Forskrift om vern av Smågevatnet naturreservat, Aukra kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-404
PublisertII 1988 s 253
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endretFOR-2016-08-18-989
Endrer
Gjelder forAukra kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Aukra

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrift 18. aug 2016 nr. 989.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og § 21, § 22 og § 23 er eit våtmarksområde ved Småge i Aukra kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Smågevatnet naturreservat.

II

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr.: 4/1, 3, 4, 37, 83 i Aukra kommune.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 1 099 dekar, av dette er ca. 368 dekar sjøareal.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Aukra kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endret ved forskrift 18. aug 2016 nr. 989.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

Utsetjing av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Bruk av seglbrett er forbode.

Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

I tida frå og med 1. april til og med 31. august er ferdsel i dei vegetasjonsdekte områda i Smågevatnet forbode, jf avgrensing på kart.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Beiting.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Sanking av bær og matsopp.
5.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
6.Motorferdsel til bruk i næringsføremål.
7.Jakt på villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg, oppføring av gjerde m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.