Forskrift om vern av Røabukta fuglefredingsområde, Aukra kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-405
PublisertII 1988 s 255
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forAukra kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§14og§9, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Aukra

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23 er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit område ved Oterhals i Aukra kommune, Møre og Romsdal fylke, freda ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Røabukta fuglefredingsområde.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr/bnr:

6/1, 4, 5, 7, 8, 9, 11, 15, 16, 25, 28, 32, 39, 42; 8/2, 6.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på ca 1.916 dekar, av dette ca 1.808 dekar sjøareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Aukra kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med sitt livsmiljø, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For fuglefredingsområda gjeld følgjande føresegner, jf punkta V - VI:

1.Vegetasjon som er av verdi som livsmiljø for fuglar, er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art, t.d. tangskjering og taretråling.
2.Fuglar, under dette også reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig forstyrring (jfr § 3 i viltlova). Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og å sleppe laus hund er forbode i fuglefredingsområdet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate. Elles gjeld viltlova med forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, her under drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m, er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i eller inntil det freda området.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Uttak av sand til eige bruk.
5.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
6.Motorferdsel til lands i næringsføremål.
7.Jakt på villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan fastsetje nærare reglar for ferdselen i området, dersom det er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.

IX

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

X

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

XI

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.