Forskrift om vern av Hovden landskapsvernområde, Bykle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-1986-09-05-1834
PublisertII 1986 615
Ikrafttredelse05.09.1986
Sist endretFOR-2014-08-05-1070
Endrer
Gjelder forHovden landskapsvernområde, Bykle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Hovden landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 5. september 1986. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 5 jan 2004 nr. 34, 5 aug 2014 nr. 1070.

I.

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jfr. § 6 og §§ 21, 22 og 23, er eit område nord for Hovden i Bykle kommune, Aust-Agder fylke, verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 5. september 1986 under namnet Hovden landskapsvernområde.

II.

Det verna området omfattar heile eller delar av gnr./bnr. 1/1, 1/2, 1/6, 9, 1/7, 1/19, 1/20, 1/22, 1/23, 2/2, 2/3 og 2/9. Landskapsvernområdet dekker et areal på ca. 58 940 dekar.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:70 000 datert Miljødirektoratet juni 2014. Kartet og verneføresegnene vert oppbevarte i Bykle kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast opp i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrifter 5 jan 2004 nr. 34, 5 aug 2014 nr. 1070.

III.

Føremålet med landskapsvernområdet er å ta vare på eit vakkert naturlandskap som er eineståande i sitt slag i fylket. I verneområdet finn ein store, samanhengjande myrområde, som til saman inneheld eit vidt spekter av myrtypar, og ein finn særmerkte spor frå siste istid som t.d. terrassar, daudisgroper og morenar. Både myrene og lausavsetningane er av stort verd for undervisning og forsking.

Endra med forskrift 5 aug 2014 nr. 1070.

IV.

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep som vesentleg endrar karakteren til landskapet er forbodne, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, attlegging av avfall og bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

2.Endring av samansetnaden av treslag ved skogkultur er forbode.

V.

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Vedlikehald og drift av eksisterande vegar, bygningar og anlegg.
3.Skogs- og jordbruksdrift herunder nydyrking etter dei lovene og føresegnene som gjeld. Jfr. likevel punkt VI, 1.

VI.

1.Nydyrking av kote 900 kan berre skje etter plan godkjent av forvaltningsstyresmakta. Bygningar knytte til jordbruksdrift kan oppførast når utforming og plassering er godkjent av forvaltningsstyresmakta. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til framføring av landbruksvegar når dette er naudsynt for drifta av landbruksareala, og når vegane ikkje bryt med landskapsbiletet.
2.Forvaltningsstyresmakta kan gi nærare føresegner om regulering av motorisert ferdsel i heile eller delar av området dersom dette blir naudsynt av omsyn til naturmiljøet. Jfr. lov om motorferdsle i utmark og vassdrag, § 7.

VII.

Forvaltningsstyresmakta kan utføre skjøtselstiltak som er naudsynte for å fremja føremålet med landskapsvernområdet.

Oppmerking av turistløyper og turistruter, bygging av klopper og oppsetjing av skilt skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta.

Forvaltningsstyresmakta kan i skjøtselsplan fastsetje nærare reglar for tiltak i medhald av dette punktet.

VIII.

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå fredningsføresegnene for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verde og i særskilte høve dersom dette ikkje er i strid med føremålet med fredinga.

IX.

Forvaltninga av føresegnene for Hovden landskapsvernområde vert lagt til fylkesmannen i Aust-Agder.

X.

Den makt Kongen har etter §§ 6 og 10 til å fastsetja nærare reglar om områder og skjøtselen av dei, etter § 21 om merking av fredningar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unntak frå vernereglane vert overført til Miljøverndepartementet.

XI.

Desse føresegnene trer i kraft straks.