Forskrift om vern for Joberget naturreservat i Granvin kommune, Hordaland fylke.

DatoFOR-1984-11-23-1917
PublisertII 1984 s 575
Ikrafttredelse23.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forJoberget naturreservat, Granvin kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Granvin

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 23. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23 er eit edellauvskogområde ved Granvinvatnet i Granvin kommune, Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 23. november 1984 under namnet Joberget naturreservat.

II

Det freda området omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 94/1, 94/2, 95/1,3, 96/1, 96/3, 96/4 og 97/1,2.

Det freda arealet er omlag 400 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet oktober 1984. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Granvin kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på ein sørvend edellauvskog med ein særleg artsrik vegetasjon.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, også daude busker og tre, er freda mot all slags skade og øydelegging, utover det som følgjer av tillate ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye plantearter må ikkje innførast.

2.For dyrelivet gjeld viltlova si reglar og forskrifter.
3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre dei naturgitte forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd
2.Sanking av bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

IX

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

X

Denne forskrift trer i kraft straks.