Forskrift om vern for Floget naturreservat i Os kommune, Hordaland.

DatoFOR-1984-11-23-1928
PublisertII 1984 s 598
Ikrafttredelse23.11.1984
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forFloget naturreservat, Os kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Os

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 23. november 1984. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 20 feb 2002 nr. 243, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit edellauvskogområde ved Hatvik i Os kommune, Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 23. november 1984 under namnet Floget naturreservat.

Med heimel i kgl.res. av 3. juli 1987 nr. 572 jf. Miljøverndepartementets brev av 3. november 1988 om delegering av myndighet til Direktoratet for naturforvaltning, er forskrifta endra av Direktoratet for naturforvaltning den 20. februar 2002.

0Endra ved forskrift 20 feb 2002 nr. 243.

II

Det freda området omfatter delar av følgjande gnr./bnr.: 71/1, 71/2, 7/3.

Det freda arealet er omlag 85 dekar.

Grensene for naturreservatet er teikna inn på kart i målestokk 1:5.000, dagsett Direktoratet for naturforvaltning februar 2002. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Os kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland og i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra ved forskrift 20 feb 2002 nr. 243.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit variert edellauvskogområde, og særleg ta vare på eit døme på fattig eikeskog i Hordaland fylke.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, også daude busker og tre, er freda mot all slags skade og øydelegging, utover det som følgjer av tillate ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye plantearter må ikkje innførast.

2.For dyrelivet gjeld viltlova si reglar og forskrifter.
3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre dei naturgitte forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretingar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsle er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Beiting.
4.Hogst av ved til eiga bruk.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføra skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal gje nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane for vitenskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Miljødirektoratet fastsett kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

0Endra med forskrifter 20 feb 2002 nr. 243, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

IX

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetje nærare reglar om områda og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjere unnatak frå fredingsreglane, vert for desse områda overført til Miljøverndepartementet.

X

Denne forskrift trer i kraft straks.