Forskrift om forvaltningsreglar for Ulveraker jaktsameige, Sveio kommune, Hordaland.

DatoFOR-1987-03-11-206
PublisertII 1987 s 103
Ikrafttredelse14.05.1987
Sist endret
Endrer
Gjelder forSveio kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§29
Kunngjort
KorttittelForskrift om jaktsameige, Sveio

Desse forvaltningsreglane vart vedtekne i møte 9. oktober 1986 på Ørevik skule. Vidare vart dei godkjende av Direktoratet for naturforvaltning 11. mars 1987 i medhald av viltlova § 29, 2. ledd.

1.Jakttilhøva i fjellutmarka på Ulveraker g.nr. 14 i Sveio er regulert ved jordskiftedom i sak 9/73 avslutta 17. desember 1979. Sjå side 29 Ymse punkt 4. Styret skal forvalta jaktutøvinga i samsvar med det som er fastsett på årsmøtet.
2.Styret består av 5 medlem som vert valde blant dei som har jaktrett etter punkt 10. Styret vel sjølv nestleiar, skrivar og kasserar. Styret skal:
-senda dei naudsynlege søknader til viltnemnda med formannen som valdansvarleg.
-stå for utdeling av utbyttet. Sjå punkt 10.
-koma med uttale om det skal drivast jakt som skal leggjast fram for årsmøtet.
-utarbeida planar for jaktforvaltning som skal leggjast fram for årsmøtet.
-sjå etter at jakta vert driven etter gjeldande reglar.
-dersom brot på reglar, skal styret stå for anmelding. Styret skal veljast for eit år om gongen. Den som har vore i styret i ein periode, kan nekta attval.

For at eit styrevedtak er gyldig, må det ha tilslutning av minst halvparten av styremedlema. Formannen har dobbelrøyst dersom stemmetalet er likt. Styret skal føra protokoll over møta og vedtaka sine.

3.Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgongen av mars, eller når minst halvparten av verdiinteressene krev det. Sjå punkt 10.

Årsmøtet skal:

-velja formann.
-velja resten av styremedlema.
-velja personlege varamenn for styret.
-avgjera om det skal drivast jakt.
-avgjera kven som skal jakta.

Årsmøtet er det høgaste organ.

Årsmøtet skal kunngjerast med minst 14 dagars varsel.

Kunngjering skjer ved brev og plakat i bygda. Ved val og avstemming på årsmøtet reknast røystene etter storleiken av vedkommande sin andel, sjå punkt 10. Dersom likt røystetal, gjer møteleiaren si røyst utslaget. Møteleiar skal veljast av årsmøtet for kvart møte.

4.Kvar av eigarane røyster etter den verdien dei har.

Fordeling av verdien står i utskiftningsforretning i Sunnhordaland jordskifterett sak 9/73 for Ulveraker g.nr. 14 i Sveio kommune side 29, under Ymse punkt 4. Verdigrunnlaget er gitt i punkt 10.

5.Fordeling av utbytte skjer etter den verdien dei ulike eigarane har. Fordeling av verdien står i utskiftningsforretning i Sunnhordaland jordskifterett sak 9/73 Ulveraker g.nr. 14 i Sveio kommune side 29, under Ymse punkt 4. Verdigrunnlaget er gitt i punkt 10.
6.Fordeling av utgifter skjer etter den verdien dei ulike eigarane har. Fordeling av verdien står i utskiftningsforretning i Sunnhordaland jordskifterett sak 9/73 for Ulveraker g.nr. 14 i Sveio kommune side 29, under Ymse punkt 4. Verdigrunnlaget er gitt i punkt 10.
7.Dersom ein skal endra vedtektene, må framlegg om dette vera styret i hende innan utgongen av februar månad. Endring av vedtekter skjer på årsmøtet og må ha 2/3 fleirtal for å verta godteke. Dessutan skal Direktoratet for naturforvaltning godta dei.
8.Oppløysing av laget. Dersom det kjem framlegg om oppløysing av grunneigarlaget, skal framlegget handsamast på to påfølgjande årsmøte. Framlegget må vera styret i hende seinast 31. desember.

Minst halvparten av verdiinteressene må vera tilstades. Møter ikkje halvparten på siste årsmøte, kan framlegget vedtakast på nytt årsmøte med simpelt fleirtal mellom dei som er møtt fram.

Før oppløysinga må alle leigetilhøve vera avvikla, og alle plikter og utgifter dekka.

Ved oppløysing tilfell laget sine eigenlutar medlema etter verdi.

9.Tvistar. Alle tvistar mellom laget og laget sine medlem eller mellom medlem innbyrdes i høve desse vedtekter, skal avgjerast av ein valdgiftsrett på 3 medlem. Av desse vel partane eitt medlem kvar. Formannen vert oppnemd av sorenskrivaren i Sunnhordaland.
10.Ulveraker grunneigarlag har denne verdifordelinga:

bruk 1 og 20 Reidar Lie 8,5%

bruk 3 Bernt B. Vihovde 7,7%

bruk 4 Sigmund Skar 8,3%

bruk 5 Ola Frøkedal 15,8%

bruk 6 og 23 Torger Espevoll 10,7%

bruk 7 Martin G. Haugland 19,3%

bruk 8 Ingolf Trå 13,3%

bruk 9 Nikolai Lie 0,9%

bruk 10 Kristian Ulveraker 5,6%

bruk 11 Johannes Ulveraker 0,6%

bruk 12 Magne M. Haugland 0,6%

bruk 15 Leif P. Ulveraker 8,2%

bruk 26 og 27 Jacob Vihovde 0,4%