Forskrift om vern av Storevik naturreservat med tilgrensande dyrelivsfreding, Sande kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-380
PublisertII 1988 s 201
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forSande kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Sande

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jf § 10 og § 21, § 22 og § 23 er eit vætmarksområde ved Voren i Sande kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Storevika naturreservat.

I medhald av same lov § 14, jf §§ 21 og 23 er det oppretta eit tilgrensande område med dyrelivsfreding ved Voksaholmane.

II

Reservatet berører følgjande gnr/bnr:

64/1, 2, 3, 4, 5; 65/1, 2, 3; 66/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8; 67/1, 3, 4, 5, 6; 68/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 15.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 342 dekar, av dette ca 137 dekar sjøareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000 og 1:20.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Sande kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

Utsetjing av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

5.For området med dyrelivsfreding gjeld følgjande forskrifter, jf V, 8 og VI, 1.:

Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar, er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått og beiting.
3.Uttak av sand til eige bruk.
4.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
5.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
7.Motorferdsel til bruk i næringsføremål.
8.Jakt på villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade, i samsvar med reglar og forskrifter i viltlova.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket, fjerning av giftplantar.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg, oppføring av gjerde m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan fastsetje nærare reglar for ferdselen i området, dersom det er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.

IX

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

X

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

XI

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.