Forskrift om vern av Trollheimen landskapsvernområde, Rindal, Surnadal og Sunndal kommunar, Møre og Romsdal, Oppdal, Rennebu og Meldal kommunar, Sør-Trøndelag.

DatoFOR-1987-12-11-1066
PublisertII 1987 s 495
Ikrafttredelse11.12.1987
Sist endretFOR-1999-12-17-1447
Endrer
Gjelder forRindal, Surnadal og Sunndal kommunar, Møre og Romsdal, Oppdal, Rennebu og Meldal kommunar, Sør-Trøndelag
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Trollheimen landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl. res. av 11. desember 1987. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret 17 des 1999 nr. 1447.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, §§ 5, 6, 13, 21 og 23 er eit område i Trollheimen i Rindal, Surnadal og Sunndal kommunar i Møre og Romsdal fylke og i Oppdal, Rennebu og Meldal kommunar i Sør-Trøndelag fylke lagt ut til landskapsvernområde ved kgl.res. av 11. desember 1987 under namnet Trollheimen landskapsvernområde.

II. Grenser

Det freda området omfattar heile eller delar av følgjande gnr./bnr.:

Rindal kommune: 1/1; 1/2; 1/3; 1/4; 1/5; 1/6; 1/7; 4/13; 4/14; 4/15; 4/16; 6/1; 6/3; 7/1; 7/2; 12/1; 12/14; 12/15; 13/3; 67 (Bolme felleseige); 67/1; 67/2; 67/4; 67/14; 67/29; 67/44; 67/81; 67/84.

Surnadal kommune:1 16/4 + 8; 16/5; 16/8; 16/10, 11; 16/12; 16/13; 16/14; 16/18; 16/19; 16/21; 16/23; 16/25; 16/32; 16/41; 16/44; 16/47; 16/48; 17; 17/2; 17/3; 17/4; 17/5; 17/6; 17/7; 17/8; 17/8; 17/9; 17/10; 17/11; 17/12; 17/13; 17/14; 17/15; 17/16; 17/17; 17/20; 17/21, 22; 17/23; 17/24; 17/25; 17/28; 43/7, 8; 43/1; 43/2; 43/3; 43/4; 43/5; 43/6; 43/7; 43/8; 43/9; 43/10; 43/11; 43/12; 43/13; 43/14; 43/15; 43/16; 43/17; 43/18; 43/19; 43/21; 43/22; 43/24; 43/25; 43/26; 43/27; 43/28; 43/29; 43/30; 43/31; 43/32; 43/33; 43/34; 43/35; 43/37; 43/38; 43/39; 43/40; 47/1; 47/3; 47/6; 47/7; 47/8; 47/11; 47/14; 47/19; 47/21; 47/22; 47/28; 47/29; 47/32; 47/40; 47/42; 47/43; 47/44; 137/1; 137/2; 137/3; 137/3; 137/4; 138/1; 138/3; 139; 139/2; 139/1 + 8; 139/3; 139/4; 139/5; 140/1; 140/4; 140/6; 141/1;

Sunndal kommune: 4/1; 4/2; 4/4; 6/1; 20/1; 21/1; 21/2; 21/4; 25/2; 26/2; 28/1; 29/1;29/2; 29/4; 30/1; 32/1; 32/2; 33/1; 33/2; 34/1,2; 37/1; 37/2; 37/3; 37/6; 37/8; 37/9; 37/15; 40/1; 40/2; 40/3; 51/29; 51/31; 91/1; 91/74; 102/1; 102/2; 103/1; 103/4; 103/6; 104/1; 104/6; 104/7;

Oppdal kommune: 155/1; 156/1 (Storli sameie); 183/1; 187/1; 188/1; 189/1; 191/1; 191/9; 193/1; 193/8; 197/1; 199/1; 203/1; 203/2; 204/6; 205/2; 205/4; 206/1, 3; 207/1; 208/1; 209/1; 210/1; 211/1; 211/2; 219/1; 220/1; 220/2; 220/3; 224/7; 225/1; 226/1; 229/1; 231/4; 232/1; 236/1; 237/1; 242/1; 244/2; 245/1; 246/1; 247/1; 248/1; 249/1; 251/1; 252/8; 253/1, 2; 257/1; 259/1; 159/3; 262/1; 262/3; 263/1; 265/1; 334/1, 3; 334/2; 334/4.

Rennebu kommune: 10/1; 13/2; 13/11; 15/2; 15/3; 15/4; 15/10, 15; 21/1; 21/4; 21/5; 21/15; 21/40; 21/49; 21/50; 21/51; 21/54; 21/57; 32/1; 37/1; 38/1; 38/4, 6; 39/1; 128/1; 140/1; 140/2; 141/1; 143/1, 2; 144/1; 144/3; 150/8; 152/7.

Meldal kommune: 110/6; 111/1; 113/1; 113/2; 115/1; 115/3; 116/2; 118/1; 127/6; 132/3; 139/6; 140/4.

Det verna arealet er omlag 1165 km².

Grensene for landskapsvernområde er teikna inn på kart i målestokk 1:50.000. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i dei berørte kommunane, hjå fylkesmannen i Møre og Romsdal, og i Sør-Trøndelag, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast opp i marka etter nærare tilvisning frå forvaltningsstyresmakta.

Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 17 des 1999 nr. 1447.
1Se forskrift 17 des 1999 nr. 1447 om fredning av Svartåmoen naturreservat, Surnadal.

III. Føremålet.

Føremålet med vern av Trollheimen landskapsvernområde er å ta vare på eit særmerkt og vakkert fjellområde med skog og seterdalar og eit rikt plante- og dyreliv.

VI. Vernereglar.

1. Landskapet
1.1 Alle inngrep som vesentlig kan endra karakteren til landskapet er forbodne. Dette gjeld til dømes
a)Oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, lausbryting og fjerning av stein, mineral eller fossilar, bergverksdrift, vassdragsregulering, og sprøyting med kjemiske midlar mot lauvtreoppslag. Opplistinga er ikkje fullstendig.
b)Oppdyrking eller endring i samansetnaden av treslag ved skogkultur.
c)Snauhogst dersom kvar hogstflate er større enn 5 daa. Ny skog skal komme naturleg, men furu kan likevel plantast.
d)Felling av særmerkte og dekorative tre, gaddar og daude tre elles som er med på å prega landskapet.
1.2 Reglane i 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar, vegar og anlegg, også slike som trengst til drifta av kraftverk.
b)Oppattnying av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade. Bygningsrådet skal i slike høve gje forvaltningsstyresmakta melding om søknad om byggjeløyve. Forvaltningsstyresmakta kan setja vilkår for utforminga av bygningane.
c)Utbygging av Småvoll kraftverk utan regulering av Kråkvatnet. (Småvoll Alt. B, jf. St.meld. nr. 53 1986-87).
1.3 Unntak etter søknad.

Når verksemda kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet kan forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til:

a)Nydyrking og oppføring av nye seteranlegg og framføring av jordbruksveg, kraftline og teleline/telekabel der det er naudsynt.
b)Snauhogst av flater større enn 5 daa, bygging av vegar for skogsdrift og andre tiltak i samband med skogbruksverksemd når det er naudsynt og det kan skje utan vesentleg terrenginngrep.
c)Oppføring av bygningar, gjerde og andre anlegg i samband med reindrift.
d)Bygging og fornying av turisthytter og anlegg for friluftslivet.
e)Opparbeiding av nye turistleier og løyper.
2. Plantelivet.

Planter og plantesamfunn over skoggrensa som er sjeldne i den norske fjellheimen er freda mot all slags skade og øydeleggjing som ikkje følgjer av landbruk, reindrift eller vanleg aktsam ferdsel. Nye viltveksande planteartar må ikkje innførast.

3. Dyrelivet.
3.1 Dyrelivet i landskapsvernområdet vert regulert av viltlova og lov om laksefiske og innlandsfiske, med forskrifter. Jakt og fiske kan drivast i samsvar med dei lover og reglar som til ei kvar tid gjeld.
4. Militær operativ verksemd og andre offentlige tiltak.

Vernereglane er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsversksemd.

5. Motorisert ferdsel
5.1 Motorisert ferdsel er forbode, likeeins lågtflyging og landing med fly eller helikopter.
5.2. Unnateke frå reglane i 5.1 er:
a)Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd.
b)Motorferdsel i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
c)Køyring på Heldals- og Jøldalsvegane inn til Heldalen og parkeringsplassen på Jølhaugen.
d)Bruk av snøscooter, merka med skilt utstedt av reindriftsagronomen i Sør-Trøndelag/Hedmark, på vinterføre for utøving av reindrift.
5.3 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Transport som trengst i samband med jordbruk og beitebruk, til dømes frakting av fôr, gjødsel, ved eller hogstvirke, og til framkøyring av felt storvilt.
b)Transport på berr mark for frakting av material til oppføring og vedlikehald av anlegg som er naudsynte i reindriftsnæringa.
c)Transport av varer til turisthyttene og naudsynt transport i samband med bygging og fornying av turisthytter og anlegg for friluftslivet.
d)Transport som trengst ved tilsyn av kraftanlegg.
e)Frakting av materialer og tyngre utstyr (båtar e.a.) til fritidshus, buer og naust.
f)Motorferdsel når andre særlege grunnar ligg føre. Før eit løyve i tilfelle vert gjeve, skal trongen haldast opp mot mogelege skader og ulemper og vurderast i høve til eit mål om å redusera motorferdsla til eit minimum.
6. Unntak i særskilde høve.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle tilfelle, når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

7. Skjøtsel.

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtseltiltak for å fremja føremålet med vernet. Det kan utarbeidast skjøtselplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

8. Forvaltning.

Forvaltninga av vernereglane vert lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkesmannen i Sør-Trøndelag, kvar innanfor sitt fylke.

Det skal nemnast opp eit samarbeidsutval for området med ein representant for kvar av kommunane og dei to fylkeskommunane.

Departementet fastset kven som skal ha sekretariatet for samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet skal haldast underretta om forvaltninga i verneområdet, og har uttalerett i større, prinsipielle eller vanskelege saker. Det kan be om at det blir utarbeidd skjøtselsplan for området, og skal generelt følgja opp utviklinga og sjå til at den er i samsvar med verneføremålet.

Forvaltningsstyresmakta kan i saker etter pkt. 5.3 a og e delegera til dei som har det daglege oppsynet å ta avgjerd etter nærare retningsliner.

V. Ikrafttreding.

Desse reglane trer i kraft straks.