Forskrift til § 2 i strandplanlova, Haram kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1985-01-17-1343
PublisertII 1985 s 397
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1971-12-10-103
Kunngjort
KorttittelForskrift til strandplanlova, Haram

Haram kommunestyre har 17. januar 1985 godkjent forskrift til § 2 i strandplanlova av 10. desember 1971 nr. 103. 

Oppføring av bygning, konstruksjoner eller anlegg og frådeling av tomt i strand- og fjellområder, slik dei er avgrensa i tidlegare førebels indre grense, fastsett av fylkesmannen i Møre og Romsdal, kan berre skje i medhald av stadfesta reguleringsplan etter bygningslova.

Det same gjeld for 100 m belte langs vassdrag.

Bygningsrådet kan gje dispensasjon frå reglane ovanfor.