Forskrift om jakt for Nøre Bjørkedal sameige, Volda kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1986-06-13-1337
PublisertII 1986 442
Ikrafttredelse13.06.1986
Sist endret
Endrer
Gjelder forVolda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§29
Kunngjort
KorttittelForskrift om jakt, Volda

Direktoratet for Naturforvaltning har 13. juni 1986 i samsvar med viltlovens § 29, 2. ledd godkjent jaktregler for Nøre Bjørkedal sameige.

§ 1.Jakt og fangst i N. Bjørkedal sameige skal forvaltast av eit styre på 3 medlemmer. Medlemmer og varamedlemmer til styret skal veljast for 3 år om gongen, av og mellom personar som i medhald av § 29, første ledd, har jaktrett i sameiget. Den som har gjort teneste i ein periode kan kreve seg fritatt neste periode. Styret vel sjølv leiar og nestleiar blant styremedlemmene. For at styrevedtak skal vere gyldig, må det ha tilslutning frå minst halvparten av medlemmene i styret. Ved likt stemmetal gjer stemma til leiaren utslaget. Styret skal føre protokoll over møta sine.
§ 2.Styret skal ta sikte på å auke såvel det direkte jaktlege som det økonomiske utbyttet av jakta i sameiget gjennom eit planmessig og tidsaktuelt viltstell. Styret skal dessutan ha som målsetting at eksisterande jakttilbod skal kome eit rimeleg antal jegerar til gode. Styret skal vidare passe på at jakta og fangsten vert driven på ein måte som tek omsyn til viltbestanden, at jakt og fangst vert utøvd i samsvar med god jegerskikk og at reglane i viltloven og jaktreglane for sameiget vert haldne. Brot på reglane skal meldast til politiet etter avgjerd i jaktstyret.
§ 3.Jakta i sameiget skal disponerast etter styret sitt vedtak gjennom sal av jaktkort eller bortleige på annan måte. Det same gjeld dersom området vert slått saman med anna areal etter reglane i §§ 37 og 38 i viltlova. Styret avgjer i kva grad personar som har jaktrett etter § 29 i viltlova skal ha førsterett til jakt. Styret kan berre leige vekk jaktretten for lengre tid enn eitt år om gongen under uttrykkeleg atterhald om seinare godkjenning av fellesmøtet. Prisen på jaktkort skal fastsettast av styret, eventuelt etter nærare retningsliner frå fellesmøtet. Bortleige av jaktrett på annan måte enn ved sal av jaktkort, skal i tilfelle skje på den måten som er best til gagn for sameiget.

Ingen kan drive jakt eller fangst i sameiget utan gyldig jaktkort. Kortet eller anna prov skal lyde på namn, og kan ikkje overdragast til andre. Kortet eller provet skal saman med gyldig jegerkort alltid takast med under jakt og fangst i sameiget, og alltid visast fram om nokon forlangar det. Alle som får høve til å drive jakt og fangst i sameiget pliktar å gje oppgåve til styret om felt eller fanga vilt, og skal melde frå til styret om eventuelle tilfelle av ulovleg jakt i sameiget.

§ 4.Når det gjeld den storviltjakta som sameigarane sjølv måtte drive, er det styret si plikt å samordne denne på beste måte og med eventuell anna jakt som måtte foregå i sameiget. Såleis skal styret varsle alle sameigarane i god tid om når det skal vere jakt i sameiget. Er det nokon som ønskjer å få andre til å jakte i sin stad, skal det vere høve til det. Ein av sameigarane skal av styret utpeikast til ansvarleg jaktleiar. Han skal kontrollere at alle som tek del i jakta har gyldig skyteprøvebevis og jegerkort, og elles sjå til at reglane for sameiget og i viltlova vert etterlevd og at jakta skjer i samsvar med god jegerskikk.

Fellesmøtet skal fastsette kor mykje sameigarane som ønskjer å ta del i jakta skal betale for dette. Prisen skal ta utgangspunkt i talet på dyr som sameigarane får rett til å felle, og bør stå i rimeleg høve til marknadsverdien for fellingsløyve for hjort i distriktet. Avstemming om dette vert foretatt slik at røysta til kvar sameigar blir gitt vekt etter tabellen i kap. IV i jordskiftedokumenta i sak 28/57, tinglese 19. november 1973.

Sameigarar som ønskjer å ta del i jakta får frist til første jaktdagen med å melde seg på jaktlaget. Før jakta tek til skal beløpet som er fastsett etter foregåande ledd betalast av de påmelde jegerane med like store summar på kvar jeger. Felt hjort (kjøt) skal og delast likt mellom jegerane som tek del i jakta.

§ 5.Inntekter ved sal av jaktkort o.l. og inntekter etter § 4 skal forvaltast av styret som m.a. kan tilsette nødvendig jaktoppsyn og bruke av midla til andre tiltak som kan fremme viltstellet i sameiget, eventuelt etter retningslinjer frå fellesmøtet.

Til dekking av underskot kan styret, eventuelt fellesmøtet, utlikne dei nødvendige midlar mellom sameigarane etter tabellen i kap. 4 i jordskiftedokument. Overskot skal gå til sams tiltak i sameiget etter avgjer av fellesmøtet som nemnd i § 4, andre ledd, etter at det først er avsett ein høveleg sum til eit fond for å møte tider som måtte gi underskot. Eventuelt overskot ut over dette kan fellesmøtet fordele mellom sameigarane etter tabellen i kap. 4 i dei nemnde jordskiftedokumenta.

§ 6.Fellesmøte mellom sameigarane skal haldast minst ein gong kvart 3. år innan utgangen av juli månad, eller når det vert kravt av minst halvparten av jaktinteressene i sameiget, utrekna slik det er gjort greie for i § 4, andre ledd, eller når styret måtte finne det nødvendig. Fellesmøtet skal innkallast av leiaren i styret med minst 14 dagars varsel, etter kunngjering som er vanleg i distriktet. Fellesmøtet er den høgste myndighet i sameiget. Ved val og avstemmingar på fellesmøtet, reknar ein røystene etter storleiken på kvar andel i sameiget slik som vist i § 4, andre ledd.
§ 7.Desse jaktreglane trer i kraft 13. juni 1986. Brot på reglane i § 3, siste ledd kan medføre straff og inndraging og nekting av å drive jakt og fangst innan sameiget, jfr. § 56 i viltlova.

Jaktreglane kan takast opp til ny vurdering og endring kvart 5. år.