Forskrift om freding for Kallskaret naturreservat, Norddal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1984-11-16-1894
PublisertII 1984 s 532
Ikrafttredelse16.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forKallskaret naturreservat, Norddal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jf § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Kallskaret naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 16. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23 er ein mineralførekomst Kallskaret i Norddal kommune, Møre og Romsdal fylke, ved kgl.res. av 16. november 1984 freda som naturreservat med namnet Kallskaret naturreservat.

II

Naturreservatet rører ved gnr./bnr. 49/1, 10, 13 og 73/2, 3.

Det freda arealet er om lag 900 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:10.000, dagsett Miljøverndepartementet september 1984. Fredingsreglane og kartet blir oppbevarte i Norddal kommune, hjå fylkesmannen i Møre og Romsdal og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning av forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit område med førekomstar av eklogitt i veksling med andre bergartar der bergartsvekslingene har vært avgjerande for utforminga av eit vakkert og særprega landskap.

IV

Følgjande reglar gjeld for naturreservatet:

1.Alle inngrep i grunnen er forbode. Dette gjeld uttak eller påfylling av masse, bygging av vegar, oppføring av bygningar eller andre mellombels innretningar, framføring av jordkablar og kloakkleidningar, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler og plassering av avfall. Det er ikkje tillatt å risse eller male inn teikn, figurar o.l. på fjell eller steinblokkar. Det er også forbode å gjere opp varme på fast fjell i området. Opplistinga er ikkje utfyllande.
2.Bruk av hammar, kile og bor samt sprenging er ikkje tillatt. Det er forbode å samle inn prøver frå fast fjell.
3.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Naudsynt vedlikehald av eksisterande vegar, bygningar og anlegg.
2.Å ta med små lause steinar til personleg samlarføremål samt å leite i lausmassar som ikkje er dekte av vegetasjon om grunneigar eller brukar gjev løyve til dette. Graving med spade eller liknande hjelpemiddel er ikkje tillatt.

Dersom verneverdiane gjer det naudsynt, kan forvaltningsstyresmakta innføre forbod mot å samle inn prøver i området.

3.Skånsam bruk av hammar i samband med undervisning godkjend av forvaltningsstyresmakta.
4.Drift av skogen og motorisert ferdsle i samband med skogsdrift, så lenge grunnen ikkje blir skadd.
5.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikring-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

IX

Den makt Kongen har etter same lovs §§ 6, 10 og 12 om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredingar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredningsreglane, vert overført til Miljøverndepartementet.

X

Denne forskrift trer i kraft straks.

Samstundes vert Miljøverndepartementet sitt vedtak av 30. september 1982 nr. 1834 om førebels freding av naturminnet Kallskaret oppheva.