Forskrift om vern for Fluøyane med Fluøyskjeret, Lyngøy, Veesøyane og Terneskjeret naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland.

DatoFOR-1987-04-03-263
PublisertII 1987 s 153
Ikrafttredelse03.04.1987
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysnes kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Tysnes

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 3. april 1987. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er øygruppa Fluøyane og Fluøyskjera, Lyngøy og Gullstoveskjeret, Store og Lille Veesøy samt Terneskjeret med kringliggjande sjøareal ut til ein avstand av ca. 50 m frå strandlina i Tysnes kommune i Hordaland fylke, verna som naturreservat ved kgl.res. av 3. april 1987 under namnet Fluøyane med Fluøyskjeret, Lyngøy, Veesøyane og Terneskjeret naturreservat.

II

Det verna området femner om følgjande gnr./bnr.: 88/1, 2, 3, 4, 6, 7, 8 og 89/1, 2, 3, 4 og 90/1, 2, 3 og 100/1, 3, 33.

Reservatet dekkjer eit areal på 550 dekar der 244 dekar er landareal.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5.000 datert Miljøverndepartementet november 1984. Kartet og vernereglane finst i Tysnes kommune, hos fylkesmannen i Hordaland og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka der dei går over land og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet med vernet er å sikre best mogelege vilkår for sjøfuglane i området samt å ta vare på ein viktig hekkelokalitet med dei plante- og dyrearter som naturleg er knytta til området.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging, med unnatak for punkta V og VI. Nye plantearter må ikkje innførast.
2.Alt vilt inkludert sjøpattedyr, deira hi, reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig uroing, jfr. viltloven § 3.

Jakt, fangst, bruk av skytevåpen samt slepp av hundar er forbode i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 9. september eller til lengre tid fastsett i medhald av viltloven.

Utsetting av vilt er ikkje tillatt.

For øvrig gjeld reglar og føresegner i viltloven.

3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan forandre dei naturgitte tilhøva, så som oppføring av bygningar, brygger, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, utfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførslar, opplagring av avfall eller bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje utfyllande.

4.I tida f.o.m. 15. april t.o.m. 31. juli er det forbod mot ilandstiging og ferdsel på holmar og skjer i ei sone ut til 50 m frå land, hvis ikkje anna grense er markert. Dette forbodet gjeld og lågflyging under 300 m.

Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering, er forbode.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, sikrings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd
2.tradisjonell beiting og naudsynt ferdsel i samband med denne
3.sanking av bær og sopp utanom ferdselsforbodstida
4.vedlikehald av eksisterande bygningar og brygger
5.ferdsel i samband med fiske for manntalsførte yrkesfiskarar med fiskeregistrerte båtar, og utøvarar av gjeldande fiskerettar i tida med ferdselsforbod
6.ferdsel på Vestre Fluøy og søraustre del av Store Veesøy i tida med ferdselsforbod, jf. skravering på vedlagte kart
7.hogst av ved på Veesøyane i tida frå 1. august til 15. april
8.å gjødsle beitemarken på Lyngøy og Fluøyane. Fylkesmannen kan avgrense gjødslinga både i mengd og areal dersom gjødslinga verkar negativt for sjøfuglane.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gje løyve til felling av vilt som gjer vesentleg skade og verkar mot føremålet med vernet.

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til overflatedyrking av beitemarka på Lyngøy og uttak av skjelsand på Fluøysundet.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføra skjøtselstiltak i samsvar med føremålet for vern. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalda retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, samt for vitskaplege granskingar, arbeid som er særs samfunnsgagnleg, og i særleg høve, dersom det ikkje strir imot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Den makt Kongen har etter samme lovs § 10 til å fastsetja nærare reglar om området og skjøtselen av det, etter § 21 om merking m.v., etter § 22 om regulering av ferdsel og etter § 23 til å gjere unnatak frå reglane, vert overført til Miljøverndepartementet.

XI

Desse reglane trer i kraft straks.