Forskrift om vern av Djupvikvatnet-Kringlevatnet naturreservat med tilgrensande dyrelivsfreding, Sula kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-387
PublisertII 1988 s 216
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forSula kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Sula

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og § 21, § 22 og § 23 er eit våtmarksområde ved Djupvikvatnet, Storevatnet og Kringlevatnet i Sula kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Djupvikvatnet-Kringlevatnet naturreservat.

I medhald av same lov § 14, jf §§ 21 og 23 er det i eit tilgrensande område oppretta dyrelivsfreding.

II

Naturreservatet berører følgjande gnr/bnr:

74/1, 2, 3, 4, 5, 10, 11, 44, 91; 75/1, 2, 4, 6, 10, 15, 23, 35, 46; 77/3; 78/1, 2; 79/1, 2, 16; 80/1, 8; 81/1; 82/1, 2; 83/1; 84/1; 85/1, 2; 86/1, 2, 3; 87/1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 72; 88/3.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 518 dekar.

I tilknyting til reservatet er det og oppretta eit område med dyrelivsfreding.

Grensene for reservatet og området med dyrelivsfreding går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Sula kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

Utsetjing av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Bruk av seglbrett er forbode.

Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

I tida frå og med 1. april til og med 31. september er all ferdsel i Djupviklitlevatnet med sivsoner, forbode.

5.For området med dyrelivsfreding gjeld følgjande forskrift, jf V 8 og VI 1:

Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar, er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Beiting, slått og anna etablert jordbruksdrift i eller inntil det freda området.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
5.Sanking av bær og matsopp.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
7.Motorferdsel til bruk i næringsføremål.
8.Jakt på hjortedyr og villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.
9.Vedlikehald av eksisterande teleliner/kablar.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket, fjerning av giftplantar.
4.Kontrollert uttynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Hogst av ved til eige bruk, uttak av hogstmoden skog.
6.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg, oppføring av gjerde m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.