Forskrift om vern for Nigardsbreen naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1985-07-12-1477
PublisertII 1985 s 499
Ikrafttredelse12.07.1985
Sist endret
Endrer
Gjelder forNigardsbreen naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Luster

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 12. juli 1985. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område i Nigardsbredalen (Mjølverdalen) og fjella omkring, i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 12. juli 1985 under namnet Nigardsbreen naturreservat.

II

Det freda området omfattar delar av eigedomane gnr. 202 og bnr 1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 15, 22, 36, 37, 43 og 49, del av allmenning under gnr 202, samt del av Jostedalsbreen statsgrunn.

Reservatet dekker eit areal på omlag 28 km².

Grensene for naturreservatet går fram av to kart dagsett Miljøverndepartementet juni 1985.

Karta og vernereglane vert oppbevarte i Luster kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit særprega dalføre med godt utvikla brerandsone som har stor verdi for studiar av brevariasjonar i historisk tid, bre- og breelv-aktivitet og plantesuksesjonar.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon er freda mot skade og øydelegging, jf likevel pkt V og VI. Skogplanting og innføring av nye plantearter er forbode.
2.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som f.eks. uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar, kloakk- og vassleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, attlegging av avfall, gjødsling eller bruk av kjemiske middel. Lista er ikkje uttømmande.
3.Motorisert ferdsle er forbode. Jr likevel pkt V og VI.
4.Telting og camping i Nigardsbredalen er forbode. Jf likevel pkt V og VI.

V

Reglane i pkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, sikring-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Motorisert ferdsle på eksisterande vegar, parkering på eksisterande parkeringsplass og køyring med turistbåt på Brevatnet.
3.Eksisterande bruk av dyrka mark.
4.Tradisjonell beiting.
5.Bær- og soppsanking.
6.Jakt etter dei til eikvar tid gjeldande reglar.
7.Naudsynt vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og anlegg.
8.Hogst av skog utanfor 1750-morena, på hyttetomter og på nordsida av Breelva utanom dei avgrensa referanseflatene for vegetasjon. (Desse går fram av kart 2 M = 1:5.000).
9.Telting på breplatået og på fjellet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Oppføring av toalettanlegg i tilknytning til parkeringsplassen ved Brevatnet.
2.Oppkøyring og preparering av skiløyper med snøscooter i samband med skiarrangement.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredningsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentlig verdi for samfunnet og i spesielle høve, når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av vernereglane vert lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Den makt Kongen har etter § 10 til å fastsetje nærare forskrifter om området og vedlikehald av det, etter § 21 om merking av fredingar m.m., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 om å gjera unntak frå fredningsforskriftene, vert ført over til Miljøverndepartementet.

XI

Desse forskriftene trer i kraft straks.