Forskrift om vern av Løvsøyrevet fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Haram kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-396
PublisertII 1988 s 236
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endretFOR-1988-10-28-1193.
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§14og§9, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Haram

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret 28. oktober 1988 nr. 1193.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23 er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i to område ved Løvsøyrevet i Haram kommune, Møre og Romsdal fylke, freda ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Løvsøyrevet fuglefredingsområde.

I medhald av same lov § 14, jf §§ 21 og 23 er det oppretta eit tilgrensande område med dyrelivsfreding.

II

Fredinga gjeld følgjande delområde

1.Lausund fuglefredingsområde

Dette området omfattar følgjande gnr/bnr:

20/1, 2, 3, 6, 7, 8, 11, 16, 17, 20; 21/1, 2.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på ca 1.700 dekar.

2.Gamlesundet fuglefredingsområde

Dette området omfattar følgjande gnr/bnr:

176/17, 19, 21; 177/1, 2, 3, 4, 18; 180/1, 4, 7.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på ca 670 dekar.

I tilknyting til fuglefredingsområdet er det oppretta eit område med dyrelivsfreding.

Grensene for fuglefredingsområdet og for området med dyrelivsfreding går fram av kart i målestokk 1:5.000 og 1:20.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Haram kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med sitt livsmiljø, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande føresegner, jf punkta V - VI:

1.Vegetasjon som er av verdi som livsmiljø for fuglar, er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art.
2.Fuglar, under dette også reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig forstyrring (jfr § 3 i viltlova). Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og å sleppe laus hund er forbode i fuglefredingsområdet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate. Elles gjeld viltlova sine føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, her under drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.For området med dyrelivsfreding gjeld følgjande forskrift, jf V, 7 og VI, 1:

Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i og inntil dei freda områda.
3.Uttak av sand til eige bruk.
4.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jordbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
5.Bygging av fastlandssamband over Løvsøyrevet.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
7.Jakt på villmink og hjortedyr i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Plassering av rydningsstein i strandsona.
4.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket, giftplantar (også bruk av sprøytemiddel).
5.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.