Forskrift om freding for Gytle-skotet naturminne, Stryn kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1984-11-16-1898
PublisertII 1984 s 540
Ikrafttredelse16.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forGytle-skotet naturminne, Stryn kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 11 jf § 12, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Gytle-skotet naturminne

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 16. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 11, jfr. § 12 og §§ 21, 22 og 23 er ein mineralførekomst Gytle-skotet i Stryn kommune, Sogn og Fjordane fylke, ved kgl.res. av 16. november 1984 freda som naturminne med namnet Gytle-skotet naturminne.

II

Naturminnet rører ved gnr./bnr. 178/2 og 179/8.

Det freda arealet er om lag 2.35 dekar.

Grensene for naturminnet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet september 1984. Fredingsreglane og kartet blir oppbevarte i Stryn kommune, hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturminnet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning av forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på ei sprekkfylling av mineralet kalsedon som er ein særs fin krystallin variant av kvarts.

IV

Følgjande reglar gjeld for naturminnet:

1.Alle inngrep i grunnen er forbode. Dette gjeld alle former for flytting eller påfylling av masse, stein og steinblokkar, bygging av vegar, oppføring av bygningar eller andre faste eller mellombels innretningar, framføring av jordkablar og kloakkleidningar, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler og plassering av avfall. Opplistinga er ikkje utfyllande.
2.Bruk av hammar, kile og bor samt sprenging og samling av lause steinar og prøver frå fast fjell er ikkje tillatt. Likeeins er det forbode å risse eller male inn teikn, figurar o.l. på fjell eller steinblokkar. Det er også forbode å gjere opp varme i området.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Naudsynt vedlikehald av eksisterande vegar, bygningar og anlegg.
2.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

IX

Den makt Kongen har etter same lovs §§ 6, 10 og 12 om skjøtsel, etter § 21 til merking av fredingar m.v. etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredningsreglane, vert overført til Miljøverndepartementet.

X

Denne forskrift trer i kraft straks.