Forskrift om vern for Sævareidberget landskapsvernområde, Etne kommune, Hordaland

DatoFOR-1984-11-23-1913
PublisertII 1984 s 567
Ikrafttredelse23.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forSævareidberget landskapsvernområde, Etne kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sævareidberget vernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 23. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jf. § 6 og §§ 21, 22 og 23 er eit edellauvskogområde ved Åkrafjorden i Etne kommune, Hordaland fylke, verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 23. november 1984 under namnet Sævareidberget landskapsvernområde.

II

Det verna området omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 117/1, 117/2, 117/3 og 117/5.

Det verna arealet er omlag 250 dekar.

Grensene for landskapsvernområdet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet oktober 1984.

Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Etne kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med verninga er å ta vare på ein kulturpåverka edellauvskog som eit referanseområde for tradisjonelle driftsformer i denne delen av landet.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep som vesentleg endrar karakteren til landskapet er forbodne, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.Oppdyrking eller endring i samansetnaden av treslag ved skogkultur er forbode.
3.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd
2.beiting og slått
3.hogst etter godkjend skjøtselsplan
4.motorferdsle for framkøyring av tømmer.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan vedta restriksjonar når det gjeld beite, av omsyn til forynginga av skogen.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

XI

Denne forskrift trer i kraft straks.