtsel som er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga skal kunne utførast av forvaltingsstyresmakta eller den som forvaltingsstyresmakta avgjer. Skøtsel skal skje etter plan, utarbeidd i samråd med grunneigarane.

IX.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentlig samfunnsmessig verdi og i særlege høve når desse ikkje strir mot føremålet med fredinga.

X.

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

XI.

Den makt Kongen har etter § 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

XII.

Denne forskrift trer i kraft straks.