Forskrift om fredning av Vidmyr naturreservat, Bykle kommune, Aust-Agder fylke.

DatoFOR-1986-09-05-1833
PublisertII 1986 613
Ikrafttredelse05.09.1986
Sist endret
Endrer
Gjelder forVidmyr naturreservat, Bykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Bykle

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 5. september 1986. Fremja av Miljøverndepartementet.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område sør og vest for Lislevatn i Bykle kommune, Aust-Agder fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 5. september 1986 under namnet Vidmyr naturreservat.

II.

Det freda området berører følgjande gnr/bnr: 1/8, 2/1, 2/2 og 2/8.

Reservatet dekker eit areal på omlag 9.700 da.

Grensene for naturreservatet går fram av kart/flybilete i målestokk 1:5.000/ca. 1:5.000, datert Miljøverndepartementet mars 1985. Kart og fredningsføresegne vert oppbevart i Bykle kommune, hos fylkesmannen i Aust-Agder, hos Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III.

Føremålet med fredninga er å ta vare på eit stort, representativt myrområde med godt utvikla bakke- og strengmyrer som har ein rik flora med eit stort innslag av arter som er plantegeografisk interessante.

IV.

For reservatet gjeld følgjande føresegner:

1.Vegetasjonen, også daude buskar og tre, er freda mot skade og øydeleggjing utover det som følgjer av vanleg fri ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V og VI. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Treslagskifte er forbode.
2.For dyrelivet gjeld viltlovas føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturlege vekstvilkåra, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, plassering av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmidlar.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

4.Motorisert ferdsle er forbode.

V.

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, sikring-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Tradisjonell beiting.
4.Vedhogst til eige bruk for dei 2 hyttene ved vestbreidda av Lislevatn.
5.Vedlikehald og anna naudsynt arbeid på vestre del av damstaden ved utløpet av Lislevatn.
6.Organisert idrettsutøving til fots eller på ski på frosse eller snødekt mark.
7.Lågtflygning i samband med etablering av mogeleg flyplass i søndre del av reservatet.

VI.

Forvaltningsstyresmakta, eller det organ forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremja føremålet med fredninga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII.

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå fredningsføresegnene for vitskaplege undersøkningar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verde og i særskilde høve dersom dette ikkje er i strid med føremålet med fredninga.

VIII.

Forvaltninga av fredningsføresegnene vert lagt til fylkesmannen i Aust-Agder.

IX.

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetja nærare reglar om områder og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredningar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unntak frå vernereglane vert overført til Miljøverndepartementet.

X.

Desse føresegnene trer i kraft straks.