Forskrift om vern for Eggholmen naturreservat, Fitjar kommune, Hordaland.

DatoFOR-1987-04-03-260
PublisertII 1987 s 147
Ikrafttredelse03.04.1987
Sist endretFOR-2005-10-07-1147
Endrer
Gjelder forFitjar kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Fitjar

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 3. april 1987. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 7 okt 2005 nr. 1147.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er øya Eggholmen, med kringliggjande sjøareal ut til ein avstand av ca. 50 m frå strandlina i Fitjar kommune i Hordaland fylke, verna som naturreservat ved kgl.res. av 3. april 1987 under namnet Eggholmen naturreservat.

II

Det verna området femner om følgjande gnr./bnr.: 24/1, 2.

Reservatet dekkjer eit areal på 250 dekar der 152 dekar er landareal.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5.000 datert Miljøverndepartementet november 1984. Kartet og vernereglane finst i Fitjar kommune, hos fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka der dei går over land og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytta til området.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging, med unnatak for punkta V og VI. Nye plantearter må ikkje innførast.
2.Alt vilt inkludert sjøpattedyr, deira hi, reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig uroing, jfr. viltloven § 3.

Jakt, fangst, bruk av skytevåpen samt slepp av hundar er forbode i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 9. september eller til lengre tid fastsett i medhald av viltloven.

Utsetting av vilt er ikkje tillatt.

For øvrig gjeld reglar og føresegner i viltloven.

3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan forandre dei naturgitte tilhøva, så som oppføring av bygningar, brygger, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, utfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførslar, opplagring av avfall eller bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje utfyllande.

4.I tida f.o.m. 15. april t.o.m. 31. juli er det forbod mot ilandstiging og ferdsel på holmar og skjer i ei sone ut til 50 m frå land, hvis ikkje anna grense er markert. Dette forbodet gjeld og lågflyging under 300 m.

Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering, er forbode.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, sikrings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd
2.tradisjonell beiting og naudsynt ferdsel i samband med denne
3.sanking av bær og sopp utanom ferdselsforbodstida
4.vedlikehald av eksisterande bygningar og brygger
5.ferdsel i samband med fiske for manntalsførte yrkesfiskarar med fiskeregistrerte båtar, og utøvarar av gjeldande fiskerettar i tida med ferdselsforbod.
6.hausting av tare med trål eller annen mekanisk reiskap og naudsynt ferdsel i samband med denne.
0Endra ved forskrift 7 okt 2005 nr. 1147.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gje løyve til felling av vilt som gjer vesentleg skade og verkar mot føremålet med vernet.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføra skjøtselstiltak i samsvar med føremålet for vern. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalda retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, samt for vitskaplege granskingar, arbeid som er særs samfunnsgagnleg, og i særleg høve, dersom det ikkje strir imot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Den makt Kongen har etter samme lovs § 10 til å fastsetja nærare reglar om området og skjøtselen av det, etter § 21 om merking m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unnatak frå reglane, vert overført til Miljøverndepartementet.

XI

Desse reglane trer i kraft straks.