Forskrift om vern for Furebuheii naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-1986-10-10-1963
PublisertII 1986 s 665
Ikrafttredelse10.10.1986
Sist endret
Endrer
Gjelder forFurebuheii naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Åmli

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 10. oktober 1986. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23 er myrområdet mellom Videstølheii og Furebuheii i Åmli kommune, Aust-Agder fylke verna som naturreservat ved kgl.res. av 10. oktober 1986 under namnet «Furebuheii naturreservat».

II

Det verna området femner om følgjande gnr/bnr: 6/1 og 7/9.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 1900 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet juli 1985. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i Åmli kommune, hos fylkesmannen i Aust-Agder, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med vern er å ta vare på eit særmerkt myrkompleks der smale bakkemyrar dominerer.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, også daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging unnatak det som følgjer av tillatt ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye plantearter må ikkje innførast. Treslagsskifte er forbode.

2.For viltet gjeld viltlova sine føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan forandre naturmiljøet såsom oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, campingvogn o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte ureiningstilførslar, oppsamling av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel er forbode.
5.Oppsetting av telt og kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikring-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningstiltak.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Drift av skogen utanfor randsona (jfr. pkt. VI.1.) med dei avgrensingar som følgjer av, eller har heimel i, lov om skogbruk og skogvern.
4.Motorisert ferdsel på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogsdrift og utkøyring av felt storvilt.
5.Motorisert tømmertransport over myra når marka er frosen og snødekt.
6.Beiting.
7.Bygging og vedlikehald av kraftline (132 kv) gjennom området.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta set til det kan gje løyve til

1.Å iverksetje tiltak med sikte på å byggje opp og ta vare på ei stabil og variert randsone rundt myra. Forvaltningsstyresmakta vil fastsetje breidda på denne sona. Randsona ligg innafor reservatgrensa.
2.Skoghygieniske tiltak i sona rundt myra som er omtalt under pkt. 1 og på fastmarksøyer i myra.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta set til det, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje verneføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle, dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Aust-Agder.

X

Den makt Kongen har etter samme lovs § 10 til å fastsetja nærare reglar om området og skjøtselen av det, etter § 21 om merking av fredningar m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unntak frå vernereglane vert overført til Miljøverndepartementet.

XI

Desse forskriftene trer i kraft straks.