Forskrift om vern for Berge landskapsvernområde, Kvam kommune , Hordaland

DatoFOR-1984-11-23-1920
PublisertII 1984 s 581
Ikrafttredelse23.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forBerge landskapsvernområde, Kvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Berge landskapsvernområde, Kvam

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 23. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jf. § 6 og §§ 21, 22 og 23 er området Bergsvatnet - Stekkavik - Hauane i Kvam kommune, Hordaland fylke verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 23. november 1984 under namnet Berge landskapsvernområde.

II

Det verna området omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 91/1, 91/2, 92/1 og 92/2.

Det verna arealet er omlag 290 dekar, herav vannareal omlag 105 dekar.

Grensene for landskapsvernområdet er teikna inn på kart i målestokk 1:50.000, dagsett Miljøverndepartementet oktober 1984.

Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Kvam kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III Føremålet med verninga er å ta vare på eit område med eit særleg samansett og interessant natur- og kulturmiljø, som omfattar ein lund med gamle, styva eiketre, eit vatten med interessant sumpvegetasjon og gamle bygningar.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep som vesentleg endrar karakteren til landskapet er forbodne, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, attlegging av avfall og bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

2.Oppdyrking eller endring i samansetnaden av treslag ved skogkultur er forbode.
3.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd
2.beiting og slått
3.hogst etter godkjend skjøtselsplan
4.vedlikehald og restaurering av eksisterande bygningar
5.motorferdsle for framkøyring av tømmer og motorisert ferdsle på vegen til Stekkavik og til kulturbeitet innafor området

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje tillatelse til senking av Bergsvatnet dersom dette skjer for å betre avlaupet på eksisterande innmark og uten at naturverdiane i landskapsvernområdet vert vesentleg reduserte.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

XI

Denne forskrift trer i kraft straks.