Forskrift om vern for Holmedalsberget naturreservat i Kvinnherad kommune, Hordaland.

DatoFOR-1984-11-23-1923
PublisertII 1984 s 588
Ikrafttredelse23.11.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forHolmedalsberget naturreservat, Kvinnherad kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Kvinnherad

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 23. november. 1984. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit edellauvskogområde ved Holmedal i Kvinnherad kommune, Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 23. november 1984 under namnet Holmedalsberget.

II

Det freda området omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 248/1, 248/2, 248/3, 248/4, 248/5, 248/6, 248/7, 248/8, 248/9, 248/10, 248/11, 248/14, 248/15, 248/16.

Det freda arealet er om lag 2.200 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Miljøverndepartementet oktober 1984. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Kvinnherad kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på ei større li med ein variert og varmekjær edellauvskog representativ for ytre fjordstrøk på Vestlandet.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, også daude busker og tre, er freda mot all slags skade og øydelegging, utover det som følgjer av tillate ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye plantearter må ikkje innførast.

2.For dyrelivet gjeld viltlova si reglar og forskrifter.
3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre dei naturgitte forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Sanking av bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gje løyve til vedhogst og beite etter godkjend skjøtselsplan.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsreglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetje nærare reglar om område og skjøtselsplan av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

XI

Denne forskrift trer i kraft straks.