Forskrift om vern av Flø fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Ulstein kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-384
PublisertII 1988 s 210
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endretFOR-2010-05-28-883 fra 01.08.2010
Endrer
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§14og§9, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Ulstein

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 28 mai 2010 nr. 883 (i kraft 1 aug 2010).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23 er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø ved Flø i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, freda ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Flø fuglefredingsområde.

I medhald av same lov § 14, jf §§ 21 og 23 er det oppretta eit tilgrensande område med dyrelivsfreding.

II

Fuglefredingsområdet vedkjem gnr./bnr. 3/2, 3/3, 3/4, 3/5, 3/6, 4/1, 4/2 og 4/3 i Ulstein kommune, Møre og Romsdal.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på omlag 817 dekar, av dette er omlag 780 dekar sjøareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:40 000, datert Miljøverndepartementet mars 2010. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Ulstein kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fredingsområdet skal avmerkast i marka der dei går over land. Knekkpunkta for grensene for fredingsområdet skal koordinatfestas.

0Endra med forskrift 28 mai 2010 nr. 883 (i kraft 1 aug 2010).

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde særleg med tanke på fuglane og deira livsmiljø.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf punkta V - VI:

1.Vegetasjon som er av verdi som livsmiljø for fuglar, er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art, t.d. tangskjering og taretråling.
2.Fuglar, under dette også reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig forstyrring (jfr § 3 i viltlova). Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og å sleppe laus hund er forbode i fuglefredingsområdet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate. Elles gjeld viltlova sine føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, her under drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.For området med dyrelivsfreding gjeld følgjande forskrifter, jf V, 5 og VI, 1.:

Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift som pågår i og inntil områda.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jordbruksareal.
4.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
5.Jakt på villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.