Forskrift om vern for Fjøsanger landskapsvernområde og naturminne, Bergen kommune, Hordaland.

DatoFOR-1986-09-05-1832
PublisertII 1986 611
Ikrafttredelse05.09.1986
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjøsanger landskapsvernområde og naturminne, Bergen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§7, LOV-1970-06-19-63-§11, LOV-1970-06-19-63-§12, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Fjøsanger landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 5. september 1986. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jfr. §§ 6 og 7, §§ 11 og 12, samt §§ 21, 22 og 23, er ein del av Fjøsanger hovedgård i Bergen kommune, Hordaland fylke verna som landskapsvernområde og naturminne ved kgl.res. av 5. september 1986 under namnet Fjøsanger naturminne og landskapsvernområde.

II

Det verna område omfattar del av gnr. 16, bnr. 1. Naturminnet dekkjer eit areal på 33 da og landskapsvernområdet dekkjer 80 da. Grensene går fram av kart i målestokk 1:2.500 dagsett Miljøverndepartementet januar 1985 og revidert juli 1985. Kartet og vernereglane vert lagra i Bergen kommune, hos fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene skal avmerkast i marka etter nærare tilvisning av forvaltningsstyresmakta og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med landskapsvernområdet er å ta vare på det eigenarta kulturlandskapet med bygningane på Fjøsanger hovedgård i tilknytning til dei verneverdige geologiske avsetningane i område. Føremålet med naturminnet er å ta vare på og halde tilgjengeleg for forskning og undervisning ein djupareliggjande geologisk førekomst som omfattar samanhengande avsetningar frå siste mellomistid og morene frå nest siste istid.

IV

For landskapsvernområdet og naturminnet gjeld fylgjande reglar:

Alle inngrep som vesentleg endrar arten eller karakteren til landskapet er forbode, så som å fjerne alléen, særmerka enkelttre, grupper eller rekkjer av tre utanom skogen, riving eller annan øydeleggjing av bygningar og steingjerde, uttak eller utfylling av masse, byggjing av vegar, framføring av luftleidningar, lagring av avfall samt oppføring av bygningar eller andre faste innretningar. Opplistinga er ikkje uttømande. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak vil endre arten eller karakteren til landskapet vesentleg.

For naturminnet gjeld i tillegg fylgjande regel:

Alle inngrep eller tiltak som kan verka inn på dei geologiske avsetningane eller tilgangen til desse er forbode, til dømes leggjing av jordkablar eller vatn- og kloakkleidningar. Opplistinga er ikkje uttømande.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Å gjennomføra militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Vanleg jordbruksdrift og beiting.

I landskapsvernområdet er reglane i punkt IV ikkje til hinder for:

1.Vanleg vedlikehald og drift av bygningar, vegar og andre anlegg.
2.Oppføring av nye bygningar og vesentlege ytre endringar av bygningar, så som riving og fargeendring, etter godkjenning av forvaltningsstyresmakta.
3.Anlegg av gang- og sykkelsti i tråd med forslag til reguleringsplan av februar 1982, sist revidert februar 1985. Detaljerte byggjeplaner for gang- og sykkelstiar skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjer fullmakt kan utføra skjøtsel for å fremja verneføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselen.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, samt for forskning, arbeid som er særs samfunnsgagnleg og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir i mot føremålet med vernet.

VIII

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

IX

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 12 til å fastsetja nærare reglar om områder og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredningar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unntak frå vernereglane vert overført til Miljøverndepartementet.

X

Desse føresegnene trer i kraft straks.